Striden om Walk of Fame-stjerne til milliardær blir politisk sak

1 month ago 20



Bergen Walk of Fame har blitt eit stridstema mellom dei sju fjell.

Trøbbelet starta då mangemilliardær og austlandsfødte John Fredriksen fekk si eiga stjerne på fortauet i Nøstegaten i Bergen sentrum søndag 21. juli.

At ein riking busett i utlandet har fått plass blant bergenske og nokre internasjonale kulturpersonlegdomar, har skapt store protestar.

Skodespelarlegende Helge Jordal teipa over si eiga stjerne i protest.

Helge Jordal teipet over navnet sitt.

Skodespelar Helge Jordal teipa over namnet sitt i protest. Teipen er no borte.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Tidlegare NRK-profil Ole Torp gjekk i Bergensavisen ut mot å ære «søkkrike skatteflyktningar».

No varslar SV at dei vil ta saka opp i bystyret.

Eira Garrido, SV

Eira Garrido (SV) vil ta saka til bystyret.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

– Eg synest Walk of Fame no framstår tilfeldig i kven som eigentleg fortener å få tildelt ei stjerne, seier bystyremedlem Eira Garrido (SV).

Også byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) meiner at fleire burde vere med på å avgjere kven som skal heidrast.

– Kanskje det kan vere ei avstemming a la «Bergens Beste», og kanskje kan det bli laga nokre statuttar som gjer at vi får ei grei utveljing, seier Kahrs.

christine Kahrs

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) føreslår avstemming.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Initiativtakar Roger Iversen seier han er open for å gjere prosessen meir demokratisk, gjerne gjennom lokalpressa.

Han legg sjølv ned dei norskproduserte steinane i Nøstegaten.

– Målet er å hylle forbilde.

Finn ikkje skriftleg løyve: – Uheldig

Men korleis har Iversen eigentleg fått lov til å legge ned steinfliser med namn på offentlege fortau?

Kahrs seier kommunen ikkje har noko med prosjektet å gjere, anna enn at dei stiller opp på avdukingsseremoniar.

– Vi føreset at Iversen har søkt og følger lover og reglar, seier Kahrs.

Det er fylkeskommunen som eig fylkeskommunale vegar.

Men hjå fylket finn dei ingen dokumentasjon på at det er gitt noko løyve.

– Vi har ikkje innvilga det. Vi har ikkje noko skriftleg om dette. Det er uheldig. Vi har regelverk for det å gi løyve til reklame, graving og tiltak på veg, seier Geir Sverre Andreassen, ingeniør vegforvaltning i Vestland fylkeskommune.

Kan ha vore munnleg løyve

Initiativtakar Iversen har opplyst til NRK at han i si tid var i kontakt med det som den gong heitte Grøn etat i Bergen kommune.

Roy Roger Iversen, Bergen Vel

Roger Iversen står bak stiftinga Bergen Vel og Bergen Walk of Fame.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / Matilde Sunde Solsvik

– Den gang vi spurde Grøn etat om det, sa dei at så lenge vi ikkje skadar noko og legg ned hellene på same måte – så det er lett å ta opp att om ein skulle endre det – var det ikkje noko problem, den gong i alle fall, seier Iversen.

Til BT seier han at avtalen var munnleg, og at han ikkje hugsar kven han snakka med.

– I og med at kommunalt tilsette og politikarar frå heile spekteret har vore med på festen, har eg rekna med at alt var i orden, seier Iversen til avisa.

Kommunen finn ikkje noko dokumentasjon i arkivet sitt på nokon avtale eller løyve.

– Vi har ikkje greidd å finne ut at det eksisterer nokon avtale, seier Arvid Heggestad, avdelingsleiar i det som no heiter Bymiljøetaten, til NRK.

Ingen av dei han har fått kontakt med i etaten kjenner til om det er gitt munnleg løyve den gong kommunen hadde Grøn etat. Dessutan har leiaren i Grøn etat den gong har gått av med pensjon.

– Det er jo rart å gi løyve på munnleg basis viss ein skal gjere fysiske inngrep på offentleg veg. Det er enno meir rart at det heller ikkje er kommunal veg, men fylkesveg. Det er vegeigar som bestemmer over eigen veg, på same måte som du bestemmer i din eigen hage, seier Heggestad.

Bergen Walk of Fame

Roger Iversen på sin Walk of Fame.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / Matilde Sunde Solsvik

Varslar intern gjennomgang

Heller ikkje Statens vegvesen kjenner til nokon avtale om prosjektet.

– Enkeltpersonar, private føretak eller huseigarar kan ikkje fritt dekorere, frese ned eller endre ei offentleg gate, seier Frode Tufteland, byggeleiar i Statens vegvesen.

Fylket opplyser til NRK at dei har høve til å legge drift og vedlikehald av fortau på kommunen, men verken dei eller kommunen veit om det er gjort i dette tilfellet.

Kommunen overlèt til fylket å halde i saka vidare.

– Så bør ein kanskje formalisere det, om ein ønsker å fortsette med det, seier Heggestad.

Fylkeskommunen varslar ei intern gjennomgang på korleis dei skal handtere saka, når tilsette kjem tilbake frå ferie.

– Vi kan sjå på dette som ein form for reklame. Det er ikkje lov til å ta seg til rette på offentleg veg utan å ha løyve frå vegeigar til det. Ved denne type utsmykking er det mange ting å ta omsyn til, som universell utforming og om steinane blir glatte når det regnar, seier Andreassen.

– Har det noko å seie for fylkeskommunen korleis utveljinga av namn på steinane blir gjort?

– Gitt at vi seier at vi kan ha det her, tenker eg ein må ha eit regelverk og nokon må forvalte det, seier Andreassen.

Han legg til:

– Det kan vere vi tillèt at det held fram, men kanskje må det søkast før det blir gjort meir. Dette må komme i ordna former, seier han.

– Dumt med splid

Dei ordna formene bør fleire vere med på å skape, meiner SVs Eira Garrido.

Ho er kritisk til at det er eit lite utval person som bestemmer kven som blir heidra i det offentlege rom.

– Det er få som får namnet sitt enten på gater eller plassar. Noko så sjeldsynt bør ha demokratisk forankring, seier ho.

Roger Iversen synest det er dumt med splid.

– Det er ytringsfridom. Det er viktig å få seie det ein meiner, men personleg synest eg det er trist, seier Iversen.

Bergen Walk of Fame

Nesten 70 namn er nedfelt i Bergen Walk of Fame til no.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Han viser til eit tidlegare samarbeid der Bergensavisen samla inn forslag frå bergensarane og heldt avstemming om kven som skulle bli heidra.

– Det hadde vore fantastisk, for då slepp vi å ta i det i det heile. Då tek vi berre kostnaden, seier Iversen.

Samstundes vil han ikkje ta handa heilt vekk frå rattet.

– Nokon gongar må ein ta det endelege valet sjølv, spesielt når det gjeld dei eldre. Ved avstemming i avisa, stemmer mange ungdommar berre på dei yngre. Då er det utruleg viktig å bestemme at no får denne ei stjerne, seier Iversen.

Publisert 26.07.2024, kl. 15.13 Oppdatert 26.07.2024, kl. 15.20

Read Entire Article