Ventar på dommen i massevaldtektssaka:
50 menn er tiltalte for å ha valdteke Gisèle Pelicot (72) medan ho var dopa ned. Slik forklarer dei seg.
Publisert 18.12.2024 00:18 Sist oppdatert 9 minutter siden
I Frankrike blir dei kalla «Monsieur-Tout-Le-Monde», som kan omsettast til «Herr Kvarmannsen». For dei 50 tiltalte representerer eit bredt spekter av det franske samfunnet.
Dei har ulike yrke, ulik etnisitet, dei er unge og gamle, tjukke og tynne.
Filma 200 valdtekter
Men ifølge tiltalen har dei éin ting til felles: Dei møtte alle opp i heimen til Gisèle Pelicot for å valdta ho, mens ho var så neddopa at ho var bevisstlaus.
Dei tiltalte har ein annan ting til felles også, som heller ikkje styrkar deira sak. Det kjem seinare i artikkelen.
Valdtektene blei organisert av ektemannen hennar, Dominique Pelicot (72). Og han filma overgrepa.
Til saman blei over to hundre valdtekter dokumentert over ein periode på nesten ti år.
Over åtti ulike menn er filma, men politiet klarte ikkje å identifisere alle.
Dette er saka:
- Valdtektene starta truleg i 2011, men overgrepa blei først oppdaga for tre år sidan.
- Då blei Dominique Pelicot tatt på fersken mens han tok bilder opp skjørta til kvinner på eit kjøpesenter.
- Då politiet etterforska den saka, kom dei over tusenvis av bilder og videoar. Dei viste at mange titals menn valdtok Gisèle Pelicot medan ho var bevisstlaus.
- Avsløringane kom som eit stort sjokk på Gisèle Pelicot, som ikkje huskar noko av overgrepa.
- Over tid hadde ho vore bekymra over svarte hol i hukommelsen og plager i underlivet. Ho frykta ho var alvorleg sjuk, og oppsøkte både nevrologar og gynekologar, uten å få noka forklaring på kva som feilte ho.
- Då sanninga kom for ein dag, skilte ho seg frå Dominique Pelicot. Også parets tre barn og barnebarna har kutta all kontakt med faren.
- Rettssaka mot Dominique Pelicot og 50 andre menn på mellom 26 og 74 år starta i september i Avignon i Frankrike. Dom er venta 20. desember.
- Gisèle Pelicot insisterte på opne dører under rettssaka. Dette for å sette fokuset på kor mange kvinner som blir valdtekne, og for å gjere kvinner merksame på at dei kan bli dopa ned.
- Gisèle Pelicot er opptatt av at det ikkje er kvinnene som skal føle skam etter overgrep. -Skammen skal bytte side, har ho uttalt.
- Pelicot har blitt hylla for sitt mot, og mange har møtt opp utanfor rettslokalet for å vise si støtte.
- Mange stader har det dukka opp gatekunst til ære for Gisèle Pelicot, som av mange blir sett på som eit feministikon.
- Eksmannen Dominique Pelicot er under etterforsking for andre saker også. Han har innrømt forsøk på valdtekt av ein 19-åring i 1999. Han er også under etterforsking for valdtekt og drap på ei ung kvinne i 1991, noko han nektar straffskuld for.
Ektemannen fann overgriparane på internett. På ei chatteteneste, som no er stengt, skreiv han mellom anna:
«Eg søker etter ein pervers medskyldig som kan forgripe seg på kona mi, som har blitt dopa ned.»
Opptaka av overgrepa viser at enkelte av dei tiltalte gav tommel opp til kameraet undervegs.
Korleis kunne det skje?
Pelicot har forklart i retten at han hadde funne ei dose med medikament som slo kona ut i rundt sju timar. Det gav han nok tid til at han og ein annan mann, eller fleire andre menn etter kvarandre, kunne valdta kona. Deretter vaska han ho og tok på ho pysjamasen igjen.
Han delte også mykje av overgrepsmaterialet på nettet.
Gisèle Pelicot sjølv ante ikkje at dette hadde skjedd. Ho har forklart at ho trudde ho og ektemannen gjennom femti år hadde hatt eit nært forhold.
Saka har rysta Frankrike, og fått stor merksemd verda over. For korleis kunne dette skje? Korleis kan tilsynelatande vanlege folk bli med på noko slikt?
– Ordinære menneske gjer ekstraordinære ting, sa ein av forsvarsadvokatane, Antoine Minier.
Han representerer tre av dei tiltalte.
– Eg trur nesten alle kan hamne i ein situasjon – vel, kanskje ikkje akkurat som denne – men kan vere mottakelege for å begå eit alvorleg lovbrot, sa advokaten til BBC.
Påtalemakta har bede om straffer på mellom fire og 20 år. Dom i saka er venta 20. desember.
Ingen av dei tiltalte kan nekte på at dei har vore i Pelicot-huset sidan dei blei filma, men omtrent alle nektar straffskuld for grov valdtekt.
Men Dominique Pelicot har innrømt alt, og påtalemakta har bede om maksstraffa på 20 års fengsel.
