Mann frikjent etter å ha blitt kasta ut frå bar i Bergen.
Det var i januar 2023 at mannen i slutten av 50-åra var ute på byen i Bergen sentrum. I 21-tida meinte bartenderane at han hadde fått nok å drikke.
Dei kontakta vektaren som stod i døra. Han bad først bargjesten drikke vatn resten av kvelden.
Men då mannen på nytt prøvde å bestille alkohol i baren, gjekk vektaren bort til han igjen.
– Han bad tiltalte forlate staden, men tiltalte ønskte ikkje det. Etter dette uttalte tiltalte fleire gonger til vektaren «jævla neger» og «parasitt», seier Hordaland tingrett om hendingsgangen.
Frikjend
Vektaren var mørkhuda. Han forsøkte så å føre den ufine bargjesten ut av lokalet, men då prøvde mannen å slå han.
Etter kvart hamna mannen i klammeri med politibetjentane som kom til staden for å ta han med seg. Dette blir han dømt for i den ferske dommen frå tingretten.
Men mannen blir frikjent for straffelovas paragraf 185, gjerne omtala som «rasismeparagrafen».
«Skjellsordliknande»
Hordaland tingrett har delt seg i eit fleirtal og mindretal.
Det er dei to meddommarane som frikjenner mannen for hatefull og/eller diskriminerande ytring.
I sin argumentasjon skriv dei at «jævla neger» og «parasitt» var sårande og nedsettande ovanfor vektaren, men likevel ikkje straffbart etter paragraf 185, i deira syn.
– Tiltalte sine handlingar blir sett på som meir skjellsordliknande utsegner til vektaren, meiner meddommarane.
Dei viser til ein dom frå Høgsterett der ein domfelt kalla ein dørvakt for «jævla neger», «jævla svarting» og «hvorfor tillates negre å jobbe i Norge».
– I den saka blei det lagt til grunn at formålet var å nedverdige fornærma og underkjenne han som dørvakt ut frå hudfargen. I vår sak er det ingen skuldingar mot vektaren om at han på grunn av hudfarge/etnisk opphav var ueigna for arbeidet han utførte, meiner meddommarane.
Straffeloven § 185
Slår fast at «Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen» på grunn av personens gruppebaserte tilhørighet. Gruppebasert tilhørighet kan for eksempel være hudfarge eller nasjonal eller etnisk opprinnelse, religion eller livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, eller nedsatt funksjonsevne.
I praksis er bestemmelsen forstått slik at den etablerer forbud mot ytringer som har en kvalifisert krenkende karakter. Typisk er dette ytringer som innebærer en grov nedvurdering av en gruppes menneskeverd eller utsagn som oppfordrer eller gir sin tilslutning til integritetskrenkelser.
Offentlige hatytringer kan straffes med bot eller fengsel inntil tre år. Ytringer som ikke fremsettes offentlig, men i en mer privat sammenheng, har en lavere strafferamme, og kan straffes med bot eller fengsel inntil ett år.
Faktatekst: Store norske leksikon
Ville dømme
Tingrettsdommaren ville derimot dømme for brot på paragraf 185.
– Det han sa må sjåast på som ei grov krenking av vektaren ut frå hans hudfarge. Men handlingane ligg i nedre sjikt av lovavgjerda, skriv likevel tingrettsdommaren.
Mannen i slutten av 50-åra er likevel dømd for å ha truga og skjelt ut politibetjentane som tok han ut av baren og sette han i politiarresten.
Han er også mellom anna dømd for slaget mot vektaren. Straffa er 20 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 10.000 kroner.