Legeforeiningar trekk seg frå arbeidet med Helseplattforma

2 weeks ago 16



Legeforeiningane i Møre og Romsdal trekk seg frå arbeidet med å vurdere tryggleiken i Helseplattforma, med umiddelbar verknad.

Det kjem fram i eit brev dei har sendt til Helse Møre og Romsdal.

Dei tillitsvalde legane meiner dei har blitt kalla respektlause, subjektive og alt for kritiske.

– Vi gjorde berre jobben vår som tillitsvalde, seier Igor Jokic i Overlegeforeningen.

Nye pasientjournalar

Eit nytt system for pasientjournalar skal innførast på sjukehusa i Midt-Noreg.

Systemet har hausta mykje kritikk. Det er funne alvorlege feil etter innføringa på St. Olavs, og fleire legar har sagt at dei er bekymra for pasienttryggleiken.

No har sjukehusa i Møre og Romsdal kort tid på seg på å finne ut om det er trygt å innføre Helseplattforma også her om under ein månad.

Besøk på St. Olavs

Som ein del av ein risiko- og sårbarheitsanalyse har ei gruppe tilsette frå Møre og Romsdal besøkt St. Olavs hospital. Av desse var fem legar.

Jokic seier legane hadde fokus på fire risikoområde som dei ville undersøke. Han seier dei leitte etter område ved Helseplattforma som var blitt betre sidan sist:

  • Løysing for handtering av radiologi
  • Handsaming av legemiddel
  • Den generelle oversikta i systemet
  • Meldingsflyt

På St. Olavs studerte dei korleis dei tilsette arbeidde med Helseplattforma. Utsendingane fekk også snakke med kollegaene sine på om korleis Helseplattforma fungerte i det daglege.

– Blei openbert opplevd som for kritisk

Fredrik Einar Tobias Axelsson i Yngre legars foreining seier han ikkje hadde inntrykk av at store endringar til det betre var gjort sidan dei var på eit likeins besøk før jul.

– Det uroar meg at mykje av det som har vore påpeika ikkje er retta opp i enno, seier Axelsson.

Legeforeningen mot ROS analyse Helseplattformen Fredrik Einar Tobias Axelsson Yngre legers forening Helse Møre og Romsdal. Han står i ein korridor på Ålesund sjukehus.

FÅ ENDRINGAR: Fredrik Einar Tobias Axelsson meiner det ikkje har skjedd store endringar med Helseplattforma i den siste oppgraderinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Men då dei tillitsvalde gav tilbakemelding om at dei meinte systemet endå ikkje hadde blitt godt nok, hevdar dei at dei møtte sterk motstand.

– I etterkant av runda på St. Olavs uttrykte vi uro. Vi fortalde om kva vi hadde sett og kva vi hadde opplevd, men det blei openbert opplevd som for kritisk, seier Jokic i overlegeforeininga.

Legeforeningen mot ROS analyse Helseplattformen Igor Jokik leiar i Overlegeforeninga Helse Møre og Romsdal  sit på kontor på Ålesund sjukehus

– Vi gjorde berre jobben vår som tillitsvalde. Vi gav tilbakemeldingar på det vi såg. Det var det vi skulle.

Igor Jokic

Føretakstillitsvald for Overlegeforeningen

Hevdar dei blei kalla respektlause

I eit brev til leiinga i Helse Møre og Romsdal skriv no legeforeiningane at dei etter besøket på St. Olavs hospital blei skulda for å vere respektlause og for å ha hatt ein veremåte som var aksjonsprega.

– Vi fekk tilbakemeldingar om at vi har vore aksjonsprega, respektlause, subjektive og alt for kritiske. Dermed er det sett i tvil om Helse Møre og Romsdal er i stand til å gjennomføre ein objektiv analyse av tryggleiken, seier Jokic.

Legeforeningen mot ROS analyse Helseplattformen Igor Jokik leiar i overlegeforeninga til høgre, Leiar i Yngre Legers forening Fredrik Einar Tobias Axelsson til venstre.

BEKYMRA: Fredrik Einar Tobias Axelsson og Igor Jokic er bekymra for pasienttryggleiken før Helseplattforma skal innførast.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han vedgår at dei har vore kritiske, men ikkje meir enn dei meiner er nødvendig for å sikre pasienttryggleiken.

– I dette arbeidet stiller vi sjølvsagt kritiske spørsmål. Men vi kjenner oss ikkje att i karakteristikkane av vår medverknad og arbeid som føretakstillitsvalde, seier Jokic.

– Vi finn oss ikkje i skuldingane. Dermed valde vi å trekkje oss frå det vidare arbeidet med analysen.

Trekk seg frå arbeidet

I brevet skriv legeforeiningane også at Helse Midt-Noreg skal ha bestemt seg for å sjå vekk frå risikovurderinga frå Helse Møre og Romsdal, og at denne kjem til å bli erstatta av Helse Midt-Noreg si eiga risikovurdering.

Dette har ikkje Helse Midt-Noreg kunne bekrefte eller avkrefte til NRK onsdag ettermiddag.

– No går det føre seg eit spel over hovuda våre. Det spelet ønskjer vi ikkje å vere med på. Vi er opptekne av tryggleiken for pasientane, seier Jokic og legg til:

– Vi er opptekne av arbeidsmiljøet. Dersom vår kritiske stemme blir oppfatta som for kritisk så har vi ingenting i arbeidet å gjere.

Analysen av tryggleiken skal leggast fram for styret i Helse Møre og Romsdal 17. april, og Helseplattforma skal innførast ti dagar seinare.

Vil ikkje diskutere i media

På spørsmål om dei har ein kommentar til det dei tilitsvalde seier dei har opplevd på møtet, skriv Olav Lødemel, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, følgande i ein e-post til NRK:

Vi tykkjer det er beklageleg at tillitsvalde frå legeforeiningane har trekt seg frå det vidare samarbeidet om ROS-analysen. Vi skulle gjerne hatt med alle dei tillitsvalde vidare i prosessen mot ei svært viktig avgjerd. Vi trur ikkje det er føremålstenleg med ein diskusjon i media om kva som vart sagt i dette møtet.

Olav Lødemel direktør i Helse Møre og Romsdal

BEKLAGELEG: Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal beklagar at tillitsvalde har trekt seg frå arbeidet med risikoanalysen, men seier at arbeidet med den held fram. Arkivbilete.

Foto: Remi Sagen

Korleis handterer Helse Møre og Romsdal no då risikoanalysearbeidet? Er det mogleg å gjennomføre utan deltaking frå legane?

Vi vil halde fram med dette arbeidet fram til styremøtet i HMR 17. april. I arbeidet med innføring av Helseplattforma har vi vore opptekne av å involvere verneteneste og tillitsvalde med faste møtepunkt utover det som er vanleg. Dette gjeld også Legeforeininga. Dei har gjeve nyttige innspel i den prosessen vi har hatt så langt som vi vil ta med oss i det vidare arbeidet. Vi skulle helst hatt med legane vidare i dette arbeidet, skriv Lødemel.

NRK har forsøkt å få eit intervju med leiinga i Helse Midt-Noreg onsdag, men har ikkje lukkast med det.

Publisert 03.04.2024, kl. 18.15 Oppdatert 03.04.2024, kl. 19.00

Read Entire Article