Nato med sin hardaste kritikk av Kina til no

1 week ago 12



Jens Stoltenberg klinkar til med ramsalt kritikk av Kina på sitt siste toppmøte som Nato-leiar.

Forsvarsalliansen har tidlegare omtala stormakta som «ein fjern trugsel». Men på dag to av tre av Nato-toppmøtet i Washington, var tonen langt hardare.

I ei slutterklæring signert av alle dei 32 medlemslanda, står det at Kinas grenselause «partnarskap og omfattande støtte til Russlands forsvarsindustri» har vorte avgjerande for at Russland kan halde fram med krigen mot Ukraina.

Natos toppmøte 2024 i Washington, D.C.

Natos toppmøte går føre seg i Washington DC. i desse dagar.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Dette aukar trugselen som Russland utgjer for sine naboar og den euroatlantiske tryggleiken, står det vidare i erklæringa, som vart presentert for pressa av Stoltenberg onsdag kveld.

Vil forverre forholdet

Kina er skulda for å gi Russland viktig teknologi som dei treng for å halde fram med krigen. Det er mellom anna snakk om små databrikker, elektronikk, navigasjonsutstyr og maskindelar.

– Desse gjer Russland i stand til å bygge missil og våpen, men også modernisere gamle våpen frå Sovjet-tida, seier NRKs Asia-korrespondent Philip Lote.

Då Nato-leiar Stoltenberg presenterte erklæringa for pressa i går kveld, slo han fast at Kina ikkje kan halde fram slik.

– Det vil få konsekvensar for Kinas interesser og omdømme i Vesten.

Men han ville ikkje gå i detalj på kva konsekvensar det vil få.

Asia-korrespondent Philip Lote

Asia-korrespondent Philip Lote trur fleire EU-land vil kjenne på presset om å sanksjonere Russland.

Lote seier det er heilt klart at erklæringa vil auke spenninga og forverre forholdet mellom Vesten og Kina. Han trur også at fleire EU-land no vil kjenne på presset om å innføre sanksjonar mot Kina.

– Også vil det verte vanskelegare for Kina å opent selje desse tinga til Russland, seier han torsdag morgon.

«Kald krig-mentalitet»

Reaksjonen frå Kina har ikkje latt vente på seg. Den kinesiske delegasjonen til EU slår tilbake og seier at slutterklæringa er «full av kald krig-mentalitet og krigersk retorikk».

– Nato bør slutte med å hausse opp den såkalla Kina-trugselen og i staden gjere meir for å bidra til verdsfred og stabilitet, seier ein talsmann for delegasjonen torsdag.

Russian President Putin and Chinese President Xi meet in Astana

Xi Jinping og Putin var tilsynelatande glade for å sjå kvarandre på møtet i Shanghai Cooperation Organization i Kasakhstan tidlegare i juli.

Foto: Pavel Volkov / Reuters

Kina har tidlegare sagt at Vesten opptrer hyklersk når dei forsyner Ukraina med ferdigstilte våpen samstundes som dei skuldar Kina for krigsbidrag.

For over eitt år sidan presenterte Beijing ein plan for ei løysing på krigen på 12 punkt. Responsen frå både Russland og Ukraina var lunken.

Men Lote trur at den skarpe responsen frå Kina kan vere mest retorisk.

– Det har kome indikasjonar på at Kina har gjort det vanskelegare for bankar å ta imot pengar for varer selt til Russland. Så sjølv om den retoriske reaksjonen er kraftig, kan det hende dei i praksis faktisk vil avgrense handelen med Russland, seier han.

Konsekvensar for Noreg?

EU skal innføre ein mellombels straffetoll på kinesiske elbilar. Det har Noreg sagt nei til å vere med på.

– Kina har nok lagt merke til dette, så det set nok Noreg i eit litt betre lys, seier Lote.

Jens Stoltenberg i USA for siste toppmøte 7. juli 2024

Jens Stoltenberg er i Washington DC. for sitt siste toppmøte som Nato-sjef.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Samstundes er det ikkje formildande at Stoltenberg, som i går kveld presenterte kritikken av Kina, jo trass alt er norsk.

– Så det vil ikkje vere heilt opplagt at handelen mellom Noreg og Kina vert lik som før. Særleg om situasjonen vert meir spent og Kina held fram med å selje desse varene til Russland, seier Lote.

Høyr meir utanriksnyheiter i Urix-podkasten:

Publisert 11.07.2024, kl. 11.14

Read Entire Article