Noregs største hyttekommune seier nei takk til turistskatt

2 days ago 10



Avgifta vil gjere Noregsferien dyrare – også for nordmenn. Dette er fleire skeptiske til.

Tysdag la regjeringa fram eit forslag der dei opna opp for at turistar må betale skatt i kommunar dei overnattar i.

Det er opp til kvar enkelt kommune om de vil innføre ordninga, som sikter på å dekke prisen lokalsamfunn betaler for turiststrøymane under høgsesongar.

Forslaget har skapt debatt blant landets kommunar og reiselivsaktørar.

Tommelen ned

Noregs største hyttekommune, Ringsaker kor Sjusjøen ligg, stiller seg tviladen til den såkalla turistskatten.

– Vi ønsker fleire besøkande. Eg trur ikkje ein slik avgift vil vere aktuell med det fyste, seier ordførar Kai Ove Berg (H).

Kai Ove Berg, ordfører i Ringsaker kommune

SKEPTISK: Ordførar i Ringsaker, Kai Ove Berg (H), vil ikkje gå inn for ny avgift for overnattingar nå.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Som Noregs største hyttekommune betyr reiselivet mykje for dei, seier han.

– Besøkande er ikkje opptatt av skattar og avgifter, men at ting er godt tilrettelagt for dei når dei besøker vår kommune.

– Vil ikkje ein turistskatt bidra til tilrettelegging?

– Mogleg, men før ein eventuelt vurderer å innføre turistavgift, vil det vere viktig at kommunen saman med våre proffe reiselivsaktørar vurderer korleis ein slik avgift vil bli oppfatta.

  • Høgre ny ordførar Øyer kommune

    Bo Lindblad / BO LINDBLAD

    Anne Marie Sveipe (H), Øyer

    Ho seier ho i utgangspunktet er positiv til ein turistskatt. Samstundes er ho skeptisk til forslaget som ligg ute, og seier dei først må vurdere korleis ordninga vil slå ut for Øyer.

    Sveip ➡️

  •  Ordfører Turid Backe-Viken (Ap) får omvisning i renseanlegget av Terje Smestad, driftsleder i Vann- og avløp i Trysil kommune.

    Reidar Gregersen / NRK

    Turid Backe-Viken (Ap), Trysil

    Turid Backe-Viken seier at kommunen har vedtak om å greie ut eit besøksbidrag. Sidan ho ikkje har sett forslaget frå regjeringa, har ho førebels ingen kommentarar.

    Sveip ➡️

  • Arne Fossmo - Ordfører i Ringebu kommune  (AP) - 100323

    NRK

    Arne Fossmo (Ap), Ringebu

    Det er for tidleg å gje nokre kommentarar.

    Sveip ➡️

  • Finansminister Trygve Slagsvold Vedum på besøk på Høgskolen i Innlandet i Lillehammerordfører i Lillehammer Hans Olav Sundfør (Krf)

    Aleksandr Nedbaev / NRK

    Hans Olav Sundfør (H), Lillehammer

    Sundfør seier han kan vurdere ein turistskatt, men at det er avgjerande at han ikkje får turistane til å reise andre plassar, og at inntektene blir brukte på fellesgode som kjem turistane til gode.

    Sveip ➡️

  • Truls Gihlemoen (Frp)  på ordførerkontoret i Stange, mens han var fungerande ordførar.

    NRK

    Truls Gihlemoen (Frp), fungerande ordførar i Stange

    – Eg er heilt klart negativ til ein slik ekstraskattlegging. Turisme er ein god inntektskjelde som man bør sjå på som ein fordel, og sørge for å hente inntektene frå turismen på andre måtar, seier Truls Ghilemoen (Frp).

    Sveip ➡️

  • Politikarar frå Arbeidarpartiet og Venstre besøker Tyrilisenteret i Lillehammer, fordi Helse Sør-Øst ikkje forlenger avtalene med de og Tyrili Frankmoseter.

