Auka testosteronnivå. Betre resultat på fysiske testar. Mindre luft i magen. For Øyvind Kjerpeset og Hallgeir Martinsen har endringa i matvegen gjort underverk.
Lista er lengre, men dette er altså effekten dei to løparane beskriv å ha opplevd etter at dei kutta ut ultraprosessert mat.
– Heilt ærleg så trur eg sist eg var i så god form var rundt 2016. Eller kanskje aldri òg, fordi det har komme fleire treningspersar, seier Hallgeir Martinsen.
Dei har vore ein del av Noregstoppen i friidrett i ei årrekke. Kjerpeset har fleire NM-gull på 400 meter hekk og medaljar på sprint, mens Martinsen har topp 10-plasseringar og fleire medaljar i stafett-NM. Dei er framleis aktive. Martinsen tok nyleg EM-gull på 60 meter for veteranar.
Begge dei to beskriv ein merkbar forskjell på livet før og etter grepet i matvegen.
Kanskje aldri vore betre
– Det er kjempeinteressant at den effekten har komme nå etter sommaren 2024.
For nettopp i 2024 bestemte Kjerpeset (34) og Martinsen (37) seg for å kutte ut ultraprosessert mat, for å sjå om det hadde nokon påverknad.
– Vi hadde låge forventningar. Det var eigentleg ingen av oss som trudde at det skulle kjennast annleis. Vi tenkte berre at vi skulle bli enda sunnare, seier Martinsen.
– Det trur eg vi har blitt, for eg kjenner meg utruleg «fresh».
Martinsen og Kjerpeset har sett mange personlege treningsrekordar etter at dei kutta ut ultraprosessert mat.
Foto: Jane Rasmussen / NRKHan presiserer at dei to allereie åt sunt før dei endra vanane sine i matvegen.
– Men det har vore eit lite ekstra løft, seier han.
Ein ting er forma, men Kjerpeset presiserer at den nye dietten ikkje berre er av omsyn til treninga.
– Dei matvarene vi har introdusert, er eigentleg betre både smaksmessig og helsemessig, synest eg. Så vi gjer ikkje det her berre for helsa, vi gjer det for trivselen, seier Kjerpeset.
Martinsen og Kjerpeset med ei intervalløkt på Bislett stadion.
Foto: Anders Engeland / NRKTacomiddag
Etter ei løpeøkt på Bislett er det tørka frukt og proteinmjølk som fyller tanken fram til middag.
På menyen er det taco som gjeld. Salsaen og guacamolen blir laga frå botn. Tacolefser og tacokrydder blir likevel kjøpte ferdig på butikken.
Ettersom halvparten av duoen hadde ete mykje kylling den siste tida, blei det karbonadedeig denne gongen.
Både ost og mango blir også plassert i lefsa. Duoen har bygd opp ein god meny som dei pleier å lage til middag:
Anders Engeland / NRK
Martinsens fem middagstips
- Kylling i kokosmjølk og kål
- Reint kjøt, brokkolini og potetbåtar
- Omelett med salat
- Torsk, steikte grønsaker og heimelaga potetmos
- Wok med grønsaker, kjøt/kylling og fullkornsnudlar
Anders Engeland / NRK
Kjerpesets tre middagstips
- Søtpotetnachos med bønner, linser, kylling og ost.
- Taco med heimelaga salsa med tomat, lauk, koriander og lime.
- Pokebowl med laks, mango og blant anna ris og lauk.
Anders Engeland / NRK
Tips
- Handle masse i frukt- og grøntavdelinga
- Vel matvarer med færrast mogleg ingrediensar
- Planlegg mat i førevegen
- Finn enkle løysingar som smakar godt
- Begynn i det små, eitt steg om gongen
Høgt testosteronnivå
Dei er utvitydig positive til det nye kosthaldet.
– Eg spring fortare, har meir overskot i kvardagen og eg kjenner meg generelt betre. Lågare feittprosent, meir musklar, alt er betre, seier Kjerpeset.
Og begge to meiner effekten kjem av nettopp det låge inntaket av UP-mat.
– Eg har høgare testosteronnivå, eg spring raskare, musklane veks meir og eg har mindre luft i magen, seier Martinsen.
Kjerpeset lagar taco frå botnen av heime i Oslo.
Foto: Anders Engeland / NRKTestosteron-testen tok han tre månader etter at han kutta ultraprosessert mat.
Martinsen fortel at han har trena styrke i over 20 år, men at muskelveksten har vore størst etter at han gjorde UP-kutta.
– Eg kjenner meg reinare. Eg har trass alt hatt ein av mine beste sprintsesongar nokosinne. I ein alder av 36.
Han fortel at han har sett fleire personlege rekordar etter å ha kutta ut ultraprosessert mat. I slutten av mars i år tok han EM-gull på 60-meter i klassen M35.
Nedst i saka fortel Martinsen og Kjerpeset om kva dei har kutta ut.
Øyvind Strømmen Kjerpeset førebur tacomiddag heime på kjøkkenet.
Foto: Anders Engeland / NRK– Ikkje veldig fornøgd
Truls Raastad er professor og instituttleiar ved Noregs idrettshøgskole. Han meiner det ikkje er så svart-kvitt når det gjeld matkategoriane.
