Denne veka deltok 25 ungdommar frå Palestina og Libanon på Norway Cup.
På t-bana heim frå Ekebergsletta i Oslo dansa ungdommane til Karpe si låt PAF.no og la ut video på Instagram.
Det fekk rap-duoen med seg, og inviterte ungdommane til å kome på den første av dei ti konsertane Karpe skal spele i Oslo Spektrum.
Den første starta i kveld.
– Det er veldig gøy at dei vart merksame på oss, seier Altayeb Albuhaisi (14).
Han er ein av ungdommane, og skal i dag på sin første konsert.
– Eg gler meg veldig.
14-år gamle Altayeb Albuhaisi gler seg til konsert.
Foto: André Børke / NRKSkal gi fotballpokalen til Karpe
Dei stilte med to fotballag på Norway Cup, eit jentelag og eit gutelag.
Gutelaget vann bronse i cupen, og som takk for at dei får kome på konsert seier Albuhaisi at dei skal gi pokalen til Karpe.
Det fekk fotballgjengen høve til. Dei møtte nemleg Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid før konserten starta.

Fotballaga frå Palestina står utanfor Oslo Spektrum og ventar i spenning før dei skal på konsert til Karpe.
Foto: André Børke / NRK

Det er mykje dans og moro før ungdommane skal inn på konserten.
Foto: André Børke / NRKUngdommane er i Noreg i ei tid der heimstaden deira er under angrep.
Fredag sa Palestinske styresmakter at minst ti menneske er drepne og 79 skadde etter israelske angrep mot Gazastripa. Israel har varsla at angrepa vil halde fram ei veke til.
Over 100.000 billettar er selt
Over 100.000 konsertbillettar til Karpe-konsertane er selt, og ingen andre har gjort dette før.
Då NRK møtte duoen tidlegare i veka innrømma Chirag og Magdi at dei er stressa.
– Vi tenker på alle detaljane som skal på plass før showet – så ja, svarte Magdi.
Karpe klar for 10xSpektrum.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKKonsertane skulle eigentleg gå av stabelen i august 2021, men vart flytta til 2022 grunna korona.