Jostein (27) har hjelpt seg sjølv ved å hjelpe andre

1 month ago 25



Då Jostein Vedvik (27) flytta heim til Førde etter nokre år med jobbing på Austlandet, hadde ting endra seg.

– Mange av dei gamle vennane mine hadde flytta vekk. Å kome seg inn i nye nettverk var ikkje berre lett.

Då var han glad for at han hadde frivilligheita å lene seg på.

Unge vaksne kan vere ekstra sårbare for einsemd, meiner Røde Kors.

Travle arbeidsdagar og færre sosiale arenaer

Ei fersk undersøking som Røde Kors har fått laga, viser at i gruppa med dei mellom 25-29 år er det flest som svarar at dei kjenner seg einsame.

Ein tredjedel i denne aldersgruppa svarar at dei kjenner seg einsame for tida, ein auke på 6 prosentpoeng frå i fjor.

– Det gjer meg trist og uroa at det er såpass mange som oppgir det, seier Kaia Vedlog Kveen, folkehelseanalytikar i Røde Kors.

Kaia Vedlog Kveen fra Røde Kors

Kaia Vedlog Kveen er folkehelseanalytikar i Røde Kors og er uroa for at kjensla av einsemd aukar blant fleire grupper i landet. – Vi ser at einsemd er eit stort problem i Noreg, seier Vedlog Kveen.

Foto: Røde Kors

Ho peiker på at unge vaksne gjerne er ekstra sårbare for einsemd fordi dei flyttar til nye plassar for å starte i arbeidslivet.

– Travle arbeidsdagar og færre sosiale arenaer enn som ny student, kan gjere det vanskeleg å finne fellesskapskjensla på ein ny plass, seier ho.

Vedvik er einig i det.

– Ein er ferdig på studia og flytter heim til eit nettverk som ikkje er det same som før. Det handlar mykje om å finne sin plass, noko som ikkje alltid er lett.

For han har løysinga alltid vore å engasjere seg frivillig og å gjere ein innsats for andre. Sidan tenåra har han vore frivillig i ulike organisasjonar.

Jostein Vedvik med ein kaffekopp på Røde Kors-huset i Førde

Jostein Vedvik har i mange år vore aktiv i Røde Kors, mellom anna med å skape møteplassar for andre.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Å hjelpe andre, hjelper det?

Einsemd er farleg for både den psykiske og fysiske helsa vår.

– Det kan føre til auka stress og verke inn på immunforsvaret, forklarar psykolog og forskar ved Folkehelseinstituttet, Thomas Hansen.

Det er ikkje dumt å vende blikket utover, om ein kjenner seg einsam. Forsking på livskvalitet har vist at ein kan hjelpe seg sjølv gjennom å hjelpe andre.

– Dei som engasjerer seg frivillig, opplever betre psykisk helse og livskvalitet, seier Hansen.

Psykisk einsemd kan hos somme føre til eit uheldig mønster kor ein blir litt sjølvopptatt, og kor eigne problem stadig vekk hamnar i fokus, forklarar forskaren.

– Då kan det å flytte fokus ut vere gunstig.

Uheldig sjølvrealiseringskultur

Eit teikn i tida er å fokusere innover og å til dømes beskytte seg frå «giftige» folk og situasjonar.

Hansen kallar det for ein sjølvrealiseringskultur, og meiner dette fokuset kan vere uheldig når det gjeld livskvalitet og einsemd.

– Å knyte band, pleie sosiale nettverk og oppleve fellesskapskjensle er noko dei fleste av oss treng, og er viktigare enn det vi kan få inntrykk av i eit samfunn med så stort fokus på sjølvrealisering.

Og då kan frivillig arbeid motverke dette.

– Eg har trua på at mange kan minske kjensla av einsemd ved å delta i frivillig arbeid, seier han.

– Mange seier at dei er så travle og må fokusere på seg sjølv. Kvifor skal ein eigentleg bruke tid på andre?

– Folk treng folk. Å skape sosiale arenaer og aktivitetar for andre trur eg er veldig viktig, seier Vedvik.

Han har møtt nokre av sine beste vennar gjennom frivillig arbeid.

Publisert 26.07.2024, kl. 05.30

Read Entire Article