Stor Trump-måling: Nordmenn trur den nye presidenten påverkar verda negativt

1 day ago 5



NRK har ved hjelp av Norstat fått gjennomført ei undersøking etter valet om kva folk tenker om valet av Trump.

Nordmenn trur valet er negativt for både USA og oss i Noreg.

Men aller størst er uroa for korleis valet påverkar verdssituasjonen.

75 prosent trur valet av Trump påverkar verda negativt.

Sveip til høgre for å sjå tala.

På alle spørsmåla er det også ein god andel som svarar «veit ikkje».

Kva ville nordmenn stemt?

At Donald Trump vart valt til president med god margin i starten av november, gjer ikkje at nordmenn flokkar til han. Slik ville nordmenn stemt om dei fekk stemme no:

Norske menn er altså hakket meir positive til den påtroppande presidenten enn kvinner er.

Justine Eskild, 27 år

KAMALA! Justine Eskild (27) er ikkje i tvil.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg

Om berre norske kvinner skulle stemt i presidentvalet, hadde Trump måtta nøye seg med 5 % oppslutnad.

– Kamala Harris! Hundre prosent, seier Justine Eskild (27), ein av fleire unge vaksne som NRK treff i Førde.

– Å stemme på ein kandidat som er ein dømt forbrytar, rimar ikkje heilt i mitt hovud. Eg føler det forklarar litt seg sjølv. Harris talar meir mi sak.

Kjønnsgapet hos dei unge

Den seinare tida har det vore mykje diskusjon om verdiforskjellar mellom unge kvinner og unge menn, og debatt om kvifor Donald Trump slår an blant mange unge, norske menn.

Ved kantinebordet på Malakoff vgs. i Moss treff NRK ein gjeng elevar som meiner mykje om dei to som var presidentkandidatar.

Trenden er ganske typisk. Eit par av gutane er Trump-fans.

– Eg ville stemt Donald Trump, seier ein.

– Eg ville stemt Harris, det hadde vore som å stemme Høgre eller Frp her i landet, seier ein annan.

Men ingen av jentene ville stemt Trump.

– Gutar tenker ikkje over konsekvensen fordi dei ikkje er kvinner sjølv, meiner ei som tenker på abortpolitikken til Trump.

Her kan du sveipe deg gjennom nokre av dei unge forventningane til Trump NRK fekk høyre i Moss og Førde:

  • Portrettbilde av ung mann i hatt

    Amaniel Adhanomo (21)

    Trump seier ting direkte. Viss han blir tolka feil kan det skape uro i verda. Men samtidig meiner han kanskje noko heilt anna. Det er vanskeleg å seie korleis det blir.

  • Unge snakker om hva de ville stemt i USA-valget

    Margaret Synes Vågsholm (20)

    For meg er det viktig at kvinner skal få bestemme over eigen kropp. Eg trur diverre valet kan påverke kvinners rettar og synet på kvinner negativt. Det blir meir fokus på dei klassiske husmødrene. Arbeidslivet i USA er sterkt prega av menn, eg trur det blir eit meir mannsdominert styre.

  • Mikael Kjelling, 18 år

    Mikael Kjelling (18)

    Eg trur det blir supert. I 2016 fekk han alle dei store personlegdomane under kontroll. Det var så digg. Viss han får det til no, blir det så bra. Berre få roe ned Putin og Kim Jong-un.

  • Portrettbilde av ung kvinne, Aaliyah Ali, Malakoff vgs, Moss

    Aaliyah Ali (19)

    Han gjer berre dumme ting, vi er ikkje i trygge hender. USA er eitt av dei mektigste landa i verda. Eg føler dei styrer ganske mykje. Då har det mykje å seie for andre land også som blir påverka av USA.

  • Justine Eskild, 27 år

    Justine Eskild (27)

    Eg trur verda blir mindre føreseieleg. Han har vist at han gjer litt som han vil. Eg trur alle vil vere litt meir på tå hev.

