Reagerer kraftig på manglande regelverk: – Sjokkerande

1 month ago 28



– Vi har ikkje eit lovverk som vernar spelarane og det er sjokkerande å høyre.

Det seier Frode Grøndahl til NRK. Han har vore lege i Sandefjord fotballklubb i 14 år.

Laurdag konkluderte nemleg Noregs Fotballforbunds påtalenemnd med at Kjetil Knutsen ikkje kan bli sanksjonert, etter at han ikkje lytta til medisinsk personell under kampen mot Sandefjord.

Knutsen fekk kraftig kritikk for å ikkje ta Jostein Gundersen av banen etter to hovudsmellar i kampen, sjølv om kamplegen til heimelaget meinte han burde det.

Også NFFs påtalenemnd retta kritikk mot Knutsens åtferd.

Etterlyser betre regelverk

– Vi må få reglar der ein kan sanksjonere, påpeikar Grøndahl til NRK.

For vidare i grunngivinga til påtalenemnda står det nemleg kvifor dei ikkje kan sanksjonere hendinga:

«NFFs prosedyre for handtering av hovudskadar har karakter av å vere ei rettleiing/retningslinje, og ikkje eit regelverk som det kan knytast rettsverknader til», heitte det i pressemeldinga.

«Påtalenemnda har derfor vedtatt at saka ikkje skal forfølgast vidare», stod det vidare.

Samtidig oppfordra dei NFF til å vurdere om prosedyren burde lovfestast i NFFs reglement.

Grøndahl, som etterlyser klarare reglar, har heile tida oppfatta at prosedyren er ein regel ein må følge, og at dette var å berekne som nettopp det – eit regelverk, både før, under og etter kamp.

Han blei derfor tatt på senga av at den innarbeidde prosedyren ikkje er som ein regel å rekne.

Klubblege i Sandefjord, Frode Grøndahl.

KRITISK: Sandefjord-lege Frode Grøndahl.

Foto: Privat

– Eg finn det alvorleg viss ein ikkje kan verne spelarane med rettleiingane. Ingen legar eller medisinsk personell har oppfatta dette som noko anna enn reglar, seier Sandefjord-legen.

– Medisinsk uforståeleg

Grøndahl understrekar at det ikkje har vore noko mål å ramme Knutsen, men at det må få konsekvensar når ein går mot oppfordringa til legen slik Glimt-trenaren gjorde i møte med Sandefjord førre helg.

Nå fryktar han for ringverknadene.

– Det gir ein signaleffekt som er uventa og skadeleg, seier Grøndahl og fortset:

– Det har med prinsippet om at helsa til spelarane skal i fokus. Hovudskadar kan vere karriere- og i verste fall livstruande. Det er medisinsk uforståeleg at det ikkje kan reagerast sterkare på dette, påpeikar han vidare.

Grøndahl har tidlegare vore i fleire møte med NFF der dei har diskutert hovudskadar, og korleis det skal behandlast i ein kampsituasjon.

Han meiner at brot på prosedyren må reknast som eit regelbrot og dermed føre til sanksjonar.

– Prosedyrane er sette opp for å verne helsa til spelarane. Viss prosedyrane ikkje blir sett på som reglar og at brot derfor ikkje kan sanksjonars, må det skje noko.

Har bede NFF om ei grunngiving

Leiar for fagforbundet til idrettsutøvarane Niso, Kristoffer Vatshaug, har sendt ein e-post til NFF der han ber om grunnlag for kvifor det ikkje blir sanksjonert.

Han ønsker også at Niso får vere med på den vidare utviklinga av prosedyrane.

– Det viktigaste er at det er einigheit om prosedyren. Vi ønsker å forsterke prosedyrane slik at det finst eit sanksjonsregelverk for slike hendingar i framtida, seier Vatshaug til NRK.

NISO-leder Kristoffer Vatshaug

KONTAKTA NFF: Niso-leiar Kristoffer Vatshaug.

Foto: NTB

Niso er kritiske til hendinga og meiner det er viktig at det blir sanksjonert når det er brot som kan vere livsfarlege for spelaren.

Vatshaug seier at det ikkje held for Niso at slike hendingar ikkje blir sanksjonerte.

– Det er ikkje godt nok. Med slike livsviktige hendingar må det finnast ein måte å sanksjonere.

Han har god forståing for at Grøndahl ser på det som krevjande å vite kva prosedyrane betyr når slike hendingar oppstår.

Derfor må legen vere sikker på at avgjerda deira er endeleg, punktum. Viss ho blir overskridt må det komme ein reaksjon.

– Kva endringar burde gjerast?

– Vi må sjå på dette saman med NFF, og kanskje må dommarane involverast meir i slike situasjonar. Legen skal ha det endeleg svaret, utan at spelar eller trenar har noko stemme i saka.

NRK har bede NFF om ein kommentar til saka, foreløpig utan svar.

Iuels private bilde får lagvenninnene til å måpe 00:56

Publisert 23.07.2024, kl. 07.14

Read Entire Article