– Eg er ikkje veldig fornøgd med den kategoriseringa ultraprosessert versus ikkje prosessert mat, seier Raastad til NRK.
Han grunngir det med at det berre seier noko om korleis matvara er behandla fram til den kjem til forbrukar.
– Det seier ikkje noko om næringsinnhald og om det er ei god matvare eller ei litt dårlegare matvare med tanke på helseeffektar.
Han er opptatt av at ultraprosessert ikkje automatisk betyr usunt.
– Du kan ha veldig gode sunne matvarer innan ultraprosessert-kategorien.
Truls Raastad er professor og instituttleiar ved Noregs idrettshøgskole.
Foto: Tore Linvollen / NRKForståing
Han forstår likevel at enkelte kan merke positive effektar av å gjere eit kutt – gitt at ein kuttar dei rette varene.
– For mange så vil det vere ei positiv endring når ein går frå meir foredla rettar og vel reinare matvarer fordi ein unngår både ein del salt, ekstra sukker og ein del andre stoff, seier Raastad.
Men om du er idrettsutøvar, peikar han på at kva slags type idrett du held på med, bør påverke kva du et.
– Det vi ser er at dei som driv uthaldsidrett, dei må ha mykje energitett mat. Dei må ha det undervegs i treninga si, og dei må også ha det rett etterpå for å rett og slett få i seg nok karbohydrat og blant anna sukker.
Kjerpeset og Martinsen er opptatt av å lage råvarebasert mat.
Foto: Anders Engeland / NRKMen tekniske utøvarar og for eksempel sprintarar kan klare seg med lågare energiinntak.
Raastad samanfattar det heile slik:
– Du kan ha eit veldig godt kosthald utan ultraprosessert mat, spesielt om ikkje energibehovet er altfor stort.
– Og du kan ha eit veldig godt kosthald som også inkluderer ultraprosessert mat, berre du vel dei rette matvarene også i den kategorien
Professoren seier at folk flest ikkje treng å kaste ut all UP-mat.
All mat er lov
Norges friidrettsforbund åtvarar mot for stort fokus på ultraprosessert mat. Dei får mange spørsmål om kosthald. Den viktigaste bodskapen er å ete nok mat og sette helse framfor prestasjon.
Veslemøy Hausken Sjöqvist i Norges friidrettsforbund er opptatt av at utøvarar skal få i seg nok mat.
Foto: NRK– Vi er for at all mat er lov. Det er ikkje noko ja-mat og nei-mat. Men det er denne balansen, og vi skal jo ete mest råvarebasert. Frukt og grønt. Alle delane som inngår i det som vi veit er det gode kosthaldet. Det skal vi ete. Og så er det nesten umogleg å klare å få i seg nok utan å ete litt ultraprosessert. Det er ikkje farleg, seier Veslemøy Hausken Sjöqvist, kompetanseansvarleg i Norges friidrettsforbund.
Lite søtsug
Kosthaldsendringa har gått over all forventning for løparane.
– Eg trudde eg skulle kjenne meir søtsug etter ting. Men det du puttar i magen, er det hjernen din seier du har lyst på òg, seier Martinsen.
– Nå kan eg stå i butikken og tenke: Skal eg ta med litt «pottis»? Det er laurdag, trass alt. Men det er sånn: Nei. Eg har ikkje lyst på. Eg vil ha granateple og vassmelonar. Det er heilt sprøtt, fortset han.
Kjerpeset og Martinsen ladar opp til friidrettssesongen på Bislett stadion.
Foto: Jane Rasmussen / NRKIkkje eit totalforbod
Men sjølv om dei har tatt drastiske grep i matvegen: Verken Kjerpeset eller Martinsen har kutta ultraprosesserte varer heilt ut.
Blant anna er tacolefser, burgarbrød og knekkebrød ting løpegutane et.
Likevel er inntaket langt mindre enn før.
Martinsen og Kjerpeset er tydelege på kva matvarer dei vel.
Foto: Anders Engeland / NRKMen begge dei to løparane beskriv ein merkbar forskjell på livet før og etter at dei kutta ned på den ultraprosesserte maten.
– Eg unner meg «70 prosent»-sjokolade, og litt smågodt innimellom. Ein skal leve.
Det viktigaste for duoen er at minst mogleg av inntaket skal vere ultraprosessert.
Og dette et dei aldri:
Anders Engeland / NRK
Kjerpesets kuttliste
- Sukkerhaldig brus og energidrikker
- Godteri
- Ferdigbakst/kaker frå butikk
- Frukostblandingar
- Pølser og anna bearbeidd kjøtmat
- Ferdigpizza og ferdigmiddagar
- Smaksette yoghurtar og dessertyoghurtar
- Sausar og dressingar på flaske
- Proteinbarar
Anders Engeland / NRK
Dette har Martinsen kutta ut
- Pølser
- Frosenpizza
- Ferdigrettar og poserettar
- Potetgull
- Pålegg med mykje tilsetjingar
- Smakstilsett yoghurt og mjølk
- Brus
Anders Engeland / NRK
Dette et dei framleis
- Brød
- Tacolefser
- Tacokrydder
- Burgerbrød
- Sjokolade, i små mengder og i ny og ne
Publisert 24.05.2026, kl. 07.50




















English (US)