Sikta for falsk forklaring etter valdsmelding i Nygårdsparken

3 hours ago 3



Politiet understrekar at dei ikkje har konkludert og at begge sakene framleis er under etterforsking.

I september i år fortalde SK Djerv-spelaren Hamse Ali (25) at han var på veg heim frå fest, og at han vart angripen av seks menn i Nygårdsparken i Bergen rett før han var heime.

Saka fekk stor merksemd på ulike nettstadar.

Laurdag sende politiet ut pressemelding der dei skriv at det er sprik mellom det datagrunnlaget viser og forklaringa til Ali.

Hamse Ali har vore i avhøyr hos politiet denne veka og blitt presentert for dataene som avviker frå hans eigen forklaring.

Hamse Ali

Forsvararen til Hamse Ali seier laurdag til NRK at han samarbeider med politiet og skal i nye avhøyr.

Foto: Steffen Johan Johnstad / NRK

Samarbeider med politiet

Hamse Ali har no fått oppnemnt Anette Askevold som forsvarar, som seier til NRK at «dei er kjende med at politiet har ein alternativ hypotese».

Ut over dette ønsker ho ikkje kommentere saka noko nærare, men ho stadfestar at Ali samarbeider med politiet og at han skal i nye avhøyr.

I pressemeldinga skriv politiet at dei har innhenta og gått gjennom ei rekke elekstronsike data frå mellom anna mobilnett og leiga av elsparkesykkel.

Det er i tillegg gjennomført fleire vitneavhøyr.

Det er på bakgrunn av dette politiet meiner dei har ein detaljert oversikt over Hamse Ali sine rørsler natt til 22. september.

Publisert 23.11.2024, kl. 14.01 Oppdatert 23.11.2024, kl. 14.15

Read Entire Article