Klima- og miljødepartementet varslar at dei vil slå hardare ned på miljøkriminalitet.
Den intensiverte innsatsen kjem etter at Økokrim leverte ein «alarmerande» trusselvurdering om miljøkriminalitet i slutten av oktober.
– Miljøkriminaliteten er så alvorleg og inngripande at han treng ei eiga trusselvurdering, sa Økokrim-sjef Pål Lønseth.
Han la særleg vekt på fire lovbrot som slepp billig unna:
- Ulovlege naturinngrep, blant anna i strandsona og ved elveleie
- Ulovleg hogst
- Ulovleg jakt på rovvilt
- Ulovleg deponering av forureina massar og avfall
– Politiet ser eksempel på at avfallskriminalitet blir gjord i organiserte former der føretak eller nettverk har eit bevisst forhold til omgåing av regelverk, og nyttar seg av profesjonelle tilretteleggjarar for å skjule kriminaliteten, seier Lønseth.
Foto: Mohammed Alayoubi– Slike lovbrot får tydelegare konsekvensar
Carlo Aall er leiar av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing ved Vestlandsforsking.
Han gler seg over dei nye signala frå regjeringa, men understrekar at naturen ikkje skil mellom det som er «lovleg» og «ulovleg».
– Det er viktig å skjerpe strafferammene, men det viktigaste er politisk vilje til å flytte grensa mellom kva som er lovleg og ulovleg.
Økokrim har også tidlegare åtvara om «grov kriminalitet» i strandsona.
I 2022 inneheldt trusselvurderinga eit eige kapittel om «systematisk», «forsettleg» og «irreversibel» kriminalitet i den norske strandsona.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen forklarer at han ønsker å gi eit tydeleg signal om at alle brot «skal takast på alvor».
– Vi må sørge for at slike lovbrot får tydelegare konsekvensar, seier Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Foto: Javad Parsa / NTBTener millionar av euro på miljøkriminalitet
Heilt konkret inneber den nye skjerpinga at regjeringa vil endringar i regelverket om miljø- og kulturmiljøkriminalitet. Dette i tråd med tiltak frå stortingsmeldinga om miljøkriminalitet.
Ifølge Europol tener organiserte kriminelle nettverk årleg millionar av euro på miljøkriminalitet. Dette gjeld særleg innanfor avfallsbransjen.
Statsforvaltaren har vedteke at eigaren av denne hytta i Fjaler i Vestland må rive og reparere alt utanom hytta.
Foto: Fjaler kommuneI 2019 fann Synnøve Spangelo i Naturvernforbundet plast og anna boss blanda saman med stein og jord ved skogsbilvegar utanfor Bergen. Men etterforskinga av mogleg brot på forureiningslova er lagt vekk.
Foto: Eva NetelandTennisbanesaka starta då ein forbipasserande meldte frå til kommunen om eit 500 kvadratmeter stort betongdekke på eigedommen som skulle bli til ein tennisbane.
Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK«Forsettleg og systematisk» kriminalitet i den norske strandsona har fått eit eige kapittel i den siste trusselvurderinga til Økokrim.
Sofie Marhaug, som representerer Hordaland på Stortinget, gler seg over at regjeringa «tar tak»:
– Økokrim-rapporten er alarmerande. Derfor er det heilt, heilt nødvendig å følge opp med innskjerpingar i regelverket og konkret oppfølging av desse lovbrota, seier ho.
Til liks med Carlo Aall meiner Raudt-nestleiaren at det ikkje er nok å vere tøffare innanfor ramma av det som allereie er ulovleg. I tillegg må ramma bli utvida.
– Statsforvaltaren må slå enda hardare ned på inngrep som truar naturmangfaldet, seier ho.
– Sjølv når dei ikkje er kriminelt, men berre veldig, veldig dårleg.
Andre Marton Pedersen
Helene Ødven, Nestleiar i Naturvernforbundet
Vi ønskjer velkomen strengare lovgjeving, men det er heilt avgjerande at det vert løyvd meir ressursar til polititet som skal etterforske sakene. Vi opplever at saker vi melder og som politiet prioriterer, gjerne ender med millionbøter. For å få bukt med miljøkriminalitet, så må det være fleire saker som vert etterforska og straffa. Det er for mange som i dag tar risikoen på å ikkje bli straffa.
Christian Steel, forskingsdirektør i NINA,
Den samla forskinga hos oss i Norsk institutt for naturforsking (NINA) dokumenterer eit stort press på norsk natur. Summen av lovlege tiltak og miljøkriminalitet gjer det vanskeleg å nå internasjonale og nasjonale natur-mål. Alarm-meldinga frå Økokrim er svært viktig kunnskap for myndigheitene å ta inn over seg.
Kristoffer Søvik / NRK
Fredrik Holth, partnar og jurist i Holth & Winge og ekspert på plan- og bygningsrett
Ein kan alltid diskutere ulike lovendringar som kan vere viktige. Det viktigaste er å vere merksam på kva handlingsrom som ligg i lovverket i dag. Altså starte med det ein allereie kan følge opp. Der er det i dag ganske store utfordringar knytte til manglande ressursar, og kanskje manglande vilje, til å forfølge lovbrot. Det må ein alltid starte med, før ein roper etter ny lovgiving.
Mohammed Alayoubi
Pål Lønseth, Økokrim-sjef
Profittmotivert kriminalitet som øydelegg miljøet, som for eksempel forureining, handel med trua artar, avfallskriminalitet eller ulovleg hogst, er dobbel kriminalitet fordi kriminaliteten både skadar naturen og fører til tapte inntekter til staten, eller har konkurransevridande effekt.
Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister
Miljøkriminalitet rammar våre felles naturverdiar og betyr at nokre få berikar seg på kostnad av resten av samfunnet. Vi må sørgje for at vi har tilstrekkelege og effektive verkemiddel for å vise at slike lovbrot får tydelegare konsekvensar.
Publisert 12.11.2025, kl. 17.17


















English (US)