    Bjørnar Morønning / NRK

    Rune Støstad (Ap), næringspolitisk talsperson

    – Fleire kommunar med høgt besøkstrykk har lenge etterspurt ein slik ordning, seier næringspolitisk talsperson Rune Støstad (Ap).

    Han meiner turistskatten kan bidra til tillit mellom turistar og lokalbefolkning.

Høgre-ordførar er open

Men det finst Høgre-ordførarar som er meir positive til skatten.

Birgitte Gulla Løkken (H), som er ordførar i Larvik kommune, seier at det kan bli aktuelt å starte med ein turistskatt.

– Dersom turistskatten innrettast på ein balansert og fornuftig måte, som gjør at vi kan få dekket nokre av desse utgiftene, kan Høgre i Larvik vere innstilt på å vurdere innføring av ein turistskatt, seier Løkken.

Birgitte Gulla Løken

AKTUELT: Birgitte Gulla Løkken (H) i Larvik kommune seier dei kan sjå for seg å greie ut ein turistskatt.

Foto: Philip Hofgaard

Onsdag skal Larvik kommune sjå på eit munnleg forslag om turistskatt som kom under budsjettbehandlinga i fjor.

Løkken seier at det òg kan vere negative sider med å innføre ein slik skatt.

– Desse må vurderast opp mot fordelane når innretninga på ein slik skatt blir kjent.

Fleire ordførarar treng tid

I Sigdal kommune har ikkje ordførar Vebjørn Aasand Seljord (Sp) vurdert skatten, men han er open for at den har gode og dårlege sider.

– Ein kan satse meir på reiselivet og få lagt meir til rette for turisme. Vi må klare å handtere det på ein god måte. Ulempene vil jo vere at det blir ein økt skattleggingsbelastning på både overnattingsstader og turistane, seier Seljord.

– Det kan jo føre til at det blir skilnader kommunane imellom, all den tid det er frivillig for kommunane å innføre det.

Vebjørn Aasand Seljord er ordfører i Sigdal kommune og foretok den offisielle åpningen av sherpastien til Haglebunatten

OPEN: Ordførar i Sigdal, Vebjørn Aasand Seljord (Sp) ser både fordelar og ulemper med å krevje turistskatt.

Foto: Guro S. Kolbjørnsrud

Bør kommunane seie ja til å innføre turistskatt?

Ein ekstra avgift

Marknadssjef Espen Stensvold Rønning i Alpinco, som held til i Hafjell og Kvitfjell, er førebels ikkje positiv.

Espen Stensvold Rønning, markedssjef Hunderfossen

Espen Stensvold Rønning i Alpinco, som driv mellom anna alpinsenterar i Hafjell og Kvitfjell, er skeptisk til forslaget som nå opnar for at kommunar kan krevje besøksskatt.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– I praksis er dette eigentleg ein ekstra moms som kjem på toppen av eit allereie høgt momsnivå for reiselivet. Så det blir eit lite treffande tiltak, slik me ser det.

Han tek atterhald om at han ikkje har fått lese alt, og difor ikkje sett seg grundig i konsekvensane for Alpinco.

Rønning seier han er spent på kva som skjer vidare, og at det er naturleg å ha ein god dialog med kommunane dei held til i om turistavgifta.

Atle Hovi i Beitostølen Resort seier han er positiv, så lenge pengane går til ein pott som kjem turistane til gode.

5YLIOpWO7JDMHJ-P-d517A.jfif

Atle Hovi seier han er positiv om turistskatten blir gjennomført som eit påslag på same måte som poseavgifta, og faktisk kjem turistane til gode.

Foto: Stine Bækkelien

Dette kan til dømes vere vedlikehald av skiløyper eller liknande.

Publisert 20.11.2024, kl. 16.03 Oppdatert 20.11.2024, kl. 16.22

Read Entire Article