Hevdar dei ikkje visste
Før overgrepa blei kjent, blei Dominique skildra som fin fyr som likte å ta med barna og barnebarna på fotballkampar, og som elska å arrangere bursdagsfestar for ungane.
No blir han skildra som den verste valdtektsmannen i nyare fransk historie.
Fleirtalet av dei tiltalte hevdar Dominique Pelicot overtydde dei om at Gisèle var med på det, at det var ein sexfantasi, men dette avviser Pelicot.
Han seier han gav mennene nøye instruksjonar for å unngå at kona vakna, til dømes måtte dei snakke lågt og varme opp hendene sine før dei rørte ho.
– Alle visste kva dei gjorde, dei kan ikkje nekte for det, har Dominique Pelicot forklart i retten.
Enkelte av dei tiltalte hevdar at dei sjølv blei dopa ned av ektemannen og difor ikkje kan huske kva dei gjorde, men Dominique Pelicot nektar for at han har dopa andre enn kona.
– Eg er ein valdtektsmann, som alle dei andre som er i dette rommet. Dei kan ikkje seie noko anna.
Dominique Pelicot bad ekskona om tilgjeving under rettssaka, og viser til at han sjølv blei utsett for overgrep då han var barn.
– Kan gjere som han vil
Ei rekke av dei andre tiltalte har også hevda seg utsett for overgrep i barndommen.
Samtidig har fleire av dei fortalt etterforskarane at valdtektene ikkje kan kallast valdtekt sidan ektemannen hadde godkjent det.
– Han kan gjere som han vil, det er hans kone, forklarte ein av dei til politiet, ifølge The Guardian.
Den lågaste straffa påtalemakte ber om, er fire år. Det er mot ein 69-åring, som blir identifisert som Joseph C. Han er ein pensjonert trenar, og blir skildra som ein ivrig bestefar.
Hiv-positiv
Romain V. (63) risikerer 18 års fengsel. Han var hiv-positiv, noko han var fullt klar over. Likevel valdtok han Gisèle Pelicot ved seks ulike anledningar utan å bruke beskyttelse.
Gisèle blei ikkje smitta med HIV, men det viste seg seinare at ho hadde fått fire andre seksuelt overførbare sjukdomar etter alle valdtektene.
Ein av de tiltalte, Christian L., ein frivillig brannmann, hadde denne forklaringa på det han har gjort:
«Kroppen min valdtok ho, men hjernen min gjorde det ikkje.»
Ein av dei få som har innrømt valdtekt, er grønnsakhandlaren Jerome V. Han valdtok Gisèle Pelicot ved seks ulike høve, og forklarte at han likte ideen om at han kunne gjere som han ville med ho. Og så skulda han det heile på sin «ukontrollerbare seksualitet».
Fleire nektar straffskuld. Ahmed T., ein 54 år gammal røyrleggar, argumenterte for at dersom han hadde planlagt å valdta nokon, ville han ikkje ha valt ei kvinne i 60-åra.
Redouane A., ein 40 år gammal arbeidsledig mann, hevda at dersom han hadde hatt til hensikt å valdta Gisèle, ville han ikkje ha tillate ektemannen hennar å filme det.
«Copycat» valdtok eiga kone
Nokre av mennene påstår at dei blei skremt av Dominique Pelicot. Redouan E., ein sjukepleiar, fortalde gråtande til retten:
– Kanskje de ikkje kan sjå det på videoane, men eg var verkeleg livredd!
Den einaste av dei 50 som ikkje er tiltalt for valdtekt av Gisele Pelicot, er Jean-Pierre M. (63). Men han er tiltalt for ei rekke andre forhold.
Han blir kalla Dominique Pelicots disippel, og her er forklaringa: Jean-Pierre seier Dominique lærte han korleis han skulle dope ned si eiga kone. Så då gjorde Jean-Pierre det. Og han valdtok kona si over ein periode på fem år.
Jean-Pierre M. lot også Dominique Pelicot få valdta kona si ei rekke gonger, noko Pelicot har innrømt.
Jean-Pierre M. skuldar alt på Pelicot, som han såg på som «ein fetter». Påtalemakta ber om 17 års fengsel for Jean-Pierre M.
Ingen gjekk til politiet
Forsvaret viser til eit anna fellestrekk mellom dei 50 tiltalte: Ingen av dei gjekk til politiet. Og det trass i at fleire innrømmer at dei mistenkte at noko var gale.
Jacques C., ein 73 år gammal tidlegare brannmann, sa han hadde vurdert å gå til politiet, men «så heldt fram livet berre».
Patrice N., ein 55 år gammal elektrikar, sa at han «ikkje ønskte å kaste vekk heile dagen på politistasjonen.
I starten av rettssaka blei Gisèle Pelicot spurt om mennene kunne ha blitt manipulert av mannen hennar. Ho rista på hovudet:
– Dei valdtok meg ikkje med ein pistol mot hovudet. Dei valdtok meg med fullt overlegg.
Nesten som ein ettertanke spurte ho:
– Kvifor gjekk dei ikkje til politiet? Sjølv ein anonym telefonsamtale kunne ha redda livet mitt.
– Men ingen gjorde det, sa ho etter ei pause.
– Ikkje ein einaste av dei.