Politiet ber om forlenga førarkortbeslag

2 hours ago 3



Politiet vil forlenge førarkortbeslaget etter bussulykka i Hadsel 2. juledag, skriv Lofotposten.

Det var etter den tragiske ulykka at politiet tok beslag i bussjåføren sitt førarkort. Sjåføren motsette seg inndraginga, og dermed må politiet i løpet av tre veker be tingretten om å vurdere vidare beslaglegging.

Begjeringa er sendt over til Midtre Hålogaland Tingrett, som vil behandle saka i eit rettsmøte. Dato er ikkje sett.

– Eg har mottatt begjeringa om forlenging av beslaget. Politiet meiner at bussjåføren ikkje opptredde tilstrekkeleg aktsamt, og at dette var årsaka til ulykka. Dersom han blir straffa kan førarkortet bli inndratt i inntil seks månader, altså ved utgangen av juni.

Det opplyser bussjåføren sin advokat, Stig Mortensen, til avisa.

Advokaten meiner ikkje at det er grunnlag for førarkortbeslag.

– Eg har sett videoen, og meiner framleis ikkje at det kan seiast å vere uaktsam køyring, seier han.

Read Entire Article