Russ heidra for arbeid med trafikktryggleik

2 hours ago 1



Russen ved Sortland vidaregåande skule har fått heidrande omtale, blomar og ein gavesjekk på 10. 000 kroner frå Nordland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (NFTU).

Det opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Ungdommane får prisen for sitt sterke engasjement for trafikktryggleik, etter at dei blant anna arrangerte ei minnemarkering ved Sortland kyrkje for personar som har mista livet i trafikken.

– Russen ved Sortland vidaregåande skule har gitt eit viktig bidrag i arbeidet med nullvisjonen vår. Og det har dei gjort i ei svært vanskeleg tid, seier nestleiar i NFTU, Beate Bø Nilsen.

Russen var opphavleg nominert til den offisielle Trafikksikkerhetsprisen, men fall utanfor kriteriet om systematisk arbeid over fleire år. NFTU valde likevel å gi russen ekstra ros for det viktige initiativet.

– Det er inspirerande å sjå ungdom ta leiarskap i ei så viktig sak. Med det tragiske bakteppet for dette engasjementet, håpar vi at sortlandsrussen sine haldningar kan smitte til heile regionen, seier leiar i NFTU, Richard Dagsvik.

Read Entire Article