Skrap frå gamle oljeplattformer får nytt liv – som gang- og sykkelbru i Trondheim

4 weeks ago 20



Dei fleste norske bruer er bygd i stål og betong. Materiala er kjente, styrken er stor, og prisen er ofte lågare enn andre og meir utradisjonelle material.

Men både vekt, og framtidige vedlikehaldskostnadar, gjer at Statens vegvesen er på jakt etter andre material å byggja i.

– Me treng å auka verktøykassen vår, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

No meiner dei å ha funne eit nytt «verktøy,» nemleg aluminium.

Metallet er lettare, det rustar ikkje, og vedlikehaldskostnadane er lågare.

Hangarbrua i alumunium

Slik skal den ferdige brua sjå ut. Etter planen skal ho opna neste haust.

Foto: Preben Rene Madsen / Statens vegvesen

Brukar att material frå Nordsjøen

Davik fekk æra av å trykkja på knappen som sette i gang bygginga av Hangarbrua hjå verksemda Leirvik AS denne veka.

Eit pilotprosjekt som skal auka kunnskapen om aluminium som byggjemateriale i vegkonstruksjonar.

– Det er fantastisk og gledeleg at me har komme så langt, seier Davik.

Den 55 meter lange og 60 tonn tunge gang- og sykkelvegbrua, som skal plasserast over jernbanespora ved Leangen stasjon i Trondheim, skal byggjast i aluminium.

Mesteparten av aluminiumen er henta frå den utrangerte plattforma Gyda, som er til opphogging i same kommune.

– Dette er viktig i sirkulærøkonomien og gjenbruk av material, forklare Davik.

Hangarbrua Trondheim

Ved eit trykk på 3.500 bar kan denne maskina skjæra gjennom 20 millimeter tjukke aluminiumsplater.

Foto: Olav Røli / NRK

Informasjonssjef Anders Vindegg i Norsk Hydro fortel at må senda metallet frå Gyda-plattforma til deira anlegg i Sjunnen i Sverige.

Trass i at verket Hydro Husnes ligg i nabokommunen til Stord.

Dette skuldast at dei førebels ikkje har utstyr til å produsera dei naudsynte dimensjonane til bruprosjektet i Noreg.

– Om det er marknad for det, vil me i framtida sjå om me kan produsera desse dimensjonane ved norske metallverk, seier Vindegg.

Gydaplattformen blei torsdag sprengt på Stord. Foto: Lars Melkevik/Aker Solutions

Brukar heller kjente material

Det er første gong på nesten 30 år materialet aluminium vert brukt i ein større brukonstruksjon i Noreg.

Den siste i aluminium var Forsmo bru i Nordland, som også var bygd hjå Leirvik.

For to år siden blei det sett opp ei lita gangbru på Stord.

– Kvifor er det ikkje brukt meir, om det er så bra?

– Det kan ha med prisen å gjera. Men det kan også ha med materialet i seg sjølv, at me er godt kjent med betong og stål, seier Davik.

Han ser for seg at materialet på sikt på sikt kan brukast i større brukonstruksjonar, også til fjordkryssingar.

Aase Reyes, professor i konstruksjonsteknikk ved Oslo Met, mistenkjer at årsaka til at ein har få bruer i aluminium i Noreg, er at erfaringsgrunnlaget er tynt.

– Dessutan kan pris spela inn. Stål er generelt rimelegare enn aluminium, seier ho.

Ifølgje samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har dei god erfaring med aluminium.

– Det kan vera fordelaktig, spesielt i eit maritimt miljø, svarar han i eit spørsmål i Stortinget.

Bru i aluminium

Denne litle gangbrua i aluminium på Stord vart sett opp i 2022. I bakkant ser ein ei tradisjonell bru i betong.

Foto: Olav Røli / NRK

Bruker kunnskap frå bygging av plattformer

Ifølgje forskning.no er ein tettleiken eit problem for aluminium. Det krevst meir aluminium enn stål for å få same styrke.

Torstein Ryeng, prosjektleiar i Statens vegvesen for Hangarbrua, fortel at nettopp vekta til aluminium er ein stor fordel.

Om me skulle ha hatt stål, måtte me ha hatt ei søyle ned i eit jernbaneområde med fem spor og plattform. Dette ville ha vore ein mykje meir kompleks og komplisert operasjon, seier han.

Hjå verksemda Leirvik har dei bygd bustadmodular til oljeplattformer i mange tiår.

I aluminium.

Leirvik AS på Stord

Her er bygginga av Hugin A-plattforma i full gang, i aluminium.

Foto: Olav Røli / NRK

Det gjer dei framleis.

Inne i den eine hallen er dei i full sving med bustadmodulen til Hugin A-plattforma.

Men allereie i 2019 såg me at me trong å tenkja på nye marknader, sa administrerande direktør Helge Gjøsæter under byggjestarten for Hangarbrua.

CNC-operatør Henrik Vågenes (28) hjå Leirvik AS er klar for å nye utfordringar.

Dette kan vera med og sikra framtida for oss, seier han.

Hangarbrua skal byggjast i fleire deler på Stord, før delane vart frakta til Trondheim og montert saman.

Brua skal vera på plass i juni 2025, seier prosjektleiar Ryeng.

Henrik Vågenes

Henrik Vågenes ved skjeremaskina der han skal kutta mange plater til brua i Trondheim. Han er glad for at dei kan få innpass på nye marknader.

Foto: Olav Røli / NRK

Publisert 18.05.2024, kl. 17.08

Read Entire Article