Norsk våpen-jubel før OL: Denne endringa gjer nordmann til OL-favoritt

1 month ago 18



– Eg har stått som ei kråke, seier OL-skyttar Jon-Hermann Hegg.

Men av og til er to centimeter nok, og no kan ei regelendring ha gjort Hegg til medaljekandidat i Paris-OL.

Før dette OL var skytekvardagen med luftrifla prega av smerter.

Jon-Hermann Hegg fortel om at han har hatt mykje vondt i nakken på grunn av at han måtte bøye seg unaturleg mykje da han skaut, og derfor meiner han sjølv at han stod som ei kråke.

– Det gjekk utover balansen og det gjekk utover synet. Fordi ein må sjå gjennom augebrynet i staden for meir oppreist, seier Hegg og beveger hovudet opp og ned for å vise.

I tillegg sleit Hegg med at han ikkje greidde å trene så mykje, nettopp på grunn av plagene nakkebøyinga hans gav ham.

På mange måtar hadde han rett og slett eit handikap i forhold til konkurrentane med kortare hals enn han sjølv.

– Viss du er 1,50 høg og ikkje har hals, så er det jo greitt. Da kan du berre stå der med børsa, men viss du har lang hals, så er du eigentleg uheldig når det gjeld skyting, seier Hegg.

– Lettare for meg

Men i 2022 kom ei regelendring som endra alt for Jon-Hermann Hegg.

For da vi flippa kalenderen frå 2021 til 2022 så hadde det internasjonale skyttarforbundet bestemt seg for å endre ein regel som sa noko om kor høgt siktet på ei luftrifle kunne vere.

Før 2022 var maksimal høgde seks centimeter. Frå 1. januar 2022 vart maksimal høgde på siktet åtte centimeter.

Og berre sjekk sjølv kva utslag det fekk for Jon-Hermann Hegg:

Jon-hermann Hegg
Jon-hermann Hegg

Legg spesielt merke til nakken til Hegg og kor framoverbøygd han er på biletet før regelendringa.

– Det er lettare for meg å vere stabilt god, synest eg. Og det er nok ein kombinasjon av fleire ting, seier Hegg og ramsar opp:

  • Det er mindre vondt.
  • Det er lettare å stå i balanse.
  • Lettare for synet.
  • Han får trent betre, fordi han slepp å ta pause heile tida på grunn av smerter.

Da Hegg deltok i OL i Tokyo i 2021, med maks siktehøgde på seks centimeter, så vart han nummer 22.

Men rett etter nyttår i 2022 så skrudde Hegg på fire mutterar på siktet sitt og vips så byrja det å losne for den 194 centimeter høge sogningen.

Jeanette Hegg Duestad og Jon-Hermann Hegg

FYRSTE SIGER: Under verdscupen i Kairo i Egypt i 2022 tok Hegg sin fyrste siger på 10 meter luftrifle saman med Jeanette Hegg Duestad på blanda lag. Det var Noregs fyrste siger på øvinga.

Foto: Norges Skytterforbund

I 2022 vann Noreg øvinga blanda lag på 10 meter luftrifle for fyrste gong. Da med Hegg og hans åtte centimeter høge sikte på laget. I OL året før vart Noregs lag nummer 9.

Under eit verdscupstemne i Rio de Janeiro i 2023 tok han for fyrste gong steget opp på pallen individuelt med luftrifla. Da tok han 3.-plass.

Totalt har han vore med på ni pallplassar i internasjonale stemner på luftrifle etter regelendringa.

Rom for meir

EM skyting

EUROPAMEISTERE: I 2023 vart Jon-Hermann Hegg og Jeanette Hegg Duestad europameistere på 10 meter luftrifle, blanda lag.

Foto: Norges Skytterforbund / NTB

Så ein regelendring i 2022 gjorde deg til ei større medaljekandidat i Paris?

Det gjorde det enklare for meg ja. Jo høgare og lengre hals ein har, jo meir får du nytte av det der.

Laurdag 27. juli er Noregs lag med Hegg og lagkompis Jeanette Hegg Duestad blant dei største favorittane når OLs første gull skal kjempast om på 10 meter luftrifle, blanda lag.

Landslagstrenar Espen Berg-Knutsen er ikkje i tvil om at regelendringa var veldig viktig for at Hegg no kjempar i toppen i dei største konkurransane.

– Han hadde eit handikap i forhold til dei som var tettare og ikkje hadde så lang hals. Nå er det langt på veg vorte jamna ut slik at han kan ha dei same føresetnad som dei.

OL-klare skyttere

TRENAR: Espen Berg-Knutsen er trenar for skyttarlandslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Men sjølv om to centimeter kanskje er nok, kunne eit par til vore enda betre.

Hadde det vore noko vits å flytte det enda meir?

– Eg trur nok at han hadde sett pris på enda nokre centimeter. Det er blitt mykje betre, men han har faktisk rom for enda eit par centimeter viss reglene tillèt det.

  • Høyr Jon-Hermann Hegg og resten av det norske laget kjempe om OL-gull på radiokanalen NRK Sport laurdag 27. juli klokka 09:00.

Hei!

Under dei olympiske sommarleikane i Paris jobbar eg hovudsakleg med skyting. Så om du har eit tips til sakar eg bør sjå på, så tek eg det gjerne imot. Eg er også veldig open for både ris og ros. Det er berre å kline til i eit elektronisk brev. 

Publisert 26.07.2024, kl. 18.37

Read Entire Article