Krev handling: – Kan ikkje stikke hovudet i sanden

1 month ago 18



– Når vi veit samanhengen mellom psykisk helse og økonomi, så er det uforståeleg at dette ikkje har ein større plass i våre system, seier Seher Aydar, stortingspolitikar frå Raudt. 

Ho meiner regjeringa må gjere meir for å førebygge mot at økonomiske problem fører til psykisk vanhelse og, i yttarste konsekvens, sjølvmord. 

– Eg er uroa for at endå fleire skal hamne i ein vond sirkel der dei ikkje får hjelp til det som er den eigentlege grunnen til at dei slit. 

 Martin Fønnebø / TV 2
KREV HANDLING: Seher Aydar meiner regjeringa må gjere meir for dei som har minst. – Jobb nummer ein er å motkjempe fattigdom. I mellomtida må vi i det minste ha tiltak på plass for å hjelpe dei som har hamna der. Foto: Martin Fønnebø / TV 2

Denne veka kom SSB med tal som viser at dei som har forbruksgjeld, har lågare livskvalitet. Aydar meiner dette nok ein gong stadfestar at utrygg økonomi skapar helseproblem. 

– Eg er djupt uroa for at folk blir overlatne til seg sjølv med uhandterbar gjeld, spesielt når vi veit korleis det påverkar livskvalitet og ikkje minst helsa, seier Aydar. 

Ho meiner dagens tiltak ikkje er nok. 

For lite fokus 

Sommaren 2023 la regjeringa fram ein ny opptrappingsplan for psykisk helse

Her blei det mellom anna lova tre milliardar kroner ekstra til psykisk helse dei neste ti åra. 

Aydar er likevel kritisk til planens manglande fokus på økonomi. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
PROBLEM: Gjeldsregisteret spår at mange kjem til å få betalingsutfordringar i tråd med at nordmenns forbruksgjeld aukar. Illustrasjonsbilde. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Det er ein svakheit at planen ikkje inneheld tiltak som møter samanhengen mellom økonomisk utryggleik, uhandterbar gjeld og mental helse, særleg fordi vi står i ei tid der ein stor del av befolkninga går i minus kvar månad.

Før jul fremja Raudt difor eit forslag i Stortinget, der dei foreslo at gjeldsrådgjeving skulle bli ein fast del av tilbodet rask psykisk helsehjelp. 

Dei foreslo også at alle distriktspsykiatriske sentre og institusjonar innan psykisk helse og rus skal få tilgang på gjeldsrådgjevarar. 

Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp er eit gratistilbod i den kommunale helsetenesta for behandling av innbyggarar over 16 år med angst, mild til moderat depresjon, søvnvanskar og/eller byrjande rusmiddelproblem.

Gjennomsnittleg oppfølgingstid er 6-8 veker.

Kommunane står fritt til å organisere tenestene sine slik dei ønskjer, etter lokale forhold og behov.

Dei som jobbar som terapeutar har ikkje opplæring, kompetanse eller føresetnader for å gi gjeldsrådgjeving eller økonomisk rådgjeving, men skal vise til gjeldsrådgjevar i kommunen ved behov.

Kjelde: Helsedirektoratet.

Forslaget blei stemt ned. I staden blei det vedtatt eit oppmodingsvedtak for å sikre at tiltak for å avdekke og handtere gjeldsproblematikk og økonomiske problem får ein plass i det sjølvmordsførebyggande arbeidet. 

– Det er vel og bra, men ein kan ikkje stikke hovudet i sanden og tru at det er nok. Her må ein gjere noko konkret basert på dei faktiske problema folk har, meiner Aydar. 

– Uhøyrd

Aydar er ikkje den einaste som meiner at det trengst sterkare lut til enn det Stortinget vedtok like før jul. 

–  For å seie det rett ut, dette er partipolitikk på sitt aller verste, meiner Arne Holte.

 Truls Aagedal / TV 2
TRENGS MEIR: Arne Holte er positiv til at Stortinget har vedtatt å gi gjeldsproblematikk ein plass i det sjølvmordsførebyggande arbeidet, men meiner det trengs fleire konkrete grep. Foto: Truls Aagedal / TV 2

Holte er professor emeritus i helsepsykologi og tidlegare direktør i Folkehelseinstituttet. Han har forska mykje på samanhengen mellom økonomi og psykisk helse. 

