Støre om fredsmøte: – Vår jobb er å sjå etter håp

1 month ago 19



– Det er eit møte utanom det vanlege, sidan mange land kjem saman for å dele erfaringar, slik at Ukraina kan stå sterkare, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

NRK møtte han utfor statsministerbustaden i Oslo før avreise til fredstoppmøtet om Ukraina-krigen i Sveits.

– Møtet er eit resultat av halvanna års arbeid med å forsøke å samle innspel og støtte til kva som må til for å få fred, seier han.

Vår jobb er å sjå etter håp og løysningar

Støre og leiarar frå over 90 land og organisasjonar møtes no høgt over Vierwaldstättersjøen ved Luzern i Sveits.

Fleire av verdas mektigaste leiarar glimrar med sitt fråvær. Verken Joe Biden, Vladimir Putin eller Xi Jinping kjem til møtet.

–Eg tolkar det som at Kina i mykje sterkare grad er ein støttespelar for Russland. Det er eit tungt ansvar dei tar på seg, seier han.

Forventingane om at møtet vil føre til eit betydeleg steg mot fred er låge, skriv BBC.

Statsminister Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre fotografert utfor statsministerbustaden før avreise til Sveits.

Foto: NRK

Forskar ved institutt for fredsforsking Kristian Berg Harpviken har følgt oppkøyringa til helgas møte.

Konferansen har utvikla seg frå å skulle bli det store gjennombrotet for Ukraina sine posisjonar i krigen, til at dei har kome «diplomatisk ganske på defensiven», fortel han.

– For Ukraina handlar det no på mange måtar om å redde stumpane, seier Harpviken.

At Kina ikkje sender ein delegasjon til konferansen er svært skuffande for Zelenskyj, fortel han.

– Kina sender ikkje ein gong ein representant frå ambassaden i Sveits.

For Ukraina er det viktig å få ei slutterklæring frå møtet, som viser at dei har brei internasjonal støtte, fortel Harpviken.

0fFB5XdnPm0

Bürgenstock Resort, hotellet møtet skal haldast på.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sveits og Ukraina har vore ueinige om Russland skulle få delta på møtet.

– Då Sveits sa ja til å huse møtet på slutten av fjoråret kravde dei at Ukraina skulle få russarane med inn i forhandlingsrommet.

Etter kvart gjekk Sveits med på at russarane ikkje skulle få delta på helgas møte, men at Ukraina skulle kome opp med ein «truverdig mekanisme» for å få Russland inn i prosessen på eit tidspunkt, fortel Harpviken.

– Det har eigentleg ikkje materialisert seg og viser kor vanskeleg dette er.

tdoR_IDtpV0

Med denne utsikta skal Støre møte Ukrainas president og andre statsleiarar for å diskutere korleis dei kan finne ei fredeleg løysning på Ukraina-krigen.

Foto: Sunday, June 16, 2024. (Urs Flueeler / AP

Noreg vil særleg jobbe med bortførte ukrainarar

Jonas Gahr Støre meiner møtet kan gje Ukraina større tryggleik, støtte og rammer for å førebu seg på krigens slutt.

Han presiserer at det ikkje er eit møte der deltakarlanda skal fatte avgjerder. Men at det kjem statsleiarar frå heile verda, som både vil støtte Ukraina, og dele erfaringar om korleis ein kan finne ei løysning på ei så komplisert konflikt.

Statsministeren fortel at Noreg særleg vil jobbe med korleis Ukraina kan få tilbake fleire tusen sivile som har blitt bortført til Russland.

– Deriblant barn, men også utveksling av krigsfangar, seier Støre.

Noreg har også engasjert seg i spørsmålet om korleis Ukraina kan oppnå betre energisikkerheit, skriv NTB.

På spørsmål om møtet er håplaust, sidan Russland ikkje deltar, svarar Støre at krig er håplaust.

– Og enormt øydeleggande. Vår jobb er å sjå etter håp og løysningar, seier Støre.

Stoler ikkje på Putin-forslag

I går kom Russlands president Vladimir Putin med sitt eige fredsforslag.

Han sa dei vil avslutte krigen om Ukraina overlèt fire russisk-okkuperte provinsar i Donbas til Russland og trekker tilbake søknaden om Nato-medlemskap.

Jonas Gahr Støre kallar Putin sitt forslag urimeleg.

– Putin speler det inn for å setje dagsorden for møtet, trur eg. Det er totalt urimelege krav, seier Støre.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj stoler ikkje på at Russland vil stoppe å krige, sjølv om desse krava blir møtt.

– Dette er et ultimatum som ikkje er annleis enn tidlegare bodskap derfrå, seier Zelenskyj.

Også Nato-sjef Jens Stoltenberg avviser forslaget, skriv NTB.

– Dette er ikkje et fredsforslag, men eit forslag som vil føre til endå meir okkupasjon av ukrainsk jord, seier Stoltenberg.

Publisert 15.06.2024, kl. 14.45

Read Entire Article