Norsk Tipping har onsdag kveld blitt utsett for eit nytt dataangrep angrep mot selskapet.
Det stadfestar Anne Marit Sletten, senior kommunikasjonsrådgivar i Norsk Tipping til TV 2.
– Det er eit nytt DDoS-angrep i kveld som fører til tregleik i tenestene. Telenor jobbar for å filtrera bort uønskt trafikk, seier ho.
Det var VG som først melde om dataangrepet, som TV 2 no får stadfesta at er eit DDoS-angrep. Dette er same type angrep som selskapet vart utsett for tysdag kveld.
Norsk Tipping held til på Hamar.
Foto: Frode Meskau / NRK– Målretta mot oss
Selskapet er nå i dialog med Telenor for handtering av situasjonen, opplyser Pål Enger, leiar for kommunikasjon i Norsk Tipping, til VG.
– Vi har ingen informasjon om kven som står bak. Men det er tydeleg at nokon har sett seg ut oss som mål. Dei bombarderer oss med data, slik at nettsidene våre går tregare. Dette er målretta mot oss, seier han.
DDoS-angrep er teknisk enkle å gjennomføre, og fungerer ved å overbelaste system med trafikk slik at dei krasjar eller blir utilgjengelege. Dei har sjeldan konsekvensar for personvern sidan det ikkje blir henta ut data, som ved hacking.
Angrep tysdag
Norsk Tipping vart også tysdag kveld utsett for angrep. Situasjonen kom etter kvart under kontroll, og trafikken hos Norsk Tipping gjekk som normalt etter eitt par timars tid.
Angrepet overbelasta enkelte av Norsk Tippings tenester, men det var først og fremst KongKasino-spela som vart ramma.
Telenor sette også då inn tiltak for å avgrensa omfanget. Det er ikkje kjent om det er nokon samanheng mellom angrepa tysdag og onsdag.
Publisert 03.06.2026, kl. 20.25 Oppdatert 03.06.2026, kl. 20.52










English (US)