Mann i 20-åra tatt på fersken under ein av vårens første MC-turar.

Det var på kvelden fredag 19. april at ein motorsyklist vart fanga i laserkontroll av politiet i Kongsberg.
I ei 50-sone målte politbetjenten mannen i 20-åra til heile 121 km/t i 50-sona. I slike tilfeller er det ikkje nok å betale ei bot eller få førarkortet fråteke.
No er han dømd til 22 dagar fengsel for råkøyringa.
Skulle teste
I Buskerud tingrett la den unge mannen alle korta på bordet. Han erkjente straffskuld og forklarte at han nyleg hadde tatt motorsykkelen fram frå vinterlagring.
Han skulle difor teste akselerasjonen på MC-en. Han vedgår at han visste at fartsgrensa var berre 50 km/t på den aktuelle staden.
– På veg ut av ei rundkøyring akselerte han, før han bremsa ned igjen. Han meiner målinga til politiet er riktig, men såg ikkje på speedometeret heile tida, skriv dommarane om mannen si forklaring.
Dette er farten du får fengsel for
Fartsgrense 50 km/t: samfunnsstraff fra og med 92 km/t og fengsel fra og med 96 km/t
Fartsgrense 60 km/t: samfunnsstraff fra og med 110 km/t og fengsel fra og med 115 km/t
Fartsgrense 70 km/t: samfunnsstraff fra og med 120 km/t og fengsel fra og med 125 km/t
Fartsgrense 80 km/t: samfunnsstraff fra og med 130 km/t og fengsel fra og med 136 km/t
Fartsgrense 90 km/t: samfunnsstraff fra og med 142 km/t og fengsel fra og med 150 km/t
Fartsgrense 100 km/t: samfunnsstraff fra og med 155 km/t og fengsel fra og med 165 km/t.
Kjelde: Lovdata
Må klare seg utan lappen
I utgangspunktet meiner tingretten at lovbrotet er «i øvre sjikt» og at passande straff ville vore 24 dagar fengsel og tap av førarkort i nær 2,5 år.
Grunna mannen si tilståing er fengselsstraffa redusert til 22 dagar. Han må framleis klare seg utan førarkort i 29 månadar.
Tiltalte ønskte å sone dommen som samfunnsstraff, men fekk ikkje medhald av dommarane. Dei meiner «tiltalte har køyrd i ein hastigheit godt over den rettleiande grensa for når samfunnsstraff som utgangspunkt blir nytta».