Viss du bur i Sør-Noreg og håpar på snø i veka som kjem, har meteorologane ein nedslåande beskjed.
Publisert 09.12.2025 13:31
– Det ser jo relativt rufsete ut, då.
Slik opnar vakthavande meteorolog Sander Løklingholm i StormGeo om korleis vêrprognosane ser ut i tida framover.
For delar av landet, og særleg i Sør-Noreg, har regn prega starten av desember. Truleg kan ein sjå langt etter kvit jul.
– Det er mykje lavtrykksaktivitet nord i Atlanterhavet. Det gjer at vi får ein del frontar inn mot Sør-Noreg, vind frå vest og sørvest. Det er vått, vindfullt vêr og milde temperaturar, seier Løklingholm om vêret denne veka i Sør-Noreg.
Fleire farevarsel
Det er sendt ut fleire varsel om mykje regn, flaum og skredfare dei neste dagane.
Frå onsdag kveld til torsdag kveld er det sendt ut gult farevarsel for mykje regn i delar av Rogaland og elles på Vestlandet, sør for Sognefjorden.
I samband med regnet er det varsla at det kan bli flaum og skred på delar av Vestlandet.
Høg snøgrense
No ligg det eit lågtrykk vest for Irland, som er på veg mot Skandinavia og vil gje meir nedbør for store delar av Sør-Noreg tysdag kveld og natt til onsdag, fortel meteorologen.
– Det startar som snø i fjellet, men etter kvart blir det nokså mildt, med snøgrense opp til 1000 meter i morgon, seier Løklingholm.
På indre delar av Austlandet og i Trøndelag kan det kome snø på stader som er mellom 300 og 500 meter over havet, fortel han.
Kan kome snø i nord
I nord ser vêret litt annleis ut.
– Dei ligg framleis inni desse litt kaldare luftmassane, så der er det framleis vintervêr og minusgrader stort sett, seier Løklingholm.
Han legg til at det kan kome mindre mengder med snø.
– Så vil det og blåse friskt i Nord-Noreg, akkurat som i Sør-Noreg. Der ligg vinden meir på ei aust- og søraustleg retning, med litt frålandsvind, seier Løklingholm.












English (US)