Om Trump og unge norske menn

7 hours ago 2



Foto: Tornes, Erik

Publisert: 22.11.2024 01:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Donald Trump er meir populær hos yngre norske menn enn i andre grupper her til lands. Korleis desse haldningane utviklar seg, blir interessant å følge.

NRK presenterte før presidentvalet i USA ei meiningsmåling utført av Ipsos som viste at 47 prosent av unge norske menn ville stemt på Trump dersom dei kunne stemme.

At Trump har høgare oppslutning hos unge menn enn i resten av befolkninga, synest det å vere semje om. Spørsmålet er meir nivået.

I Aftenposten stiller Jan Arild Snoen spørsmål ved Ipsos-målinga. Han påpeikar at tala i målinga er høge, høgare enn hos andre, og at feilmarginane er store. Han meiner NRK burde gitt meir av bakgrunnstala då vi presenterte Ipsos-målinga på TV.

Det kunne vi godt gjort. Og vi la også inn meir bakgrunn i nettsaka vi lagde i etterkant.

Ipsos si måling er gjort med 1100 respondentar. Zoomer ein inn på gruppa unge menn 20—29, blir talet på respondentar 110.

Jo færre respondentar, jo høgare feilmargin (konfidensintervall). I denne målinga var feilmarginen berekna til 10 prosent, ifølge Ipsos.

Nordmenns haldningar til Trump er interessant å følge. Det blir gjort fleire målingar framover, som vil bidra til å kartlegge desse haldningane etter at valet no er avgjort.

Knut Magnus Berge, redaktør, NRK Nyheter

Read Entire Article