Skodde skapar trøbbel for flytrafikken i Bodø

8 hours ago 3



Fleire avgangar er forseinka frå Bodø lufthamn sundag føremiddag.

– Det er tåke som gir dårleg sikt, seier pressevakt i Avinor, Helene W. Jensen.

Det er pårekna ein del forseinkingar ut over dagen på grunn av skodda. Når skodda vil lette kan ikkje Avinor seie noko om.

– Dei som skal ut å reise skal møte til vanleg tid, med mindre dei får anna beskjed frå flyselskapet, seier Jensen i Avinor.

– Det er havtåke som har skapt litt forseinkar, me ser den byrjar å lette no, så me forventar ikkje fleire forseinkingar i dag, seier Satha Sritharan, pressevakt i Widerøe.

Mellom anna rute AY932 med Finnair, Bodø – Helsinki som skulle lette kl. 09:50 letta kl. 11:41. SAS flyet på rute SK4107 til Oslo kl. 10:20 er forseinka til 12:15.

Avisa Nordland skreiv fyrst om saka.

Read Entire Article