KOMMENTAR: Fleirtalspartia i fylket fredar alle linjene på vidaregåande som var føreslått kutta. Men kva med dei som trengde dei ekstra pengane kutta skulle gi?
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Det fanst ein grunn til at fylkesdirektøren føreslo å kutta i alle linjer som stikk seg litt ut. Som gir litt meir. Som er dyre. Blant dei var ein musikk-klasse på Vågen, toppidrett på Svithun, den internasjonale linja på St. Olav, forskarlinjene på fleire skular. Det var YSK, linjene som gir både yrkes- og studiekompetanse. Det var Ungt entreprenørskap. Og det var også Bergelandsmodellen.
Det går jo ikkje
Og eg har tenkt at dette går jo ikkje. Vi kan ikkje kutta i utdanning, ikkje nå. Mens alle er rørande einige om at vi kjem til å gå tomme for folk før vi går tomme for pengar, at vi treng å få alle mann til pumpene, at vi treng meir bakkemannskap, vi treng fagarbeidarar, lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar.
Og vi treng dei som går litt sine eigne vegar, som går på eigen gass, som ikkje vil innretta seg heilt etter oppskrifter og mål og fasitar på når du får ein seksar, og som kanskje heller ikkje trur slike fasitar er nok til eit godt liv.
Vi treng dei som strekker seg lenger, som tar internasjonal linje, som legg seg på olje-tradisjonen i Rogaland om å samarbeida med dei vi treng å samarbeida med. Vi treng dei som med eigne hender skrur fram nye teknologiske løysingar, vi treng dei som dryler til med alt dei har av talent, og vi treng så definitivt folk som ennå forstår at musikk, dans og drama gir blikk på verda og framtida som er nødvendige for å forstå.
Dei såg det
Fleirtalspartia i Rogaland, Høgre, Frp, Venstre og KrF, har tenkt omtrent sånn. Dei såg det. Dei bevarer alle desse linjene.
Det skulle også berre mangla. For i Norge har vi ordna samfunnet på ein måte som gjer at det i svært, svært stor grad er dei vidaregåande skulane som er portopnarane til arbeidslivet. For heile ungdomsgenerasjonen. Anten du skal bli industrimekanikar, frisør eller jurist. Vi står på eitt bein. Då må det beinet ha skikkeleg gode musklar og balanse, for å bli i bildet. Og det må kosta.
Eg skulle ønska det ikkje var sånn. Eg skulle ønska at vi lèt folk sleppa ut av skulen og inn i arbeidslivet før. Og på andre måtar. Men når det ikkje er sånn, så er vidaregåande skule håpet vårt. At dei klarer laga mange nok vegar og mange nok måtar å få seg ei utdanning, eit fagbrev, ein jobb på. Vi har lagt alt der.
Redda
Rogaland er veldig gode på det. På å få folk gjennom skulen, finna læreplassar, bli ferdige, koma seg ut på andre sida. Utan å falla av, eller gå seg heilt fast.
Det finst elevar på musikk som hadde sett mørkt på å ta beine vegen gjennom skulen. Det finst variantar i yrkesfag som lar deg læra i arbeidslivet. Bergelandsmodellen er ein slik. Den var også føreslått kutta. Og det hadde gjort dobbelt så vondt som ein del av dei andre. For elevane i Bergelandsmodellen har ikkje så mange andre vegar å gå. Men dei har denne. Der dei tidleg og ofte får læra mens dei jobbar. Der skulen stiller med lærarar ute på arbeidsplassen. Der dei har fått over 70 prosent av dei som begynner til å velja å gå for fagbrev.
Fleirtalet redda Bergelandsmodellen også. Det var den eg først leita etter, på lista over alle som skulle reddast.
Men så?
Det var jo ein grunn til at kutta blei føreslåtte. For mange fleire elevar, veldig mange fleire elevar, treng ekstra hjelp. Ekstra oppfølging, tilrettelegging. Ekstra vaksne, lærarar, spesialpedagogar, assistentar. Nokre av dei elevane kjem over i vidaregåande og har ein pengepott med seg. Men slett ikkje alle. Veldig mange fleire enn før kjem inn på den ordninga der dei av ulike grunnar går utanom det vanlege opptaket. Dei har vore sjuke, dei har slite så alvorleg at dei ikkje har klart det vanlege ungdomsskuleløpet. Men det følger ingen pengepott med dei.
Det er vidaregåande skule som er håpet for desse elevane også. At dei kan få henta seg inn. At dei kan få ein ny start. At dei kan få gå ein ekstra runde eller to. For vi treng dei jo. Og dei treng å få ta ein plass blant oss.
Og mens vi diskuterer kvifor det er sånn, om det er pandemien, om det er smart-telefonen, om det er den altfor teoritunge skulen, om det er uoppnåelege mål for altfor mange, om det er for lite pengar i kommunane. Om dei toler for lite, om foreldra er for unnvikande, om vi gir barna våre for lite omsorg og vaksenkontakt. Mens vi diskuterer alt dette, så er det vidaregåande skule som skal handtera at det er sånn. Det var difor det blei føreslått å kutta i linjer. Pengane skulle flyttast til dei som treng meir hjelp.
Kor tar dei det frå?
Nå har politikarane sagt at dei ikkje kuttar i linjer. Kor skal dei då ta pengane frå, for å fylla på hos dei som treng det aller mest? Det er snakk om 27 millionar kroner ekstra i åra framover.
Det vil dei ikkje seia noko om ennå. Det kjem over helga, når heile budsjettet frå fleirtalspartia skal leggjast fram.
Fylket har fått 63 millionar ekstra frå regjeringa i krisepengar. Det er varige pengar, dei blir der, år for år. Dei kan leggjast til nå, for dei var ikkje med i fylkesdirektøren sitt budsjettforslag. Men kor skal dei leggjast til?
Nei, det er ikkje over. Dette er sjølve testen på om politikarane har sett og forstått heile bildet. Om dei ser også dei som ikkje har krefter til å ropa høgast, eller har folk som ropar for dei:
Dei som trengde pengane kutta skulle gi.
Publisert:
Publisert: 20. november 2024 14:09