Lover hjelp mot russisk propaganda i nord

1 month ago 20



25. oktober 1944 rykka sovjetiske styrkar inn i Kirkenes og jaga dei tyske okkupantane på dør. Det har blitt markert blir 80-årsdagen for den sovjetiske frigjeringa av Aust-Finnmark markert i Kirkenes (sjå faktaboks).

Russland skal markere – ordføraren vil ha hjelp

Nikolaj Konygin er Russlands generalkonsul i Kirkenes. Han fortel at det blir russisk markering den 25. oktober i år. Førebels er ikkje planane spikra.

– Det er for tidleg å seie noko detaljert om det, slår han fast overfor NRK.

Ordførar Magnus Mæland (H) i Sør-Varanger seier Konygin representerer den russiske staten og dermed Putins regime.

– Dei misbruker historia.

Han ber om at nasjonale styresmakter tar ansvar for å motverke propagandaen.

Difor vil Mæland ha regjeringa med på laget under 80-årsmarkeringa den 25. oktober.

Avduking, Frigjøringsmonumentet

Dåverande fiskeriminister Peder Holt held tale under avdukinga av Frigjøringsmonumentet i Kirkenes den 8. juni 1952.

Foto: Arne Marius Karlsen / Finnmark fylkesbibliotek

Nasjonal oppgåve

Dei fleste land i Europa feirar at den andre verdskrigen slutta 8. mai 1945. I Moskva hadde klokka passert midnatt då Nazi-Tyskland kapitulerte. Difor er det 9. mai som er «Sigersdagen».

Også i år markerte det russiske generalkonsulatet i Kirkenes denne dagen ved Frigjøringsmonumentet i byen.

Ordførar Mæland hadde lite til overs for arrangementet.

– Dette er heilt tydeleg utanrikspolitikk. Vi må rett og slett ta tilbake historia og kontrollen over monumenta. Russland har fått lov til å styre for lenge, seier han.

Vil balansere

Statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) i Utanriksdepartementet (UD) seier dei stiller opp. Også han ser på markeringa av 25. oktober som ei nasjonal hending.

Departementet skal saman med Sør-Varanger kommune og Finnmark fylkeskommune planlegge ei best mogleg 80-årsmarkering.

– Den raude arméen frigjorde Aust-Finnmark for snart åtti år sidan. Styrkane trakk seg ut nokre få månader etterpå. Det er eit faktum. Mange andre stader i Europa blei dei ståande i fleire tiår.

Russisk eksiljournalist liker ikkje det ho høyrer under russisk markering i Kirkenes.

Vad Petersson seier det noverande russiske regimet (mis)bruker historia om den andre verdskrigen til å rettferdiggjere den brutale angrepskrigen mot Ukraina.

– Det å knyte krigen i Ukraina til «Den store fedrelandskrigen» er ein sentral del av den interne russiske propagandaen.

Difor må norske styresmakter balansere historiske realitetar

– Då må vi må ikkje bli brukt – eller misbrukt, seier statssekretæren i UD.

Frigjøringsmarkering, 1994

Andrej Kozyrev (heilt til venstre i bildet) var den første russiske utanriksministeren som deltok i markeringa av 25. oktober i Kirkenes.

Foto: Erik Veigård / NTB

Har følgd politiske endringar

Frigjeringsmonumentet i Kirkenes blei avduka sommaren 1952. Politiske endringar har ført til at markeringane ved monumentet har variert mykje opp gjennom åra.

Under den kalde krigen ønska norske styresmakter å halde det på eit lågt nivå. Dåverande fiskeriminister Peder Holt deltok under avdukinga 8. juni 152, medan tilsette ved den sovjetiske ambassaden i Noreg representerte Sovjetunionen.

Andrej Kozyrev den første russiske utanriksministeren som deltok under frigjeringsmarkeringa den 25. oktober. Det var under 50-årsmarkeringa i 1994.

Seinare har Sergej Lavrov deltatt i markeringane i 2014 (70 år) og 2019 (75 år).

Kong Harald var til stades i både 1994, 2014 og 2019. Det var også dei dåverande utanriksministrane; Bjørn Tore Godal (1994), Børge Brende (2014) og Ine Eriksen Søreide (2019).

Dåverande statsminister Erna Solberg deltok under markeringane i 2014 og 2019.

– Det var først etter den kalde krigen at Noreg gjekk aktivt inn for å bruke minnediplomatiet og historiesamarbeidet med Russland. For å skape godt naboskap, fortel Joakim Aalmen Markussen.

Han er historikar og leiar ved institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved UiT Noregs arktiske universitet.

Slik skulle historia brukast for å lage gode tilhøve mellom Noreg og Russland. Og for den norske og russiske befolkninga på begge sider av grensa.

Eivind Vad Petersson på nyhetsgulvet på NRK Marienlyst

Statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) i Utanriksdepartementet (UD) seier dei stiller opp når 80-årsdagen for frigjeringa av Aust-Finnmark skal markerast.

På same nivå

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) sa i Helgemorgen 24. februar at lokalsamfunnet og fylket må handtere 80-årsmarkeringa for frigjeringa av Aust-Finnmark.

– Eg opplever at dei gjer det på ein klok måte, la han til.

Nokre meiner regjeringa er atterhalden og ikkje vil bidra i arbeidet.

– Er det sånn de er her når det er kanapéar og sjampanje? Og så – når dei gode tidene er over – er det kommune og fylkeskommune som må handtere dette?

– Det er ei misforståing. Eg snakkar på vegner av regjeringa, seier Vad Peterson.

Han understrekar at ingen frå den russiske regjeringa får delta på markeringa i haust. Det har vore tilfelle ved fleire av markeringane dei siste 20–30 åra.

– Når det kjem representantar frå den russiske regjeringa, er det naturleg at nasjonale styresmakter og regjeringa er involvert på norsk side.

Vad Peterson viser til at kongehuset har deltatt ved fleire markeringar.

– Da er det uunngåeleg at nasjonale styresmakter er med på eit eller anna vis.

75-årsmarkeringen for frigjøringen av Finnmark

Dåverande utanriksminister Ine Eriksen Søreide møtte Sergej Lavrov, Russlands utanriksminister, i Kirkenes i oktober 2019.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Held fast ved invitasjonen til Zelenskyj

Finnmark fylkeskommune har invitert Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj til minnemarkeringa den 25. oktober

Forskar Julie Wilhelmsen ved Norsk utanrikspolitisk institutt meiner det ikkje er eit klokt val.

Ho viser til at det er eit historisk faktum at Aust-Finnmark blei frigjort av sovjetiske styrkar i 1944. Det kan markerast på ein meir lågmælt måte enn å invitere Ukrainas president.

– Eg skjønner ikkje kvifor ein skal politisere denne hendinga så sterkt, seier ho.

Fylkesordførar Hans-Jacob Bønå seier Zelenskyj allereie er invitert.

– Invitasjonen blir ikkje trekt tilbake – om det skulle komme fleire meiningar om at det er lurt eller ikkje. Det er ei minnemarkering, og vi har valt å gjere det sånn, avsluttar han.

Publisert 18.05.2024, kl. 17.08

Read Entire Article