På veg heim frå butikken vart småbarnsmora påkøyrd og drepen.
22 år gamle Seva Brkl døydde då ho i oktober 2023 vart påkøyrd i Sandviksveien i Bergen.
Den unge småbarnsmora døydde truleg momentant fordi bilisten som trefte henne køyrde i over 100 km/t i sekunda før påkøyrselen.
Det er 40-sone på staden.
– Ho skulle handle morsmelkerstatning til babyen sin. Ho bad meg passe jenta medan ho gjekk på butikken. Men ho kom aldri tilbake, sa mora til Brkl då saka gjekk for Hordaland tingrett i førre veke.
Dømd: – Svært uforsvarleg
Ein mann i starten av 20-åra er no dømd til fengsel i åtte månadar. Ein månad av fengselsstraffa er på vilkår.
Han mistar også retten til førarkort i 3,5 år. BT omtala dommen først.
– Tiltalte opptredde for eigen del svært uforsvarleg ved å halde ein så høg fart, skriv tingretten.
Dei omtalar akselerasjonen til den ungen mannen som ei «alvorleg feilvurdering». Dei framhevar likevel at årsaka til ulukka er eit samvirke mellom fleire uheldige omstende.
– Den katastrofale feilvurderinga skjedde likevel i eit samvirke mellom fornærma sitt val om å springe over vegbana, samanholdt med passeringa av bussen i siktlinja og farten til tiltalte.
Retten legg likevel til at framferd til fotgjengaren ikkje var ekstraordinær eller avvikande frå det tiltalte burde ha forventa i dette trafikkområdet.
– Då han valde å trykke ned gassen for auke farten til over 100 km/t, tok han ein svært uforsvarleg risiko, meiner dommarane.
Her ventar Seva (22) på ei ledig lomme - sekundar seinare er ho død
Prega
TV 2 var i retten då saka gjekk i førre veke. I retten var den unge mannen svært prega.
Han erkjente straffskuld for aktlaus drap og vedgjekk å ha køyrd altfor fort i 40-sona.
– Alt skjedde så fort. Det kjendest som eit millisekund frå eg såg ho til eg trefte ho. Etterpå sprang eg bort til ho, men fekk ikkje kontakt med henne. Eg var heilt i sjokk, forklara mannen om dei skjebnesvangre sekunda.
Fanga på video
Påkøyrselen vart fanga på ein overvakingsvideo som Vegtrafikksentralen har i området. Ved hjelp av den kunne overingeniørar i Vegvesenet rekne seg fram til kor stor fart mannen heldt.
I retten viste dei også ei simulering av at det hadde gått heilt fint å krysse vegen slik Brkl gjorde, om mannen hadde halde fartsgrensa.
– Vi brukte 16 sekund på ei strekning han brukte seks sekund på, vitna den sakkunnige overingeniøren i retten.
Den brutale videoen viser korleis 22-åringen vart kasta opp i lufta då bilen kom i svært stor fart.
– Ho tok ein risiko
Politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen bad om fengsel utan vilkår i ti månadar som straff. Ho ville også ta frå mannen førarkortet i minst fem år.
Forsvarar Alexander Sele påpeika at også avdøde tok ein sjanse og bad retten vurdere å gi ei fengselsstraff på vilkår til den tidlegare ustraffa sjåføren.
– Ho skapte ein faresituasjon ved å springe over vegen, bak ein buss. Det må karakteriserast som hasardiøst.