Person omkom etter å ha blitt påkøyrd av Bybanen

3 weeks ago 20



Siste: Klokka 08.38 melder politiet at den involverte Bybanen er flytta, og at det er opent for trafikk.

Personen blei påkøyrd av Bybanen og blei liggande under fremre del av bana, melde politiet like før klokka halv åtte måndag morgon.

Då politiet melde om hendinga skreiv dei at personen var komen laus, og blei behandla av lege og ambulansepersonell på staden, men at skadeomfanget var ukjend.

Cirka ein halvtime seinare, klokka 07.52, melde dei at vedkomande var død som følge av skadane personen blei påført.

Ulykka skjedde ved eit bybanestopp i Bergen sentrum. Personen skal ha kollidert med bana på ein elsparkesykkel.

– El-sparkesyklisten har kryssa bybanelinja her medan den eine Bybanen var på tur inn mot stoppet her. Det blei ein kollisjon og vedkomande hamna under Bybanen og omkom på staden, seier politiets innsatsleiar Frank Listøl.

Heile bybanelinje 1 hadde driftsstans som følge av ulykka.

Nødetater på stedet etter at en syklist ble påkjørt av Bybanen

Foto: Cato Kristensen

Undersøkingar på staden

Politiet er enno ikkje kjent med kor lenge vedkomande blei liggande under Bybanen.

– Vedkomande kryssa ikkje eit gangfelt, men kryssa bybanetraseen ein annan plass, seier Listøl.

Dei hentar no inn vitneopplysningar, videoovervaking og gjer åstadundersøkingar på staden. Politiet seier det har vore mykje folk på staden, då ulykka skjedde i eit sentrumsnært område.

– Dette har skjedd i morgonrushet og det har skapt store trafikale utfordringar og, seier Listøl.

Innsatsleiar Frank Listøl

– Det er mange som har fått dette med seg, det er veldig sentrumsnært, seier innsatsleiar i politiet, Frank Listøl.

Foto: Cato Kristensen

Bybaneføraren og andre vitne til hendinga får tilbod om vidare oppfølging av mellom anna helsepersonell.

Mykje videovervåking

Havarikommisjonen er varsla etter ulykka, men rykker ikkje ut til staden fordi ulykka er godt dokumentert på video, og fordi det var mange vitne til hendinga.

– Det er videovervåking i alle bybanene i Bergen, slik at ulykka truleg vil vere filma der. Det kan gi oss ei god forståing for kva som har skjedd, seier Listøl.

Først melde politiet at ulykkesgruppa til Statens vegvesen er varsla og på veg til staden, men etter konferanse med innsatsleiar rykker ikkje ulykkesgruppa likevel, melder politiet.

– Dette på bakgrunn av den informasjonen som politiet har innhenta rundt ulykka.

Klokka 08.25 melder politiet at ulykkesstaden er i ferd med å bli frigitt, og at trafikken vil bli forsøkt sett i gang igjen om kort tid.

Etter ulykka var det full driftsstans på linje 1. Like før klokka 08 melder Skyss at Bybanen er innstilt mellom stoppa Byparken og Danmarksplass.

Publisert 22.04.2024, kl. 08.13 Oppdatert 22.04.2024, kl. 08.59

Read Entire Article