«Blir det kvit jul?», spør Meteorologisk institutt friskt i ei YR-melding som vart publisert 1. desember, litt over tre veker før julaftan.
Men alle som håpar på eit klart og tydeleg svar, kan fort bli skuffa.
Der Paul Simon gjorde suksess med «50 ways to leave your lover», så spørst det om YR sin variant «50 prognosar som viser ulikt ver på julaftan», gjer like stor suksess.
Her er fire av variantane:
Meteorologisk institutt har testa ikkje mindre enn 50 ulike køyringar, med små variasjonar, som viser eit intervall på kor temperaturen kan hamne så langt fram i tid.
Statsmeteorolog Siri Wiberg byrjar å le når vi antydar at dei kanskje ikkje heilt veit sjølv enno om det blir kvit jul eller ikkje.
«Nei, vi gjer vel eigentleg ikkje det».
Å seie noko om juleveret 1. desember skulle vise seg å bli ei nøtt. Men statsmeteorolog Siri Wiberg tok oppgåva på alvor.
Foto: Signe Karin Hotvedt, NRKFrå kulde til varme
Beskjeden til publikum frå YR er ikkje så mykje tydelegare heller:
«La oss se på prognosene for julaften👀 Noen er nede i 30 minusgrader i indre strøk🥶 andre har 10 plussgrader på kysten, mens de fleste har noe midt i mellom🌡️»
Ja vel ja.
Berre innanfor dei ulike landsdelane er variasjonen på dei ulike køyringane store, på dei ulike modellane som YR har lagt ut.
- Vestlandet. Her kan det kome variasjonar frå pluss ni grader til minus 23 grader.
- Austlandet. Litt sør for Oslo kan det bli alt frå 9 grader til minus 18.
- Midt-Noreg. Frå minus 23 grader til pluss 10 grader.
- Nord-Noreg. Frå minus 23 grader til rundt 0 grader.
Ved Gåla i Sør-Fron er det kaldt og vinterleg i starten av desember. Vent litt med å konkludere korleis det blir på julaftan.
Foto: Monica ScweinsbergerOg for å gjere det ekstra komplisert kan det nokon gongar vere slik at modellen ikkje slår til heller.
Wiberg forklarar at når ein køyrer ein modell, puttar ein inn alt som finst av observasjonar frå ulike satellittar i notid. Så lagar dei små pertubasjonar, små endringar, for å teste om det påverkar prognosene.
– Dersom det er veldig ustabilt, så blir det store endringar. Dersom vêrsituasjonen er meir varslingbar, så blir kanskje ikkje sprika så store. Men dersom det er veldig store sprik, så tyder det på at det kanskje ikkje er så lett å varsle langt fram.
Alt kan skje
YR konkluderer, ikkje overraskande, med at dei fleste moglegheitene framleis er opne.
Spørsmålet blir om det er noko poeng å legge ut prognosar som dette, 24 dagar før julaftan.
– Det vil eg absolutt seie, seie Wiberg.
Det ligg ei læring i å tolke desse dataa, meiner ho bestemt. Før ho viser til at tidlegare varsla ein kanskje ikkje meir enn ein dag fram.
– Men ein må jo heile tida prøve å varsle meir og meir.
Beskjeden frå meteorologane på YR er at juleveret kan bli alt mogleg.
Foto: Illustrasjon: Meteorologisk instituttEr det då mogleg å få noko ut av desse ulike køyringane?
Wiberg studerer ulike prognosar, medan ho kommenterer:
– Hadde det berre vore raudt over Oslo, men det hoppar jo veldig. Raudt, blått og så raudt igjen.
Eit tydelegare mønster kunne gitt ein indikasjon for temperaturen i Oslo julaftan, men spriken i prognosene gjer det vanskeleg.
Vi gir meteorologen ein siste sjanse.
– Tør du å konkludere noko som helst?
– Nei, eg trur vi ventar litt.
Publisert 01.12.2025, kl. 21.47

















English (US)