Sverige utveksla fanger med Iran: – Dei har opplevd helvete på jord

1 month ago 16



Sverige og Iran har gjort ei fangeutveksling, seier den svenske statsministeren Ulf Kristersson under ei pressekonferanse laurdag.

Svenske Johan Floderus og iranske Saeed Azizi vert utveksla mot iranske Hamid Noury, som har vore dømd til livstid i Sverige for krigsbrotsverk i Iran.

Avtalen var eit dilemma

Under ei pressekonferanse laurdag seier Ulf Kristersson at fangeutvekslinga var ei vanskeleg avgjerd for regjeringa.

Dei har måtte ta stilling til om dei skulle forhandla med Iran for å redda uskuldig fengsla svenskar for mogleg dødsdom i iransk fengsel, mot å lauslate ein iranar som er dømd til livstid i Sverige.

– Det har vore eit dilemma, men det er ei sjølvsagt avgjerd, seier Kristersson.

Den svenske statsministeren seier både Floderus og Azizi har vore fengsla som brikker i eit spel for å få Hamid Noury tilbake til Iran.

Kristersson vil enno ikkje seia meir om Noury enno, anna enn at regjeringa skal koma tilbake til kvifor dei valde å lauslata han.

Helvete på jord

Kristersson kunne under pressekonferansen fortelja at Floderus og Azizi no sit trygt på eit fly på veg heim til Sverige.

Statsministeren ber om ro for dei to mennene når dei kjem heim.

EU-diplomat Johan Floderus i rettsalen i Teheran i januar 2024.

I desember 2023 starta rettssaka mot Floderus i Iran.

Foto: Koosha Mahshid Falahi / Mizan News Agency/AFP

– Dei har opplevd helvete på jord. No ber eg alle, både media og medborgarar, om å respektera deira behov for ro. La dei sjølve bestemma om og når dei vil fortelja sine historier, seier Kristersson.

Fengsla i 271 dagar

EU-tenestemann og diplomat Johan Floderus (33) vart arrestert i Iran for to år sidan, og har vore halde fanga der fram til no.

Han vart pågripen medan han var på ferie med vener.

Johan Floderus på facetime

Johan måtte sveltestreika i fengselet fleire gongar, for å tvinga iranske myndigheiter til å la han snakka med familien sin.

Foto: Privat

Floderus vart skulda for spionasje og for å ha tilknyting til den israelske sikkerheitstenesta Mossad. Dette vart avvist av svenske myndigheiter og EU.

Saaed Azizi (61) vart arrestert i Iran i fjor. Ifølge regjeringa i Sverige vart han arrestert på uriktig grunnlag. SVT skriv at det er usikkert kva han er dømt for.

Livstidsdømd vert lauslaten

Den iranske tenestemannen Hamid Noury vart dømd til livsvarig fengsel i Stockholm tingrett i 2022 for krigsbrotsverk.

Han vart funnen skuldig i tortur og drap på politiske fangar i det iranske Gohardasht-fengselet.

Under rettssaka la svenske etterforskarar fram namn på 110 drapsoffer som dei meinte kunne knytast til Noury. Drapa skal ha skjedd mellom 30. juli og 16. august 1988.

Noury hevdar på si side at svensk politi har tatt feil mann. I retten hevda han at han jobba for eit anna fengsel.

No får den lauslatne byråkraten reisa heim til Iran.

Programleiar Eline Buvarp Aardal.

Publisert 15.06.2024, kl. 15.24 Oppdatert 15.06.2024, kl. 15.26

Read Entire Article