Kritisert for rå maktkamp – no kan Giske sikre seg stortingsplassen

1 week ago 10



Åtte av ni medlem i nominasjonskomiteen og 14 av 20 kommunelag vil ha Per Olav Skurdal Hopsø på Stortinget.

Men Trond Giske har dei største kommunepartia i ryggen og fleirtalet av stemmene dersom alle stemmer slik dei har lova.

– Eg føler meg trygg på det med mindre nokon snur, seier Trond Giske like før nominasjonsmøtet startar.

For i tillegg til Trondheim Ap har Giske støtte i Røros, Oppdal og Malvik. Saman tel kommunelaga 71 delegatar på nominasjonsmøtet.

Av 133 delegatar treng kvar kandidat 67 stemmer for å få fleirtal og bli vald inn på stortingslista.

Kritisert for rå maktkamp

Heilt sidan han blei vald som nestleiar i Trondheim Ap i februar har Giske blitt kritisert for rå maktkamp og skittent spel.

Og etter at nominasjonsprosessen tok til i Trøndelag Ap har ikkje kritikken blitt mindre.

Nominasjonsprosessen i Trøndelag Ap

Arbeidarpartiet i Trøndelag er i gang med å finne ut kven som skal representeret partiet frå Trøndelag etter stortingsvalet neste år. Partiet skal kome fram til ei liste over kandidatar for Nord-Trøndelag og ei liste for Sør-Trøndelag. For sjølv om Trøndelag blei eit samla fylke i 2018 er framleis Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag kvar sine valdistrikt.

Etter kvart steg i nominasjonsprosessen har politikarar kritisert Giske støttespelarane hans for kupp, trugslar og utpressing.

Eit sentralt tema har vore at fleire medlem frå Giske sitt lokallag, Nidaros sosialdemokratisk forum, bytta til andre lokallag før viktige møter.

Fleire klager blei sendt inn og styret i Trøndelag Ap konkluderte med at dette er i strid med god organisatorisk praksis.

Også då Giske for halvanna veke sidan sikra seg kontroll over kven Trondheim Ap sender til nominasjonsmøtet blei han kritisert igjen for å vere udemokratisk.

Ikkje første forsøk på eit comeback

Det er ikkje første gong Trond Giske gjer seg ut på eit comeback i politikken.

Etter at han gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet i 2018 i kjølvatnet av varslar om seksuell trakassering, har Giske forsøkt å gjere fleire comeback i politikken.

Då han forsøkte å bli vald inn som leiar i Trøndelag Ap i 2020 forlèt representantar frå AUF årsmøtet i protest då Giske skulle halde tale.

AUF sin delegasjon på Trøndelag Ap sitt fylkesårsmøte valde å forlate salen då Trond Giske gjekk på talarstolen.

Fleire varslar om seksuell trakassering dukka opp frå Ap i Trøndelag og Giske trakk seg stortingskandidat.

Giske har heile tida nekta for å ha brote Ap sine retningslinjer om seksuell trakassering.

I 2021 blei Giske vald til leiar for Nidaros sosialdemokratisk forum, eit lokallag i Trondheim Arbeidarparti.

Giske sitt lokallag har vakse fort og er i dag det største lokallaget i Noreg med over 4400 medlemmar.

Publisert 30.11.2024, kl. 13.36 Oppdatert 30.11.2024, kl. 13.57

Read Entire Article