  • Portrettbilde av ung mann forfra. Sander Fløgstad, 18 år, på Malakoff vgs i Moss.

    Sander Fløgstad (18)

    Det er litt skummelt kva som kan skje no. Det er mykje usikkerheit rundt han og korleis alt blir. Det hadde vore tryggare om Kamala Harris vart president.

I forkant av valet kom det fram at så mange som 47 prosent av unge, norske menn ville stemt Trump. Tala skapte debatt fordi dei peika på unge menns misnøye, men NRKs bruk av undersøkinga vart også kritisert fordi den hadde meir ekstreme funn enn andre undersøkingar, i tillegg gav få unge menn i utvalet store feilmarginar.

Faktisk.no forklarte i ein grundig gjennomgang at tala var usikre, men at det er liten tvil om at unge menn peikar på Trump i større grad enn andre gjer.

NRK har ønska å undersøke grundigare korleis biletet ser ut no etter det amerikanske valet.

I den ferske undersøkinga frå Norstat er 430 unge mellom 18 og 29 spurt. Funna viser:

  • Det er eit vesentleg skilje i korleis unge kvinner og unge menn ser på Trump.
  • Unge menn er den mest Trump-positive gruppa.
  • Men det er ikkje så mange som halvparten av unge menn som støttar Trump. Om lag ein firedel peikar på han.
  • Nesten ingen unge kvinner ville stemt Trump.

Det er vanskeleg å få tak i unge menn, men i denne undersøkinga har vi jobba målretta mot denne gruppa for å få tilstrekkeleg med svar, seier ansvarleg for politiske undersøkingar i Norstat, Mads Motrøen.

Vi ser at no ligg det på ein av fire som støttar Trump. Vi er ganske sikre på at dette stemmer, men målingar gjort før og etter valet er ikkje direkte samanliknbare.

Mikael Kjelling, 18 år

SUPERT: Mikael Kjelling (18) har trua.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg

18 år gamle Mikael Kjelling er ein av dei unge mennene som har trua på Trump. Han trur det kan bli betre forhold internasjonalt når Trump får makta. Fordi han klarer å kontrollere dei andre autoritære leiarane i Russland, Kina og Nord-Korea.

– Tenk å få roe ned dei då. Få roe ned Putin og Kim Jong-un. Då blir det så bra.

– Korleis skal han roe dei ned då?

– Han seier han skal prate med dei. Eg trur han får det til. Han viser at han er over dei.

Uro for effekten av Trump-valet

Målinga viser at nordmenn flest er skeptiske til følgjene av presidentvalet.

Særleg er det uro for demokrati og kvinnerettar.

Karen Bauge (26), som NRK møter i Førde, ville stemt Harris.

– Det handlar om kvinners rettigheiter. Og dette med demokratiet. Eg synest det Trump seier er farleg og set oss tilbake veldig mange steg. Tenk på storminga av kongressen. Han brukar store og farlege ord.

Sveip til høgre for å sjå alle resultata.

Når det gjeld den internasjonale tryggleiken er det også skepsis, men der er ikkje uroa like stor. Og «berre» 47 % meiner valet av Trump vil påverke Noregs tryggleik negativt.

Dette er gjennomgåande svært negative forventningar, seier Mads Motrøen i Norstat, om dei samla funna i målinga.

– Men det er openbert ein forskjell når nordmenn vurderer konsekvensen for USA og Noreg. Svært få ser noko positivt i dette for Noreg, mens merkbart fleire trur det kan vere positivt for USA.

Det er også interessant at nesten fire av ti meiner valet ikkje vil ha negativ betydning for Noregs tryggleik. Det må bety at mange nordmenn er uroleg for andre sider ved Trumps presidentskap sidan fleire meiner valet av han vil påverke Noreg negativt, avsluttar Motrøen i Norstat.

Publisert 22.11.2024, kl. 07.40

Read Entire Article