Han meiner det er flott at gjeldsproblematikk skal få ei rolle innan sjølvmordsførebygging, men reagerer på at det konkrete tiltaket blei stemt ned. 

– Stortinget sa nei til å bygge inn tiltak mot betalingsvanskar og uhandterbar gjeld i planen. Det er uhøyrd, seier Holte. 

– Vi veit at betalingsvanskar og uhandterbar gjeld forverrar psykiske lidingar og hindrar at folk blir friske. 

 Mathias Kleiveland / TV 2
AUKAR: Samla forbruksgjeld i Noreg har stige til 160 milliardar kroner ved siste årsskifte. Det tilsvarar ein auke på åtte prosent på to år. Illustrasjonsbilde. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Holte viser også til ein svensk studie som tyda på at kvar femte svenske med gjeldsproblem har forsøkt å ta sitt eige liv ein eller fleire gongar. 

Trenger du noen å snakke med?

Det finnes flere hjelpetelefoner, chat-tjenester og støttegrupper der du kan dele tanker og følelser helt anonymt, og få støtte, råd og veiledning.

For barn og unge:

Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan være til hjelp når du har det vanskelig (ung.no).

Han meiner difor det trengst eit tettare samarbeid mellom finansnæringa og helsevesenet. 

– Vi må gi finansnæringa betre kunnskap om psykisk helse, og helsepersonell trening i å spørje om betalingsvanskar og gjeld, seier Holte.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
DYRTID: Det siste året har vore prega av dyrtid i form auka rente, svak krone, høge straumprisar og dyre matvareprisar. Illustrasjonsbilde Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Han meiner og det trengst ei større samlokalisering av Nav og primærhelsetenesta.

– Dette har dei gjort forsøk på i England. Då opplevde dei færre psykiske plagar knytt til gjeldsproblematikk ved at rådgjevarane og helsepersonell samarbeidde tettare, seier Holte. 

Inspirert av England

TV 2 har tidlegare fortalt om korleis enkelte bankar har byrja ta grep for å fange opp kundar som slit. 

Mellom anna Sparebank 1 SMN har oppretta eit finansielt helseteam som tilbyr samtalar med gjeldsrådgjevarar og psykolog ved behov. 

Ingvild Stjernen Tisløv, psykologspesialist i Reynd AS, er blant initiativtakarane som mellom anna har latt seg inspirere av England.  

– I Storbritannia har dei gjort ei lovendring som pålegg finanstenester for å ha ein policy for korleis dei skal følgje opp sårbare kundar, seier Tisløv. 

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
TAR GREP: Psykologspesialist Ingvild Stjernen Tisløv ønskjer meir samarbeid mellom helsesektoren og banksektoren. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Ho fortel vidare at fleire større bankar har eigne spesialteam med helsepersonell og jobbar aktivt med kommunikasjon for å betre ivareta folk i sårbare situasjonar. 

I tillegg har dei moglegheit til å innføre ein form for «purre-stopp». I England kallast konseptet for «Pusterom», og inneber at kreditorane må stoppe all økonomisk pågang medan folk er sjuke eller indisponerte. Det kan vere alt frå 3 til 6 månader. 

– Her har vi mykje å lære, seier Tisløv. 

Ikkje nok

Aydar og Raudt meiner det er bra at også banknæringa i Noreg byrjar å ta grep, men etterlyser liknande tiltak frå det offentlege. 

– Dette er eit politisk ansvar. Alle må sikrast den hjelpa dei treng, uansett kvar dei bur, kva bank dei har og uansett kor god råd dei har.

 Gorm Roseth/TV 2
VIKTIG: Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) i Helse og omsorgsdepartementet seier dei meiner det er viktig å ha fokus på samanhengen mellom økonomi og psykisk helse. Foto: Gorm Roseth/TV 2

TV 2 har vore i kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet, som seier dei jobbar med tematikken. 

– Dette er absolutt relevante problemstillingar og er ein del av det vidare arbeidet med opptrappingsplanen for psykisk helse, seier Karl Kristian Bekeng, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet (Ap). 

Read Entire Article