Toppmøte om Austersjøen
Norge skal ikkje delta når Nato no startar eit nytt oppdrag i Austersjøen. Samtidig sender Norge ein fregatt til Stillehavet. Det reagerer orlogskaptein Tor Ivar Strømmen på.
Publisert 14.01.2025 13:08
Nato iverksetter operasjon «Baltic Sentry» for å styrke sikkerheita i Austersjøen og beskytte undersjøisk kritisk infrastruktur. Det blei klart under eit toppmøte i Finlands hovudstad Helsinki tysdag.
På møtet deltok Natos generalsekretær og statsministrane for landa rundt Austersjøen. Noregs ambassadør til Finland deltok som observatør, ifølge forsvarsdepartementet.
Nato ønskjer ikkje å gå i detaljar rundt størrelsen på operasjonen, og seier dette kan variere frå veke til veke. Men Natos generalsekretær varslar ei rekke tiltak som kjem på toppen av dagens nærvær i regionen:
– Vi sender fleire skip, fly og ubåtar, og vi iverksetter ytterlegare overvaking, mellom anna med dronar, det sa generalsekretær Mark Rutte på ein pressekonferanse.
Norge deltar ikkje
I romjula tok finnane ein oljetankar i arrest, som dei mistenker for å ha kutta i alt fem kablar i Finskebukta.
Skipet er registrert på Cookøyene, men finske styremakter er sikre på at det tilhøyrer den såkalla «skyggeflåten» til Russland. Skyggeflåten består av stort sett gamle skip med uklare eigarstrukturar, som Russland brukar for å omgå sanksjonane mot olje- og gassektoren.
Nato-operasjonen er eit forsøk på hindre fleire sabotasjar. Men det er ikkje aktuelt for Norge å delta i denne operasjonen per no, uttalte forsvarsdepartementet til TV 2 i førre veke.
– Bidrag til Nato og Austersjøen må balanserast mot å vere til stades i eigne nærområde og sikring av eigen infrastruktur, som også er viktig for våre allierte, opplyste pressevakt Marita Isaksen Wangberg.
Dette poenget forstår orlogskaptein Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskolen godt, men han stiller spørsmål ved prioriteringane som styremaktene har gjort.
Reagerer på prioriteringane
I år skal Norge delta med ein fregatt i ei britiskleia hangarskipsgruppe, som skal segle i Indo-Stillehavet.
– Norge har få fartøy og store utfordringar med manglande mannskap. Når vi sender ein fregatt til Asia, vil det suge kapasitet og mannskap frå alle andre oppgåver, seier orlogskaptein Strømmen, og stiller følgande spørsmål til styremaktene:
– Kvifor får eit bidrag til våre naboar og Austersjøen lågare prioritet enn operasjonar i Asia i lag med britane?
Forsvarsdepartementet står på sitt:
– At Norge bidrar med skip til den britiske hangarskipsgruppa er eit viktig bidrag til ein av våre viktigaste allierte, skriv pressevakt Wangberg i ein e-post.
Ho legg til at operasjonen er eit unikt høve til å styrke Noregs kompetanse på å operere i allierte hangarskipsformasjonar.
– Det vil også bidra til at vi blir i stand til å operere mest mogleg effektivt saman og gi oss nyttig erfaring som vil styrke norsk og alliert forsvarsevne.
Avgrensa høve til å gripe inn
Nato opplyser ikkje kor lenge operasjon «Baltic Sentry» skal vare, men den er venta å halde på i lengre tid.
– Det er ein viss størrelse på operasjonen, men samtidig er det snakk om eit veldig stort område dei skal dekke, seier orlogskaptein Strømmen.
– Det ein kan oppnå er å auke overvakinga av nøkkelområde, og av skip som ein har etterretningsinformasjon om.
Samtidig peikar Strømmen på at havretten legg store avgrensingar på å gripe inn når skip er i internasjonalt farvatn.
– Utanfor 12-mila er det fritt fram, seier Strømmen, og viser til territorialfarvatnet på 12 nautiske mil.
– Det beste Nato kan håpe på utanfor 12-mila er å avdekke og førebygge mistenkeleg eller uønskt aktivitet, men dei kan i avgrensa grad gripe inn, seier Strømmen.
– Dette er fordi det er flaggstaten som har det rettslege ansvaret for å forfølgje rettsbrot i internasjonalt farvatn.
På dagens toppmøte i Finland vedtok Austersjølanda at det skal etablerast ei gruppe sjørettsekspertar. Dei skal sjå etter måtar å gripe inn som er i samsvar med internasjonal lovgiving.