Skisporten har pissa i buksa for å halda seg varm

1 month ago 37



GJESTEKOMMENTAR: Skisporten har pissa i buksa for å halda seg varm, no treng me å hjelpa dei attende til fellesskapen.

Den gong då, i 2008, då allmennkringkastaren NRK sende vintersporten, og tidlegare stjerner som (f.v.) Ådne Søndrål (skeiser), Kjetil André Amodt (alpint) og Espen Bredesen (hopp) var ekspertkommentatorar. No går mykje vintersport på betalingskanalar. Foto: Knut Falch / NTB
  • Aslak Sira Myhre

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det nærmar seg jul, og snøen legg seg no over dei stadane me skal festa blikket på gjennom vinteren. Plassar som Davos, Garmisch-Partenkirchen, Ruhpolding, Wengen, Lahti og Heerenveen. Dei er ikkje verdas sentrum, mange av dei ikkje eingong sentrum i sin eigen kommune, men for dei aller fleste av oss i Noreg er dei kjende og kjære namn. Dei er saman med ei par titals andre slike bygder og småbyar arrangørar av internasjonale tevlingar på ski og skeiser.

Og sidan rikskringkastinga, fyrst på radio og seinare på fjernsyn, byrja å overføre slike stemne og tevlingar, har me samla oss rundt dei gjennom mørketida, frå den tysk-austerrikske hoppveka startar i Oberstdorf i romjula til vinteren tek slutt om lag når langrennsløparane, hopparane og kombinertutøvarane gjer opp seg imellom i Lahti og Falun og avsluttar i Holmenkollen i midten av mars. Det vil seie. Slik var det, men slik er det ikkje lenger.

Mindre interessant enn før

Om vinteridretten, og skisporten spesielt, var eit leirbål me samla oss rundt, så har elden no slokna. Og det har gått utruleg fort. Det er ikkje meir enn ti–femten år sidan langrennsporten var større i Noreg enn nokon gong før. Petter Northug, Marit Bjørgen og Therese Johaug var dei største idrettskjendisane i landet. Fjernsynssendingane samla opp mot ein million sjåarar veke etter veke.

Der ungane mine vaks opp, på det skiivrige Austlandet, deltok fleire ungar på karusellrenn på ski enn det var fotballspelarar. Når startnummer til Birkebeinaren vart lagt ut, sat folk i kø føre pc-en for å sikra seg plass til å gå i 54 kilometer på feilsmurde ski. Sjølv Sesilåmi, eit skirenn som då eg vaks opp var for dei ekstremt spesielt interesserte, trekte folk frå finansskieliten i Oslo til start og sette publikumsrekordar. No er Sesilåmi lagt ned. Ingen treng stå i kø for bli tatt tida på over fjellet frå Rena til Lillehammer, og jakta i norsk skiidrett er ikkje på konkurrentar, men etter sponsorar. I Finland er det enno verre, der må eliteutøvarane betala sjølv for å vere med.

Det er lett å tenke at dette er ein historie om klimaendringar. At det er den manglande snøen som kveler skisporten, men det er berre ein liten del av sanninga. Fyrst og fremst er det grådigheit, hybris og dumskap som ligg bak. I alle fall for langrennsporten er det nærast eit sjølvmord me er vitne til. For medan klimaendringar går seint og tek lang tid for å gje sin fulle verknad, så endrar folk medievanar fort. Og det er ikkje lenger skisport på alle fjernsynsskjermar i det ganske land frå desember til mars.

Då det gjekk som best med langrenn, var det mange som trudde at treet kunne veksa inn i himmelen. Det var så mykje pengar i spel at langløparane satsa på sine eigne tevlingar, med eigne avtaler og sponsorar. Stjernene, i alle fall dei norske, vart sine eigne merkevarer og byrja tena gode pengar på karrieren sin. Og arrangørane fann ut at dei skulle gjera som fotballen, selje rettane sine dyrt til dei som ville betala for det. Under alt dette må det ha vore ein idé om at det var sporten i seg sjølv og utøvarane sin unike personlegdom som skapte oppslutninga. No, ti år seinare, veit me at det var feil.

Det er ikkje så spennande i seg sjølv å sjå på folk som sveittar på ski i kuldegradar. Og det vert ikkje meir spennande av at dei går rundt og rundt på jorde i flokk og ventar på spurten. Det er ikkje mangelen på spennande personlegdomar eller friske utspel som gjer at idrettar som badminton eller kickboksing ikkje trekker store publikumsmengder i Noreg. Like lite er det mangelen på Petter Northug som plagar skiidretten.

Få skisporten tilbake på NRK
eller ein annan gratisk, riks-
dekkande fjernsynskanal!
Kvar veke, kvar helg.

Den lange tradisjonen

I motsetnad til badminton og kickboksing i Noreg, eller for den saks skuld basketball eller rugby, så er den vesle skisporten vår tradisjon. Den har vore det frå dei norrøne gudane si tid. Den vart teken opp att av nikkersadelen då dei skulle bygge nasjonalkjensla på slutten av attenhundretalet, dei kunne ikkje byggja den på seg sjølve åleine, tvert om vart fattigbøndene frå Telemark og Sørkedalen stjernene. Og då alt endra seg, sekstitalet og dei store forandringane trefte oss for fullt, då var det fjernsynet – rikskringkastinga – som heldt skisporten på plass i medvitet vårt. Sjølv gjennom dei snøfattige åttiåra såg me på, kvar einaste helg, på hopprenn, skeiser og ski. Det var mediet og tradisjonen som gjorde det. Og med salet av fjernsynsrettane til kanalar ingen over seksti finn på fjernsynet, og ingen under tretti gidd å betala for, så kveler desse vinteridrettane seg sjølve. Sjeldan har uttrykket å pisse i buksa for å bli varm vore betre eigna til skildra det som skjer.

Og det vert ikkje betre av at dei einaste andre som bryr seg, og som kan utfordra oss, er utestengde. Russarane har vore dei viktigaste berarane av langrennsporten utanom oss, eg saknar dei intenst.

Og det vert i alle fall ikkje betre av alle ekspertane sine rop på Northug og merkevarebygging i sosiale medium. Om ein tolvåring i dag skal velja seg nokon å fylgje på Tiktok, er ikkje folk i langrennstrikot fyrstevalet, uansett kor frekke dei er i kjeften.

Fellesskapen

Om skisporten ikkje skal gå same triste skjebne i møte som skeisesporten har fått, så er det éin ting som tel: Få han tilbake på NRK eller ein annan riksdekkande, gratis fjernsynskanal. Kvar veke, kvar helg. Han vert ikkje meir spennande av det, men han kan verta eit leirbål igjen. Noko som alltid er på, og som alle veit litt om. Me lever i ei tid som treng leirbål. Å ha ein nasjonalidrett er ei investering i ein fellesskap som er langt viktigare enn kven som vinn VM-medaljar i Trondheim denne vinteren.


Publisert:

Publisert: 7. desember 2024 07:35

Read Entire Article