Stadig fleire søv i bilen på festival

5 hours ago 2



– Vi har ein litt stor bil, så det er betre plass her enn å sove i eit lite telt, seier Erik Skreden.

I steikande sol riggar dei klar madrass, dyne og pute i baksetet på ein grøn familiebil.

Dei to er faste deltakarar på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid. For tredje året på rad vel dei bilen framfor teltet. På campen meiner dei det er for mykje støy og lite ro. Difor har bilovernattinga blitt ein tradisjon.

Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal stadfester trenden:

Dei unge vil ikkje lenger bu i telt.

En gruppe mennesker i en bryterring

På ein parkeringsplass bak festivalområdet til Malakoff har dei lagt til rette for at dei som ønsker å sove i bil kan gjer det trygt.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

– Den nye greia

– Vi såg det i fjor, og vi ser det i år også; å sove i bil er den nye greia, seier Naustdal.

Festivalsjefen forstår kvifor stadig fleire vel vekk teltet. Bil gir meir ly for vêr og vind, og det er enklare å trekke seg tilbake.

En gruppe mennesker i en bryterring

– Det er greitt å få litt avstand frå campen, skilje litt jobb og kvile, seier Severin Otterdal Heggen.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

På Malakoff har dei sett at fleire parkerer rundt om på Nordfjordeid, og festivalen tilbyr no eigen bilparkering for overnatting utanfor campområdet.

– Den gode festivalstemninga brer seg over større delar av Eid, og så lenge alt går bra så synest eg det heile er ganske kult, seier Naustdal.

En gruppe mennesker i en bryterring

Sjølv om folk vel å sove i bilen om natta, kjøper dei framleis tilgang til campen for å få med seg festivalstemninga.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Trend på fleire festivalar

NRK har vore i kontakt med fleire festivalar rundt om i landet, og fleire melder om same trend.

På både Fres-festivalane i Sogn og Tysnesfest i Sunnhordland er det tydeleg at folk vel komfort.

– Folk brukar alt anna enn telt, ler festivalsjef Øyvind Våge.

Han fortel at dei for nokre år sidan hadde opptil 400 teltcamparar. No er talet nede i 60.

Også dei har byrja å legge til rette for bil-camping.

Det er med i beredskapsplanen vår, slik at alle skal få ei trygg oppleving, seier Våge.

På Slottsfjell ser festivalsjef Peter Eikeland til inspirasjon frå dei mindre distriktsfestivalane.

– Kanskje vi må lære av Malakoff og sette opp bilparkering med moglegheit for overnatting her. For all del, det høyrast jo mykje meir komfortabelt ut å sove i ein bil med klimaanlegg, seier Peter Eikeland.

Peter Eikeland, Festivalssjef, Slottsfjell

Festivalsjefen på Slottsfjell, Peter Eikeland, trur bil-camping kan vere ein kjempegod ide for framtida til festivalen.

Foto: H. Philip Hofgaard

Meir opptatt av komfort

Festivalsjefen for Malakoff trur fleire drøymer om hotellrom, men på Eid er det ikkje nok kapasitet.

– Då er bilen eit godt alternativ, seier Naustdal.

Tysnes-sjefen viser òg til vêret som ein avgjerande faktor. Etter fleire år med regn og vind er bil meir freistande.

mann med armane i kryss

Festivalsjef på Tysnesfest håpar camp-kulturen ikkje går tapt når fleire vel å sove i bil under festivalen.

Foto: Privat

Samtidig er det ein balanse. Telt-campen er framleis viktig for festivalopplevinga. På Tysnes diskuterer dei jamleg korleis dei kan møte ønsket om komfort utan å ta vekk sjarmen.

– Vi har kjøpt inn to store containerar med over 30 sengeplassar, der folk kan sove tørt og komfortabelt. Og så tilbyr vi andre løysingar, med ferdig oppsette telt. Dei blir utseld med ein gong, seier Våge.

– Folk vil betale for meir komfort, så då må vi gjere det vi kan for å få til det.

Held teltkulturen gåande

På Malakoff er det likevel framleis liv i teltleiren.

– Å sove i bil blir ikkje heilt det same, du mistar litt partystemninga, seier Elias Årseth, som ikkje har planar om å bytte ut teltet.

I sommarvarmen er det likevel ein utfordring å vakne i eit klamt telt etter ein lang festivaldag.

– Vi har vald å plassere oss i skuggen så vi får kjøle oss ned med det.

et par personer som står ved siden av et telt

Ein må velje det ein føler er best for seg sjølv, seier Elias Årseth, som i år som i fjor sver til teltlivet.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Trygve Moldnes meiner bilovernatting ikkje gir same opplevinga.

– Nei, kvifor det? Då er litt av poenget vekke. Eg likar konseptet med å sove i telt og vakne opp i norsk natur, reise og bade og sette pris på sommaren. Telt er ein del av sjarmen, seier han.

et par personer som står ved siden av et telt

For Trygve Moldnes er det uaktuelt å ikkje bu i telt under festivalen Malakoff.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Publisert 19.07.2025, kl. 21.46

Read Entire Article