Ingvar Ambjørnsen er død

4 hours ago 1



Det stadfestar forlaget Cappelen Damms kommunikasjonssjef Tone Hansen til NRK.

– Det er med stor sorg me har fått beskjeden om Ingvar Ambjørnsens bortgang. Han er ein forfattar som har betydd og betyr enormt mykje for norsk litteratur og for oss i Cappelen Damm, skriv forlaget i ei fråsegn.

VG omtalte dødsfallet først.

For fleire generasjonar nordmenn er Ambjørnsen synonymt med sterke inntrykk i oppveksten.

Enten gjennom romanar som «Døden på Oslo S» eller filmane om kameratane Elling og Kjell Bjarne.

Få kunne skildre einsemd, samhald og venskap på ein så sterk og ikkje minst morosam måte som Ingvar Ambjørnsen.

Han var den respekterte freakaren. Han var den åpne forfattaren. Han var akseptert i alle bokhyller uavhengig av villa eller hybel.

Han sa det han meinte, og han visste at det ville bli lagt merke til.

– Då eg var 14-15 følte eg meg einsam. Det seier seg sjølv at gutar som prøver å skrive dikt ikkje var nummer éin i skulegarden, sa han ein gong i samband med eit bokbad.

Men om han var einsam i oppveksten, blei han langt frå einsam som forfattar.

Han blei hylla av kritikarar og av publikum.

Bøker blei til filmar og teaterstykke.

Heddaprisen 2023

Framsyninga «Døden på Oslo S» blei heidra med Heddaprisen i 2023.

Foto: NTB

I 2023 såg nærare 30.000 menneske «Døden på Oslo S» på eit nedlagt kjøpesenter på Økern i Oslo.

Mange i publikum var ikkje ein gong påtenkt då Ambjørnsen gav ut den første romanen om Peller og Proffen i 1987.

Ingvar Ambjørnsen blei fødd i Larvik i Vestfold. Han droppa ut av gymnaset, gjekk eit år på yrkesskulen.

Han debuterte mellom to permar i 1976 med diktsamlinga «Pepsikyss».

Historia fortel at han gjekk rundt på gata i Bergen og selde boka for 3 kroner.

Då utgiftene til trykkeriet var inntent, kasta han resten av opplaget i ein container.

Seinare blei boka seld vidare for opptil 18.000 kroner.

– Eg tykkjer det er morosamt. Samlarar er ganske galne menneske, sa Ambjørnsen til NRK i 2018.

Etter romandebuten «23 salen» i 1981, har forfattaren seld over 1 million eksemplar av bøkene sine.

Han blei omsett til ei rekke språk.

  • Oslo 17. mars 1988. Portrett av forfatter Ingvar Ambjørnsen sammen med sin vesttyske kone, Gabriele Haefs, hun kommer med en samling tyske noveller, oversatt til norsk. Bildet er tatt i forbindelse med lanseringen av en barnebok av Ambjørnsen i serien "Pelle og Proffen".

    1988: Ingvar Ambjørnsen sammen med sin tyske kone, Gabriele Haefs, som har oversatt flere av hans romaner til tysk.

    Foto: Ole Christiansen / NTB
  • Ingvar Ambjørnsen
  • Ingvar Ambjørnsen

    1984: Ambjørnsen i TV-intervju på NRK.

  •  08.10.1999

    1999: Ingvar Ambjørnsen og Anne Grosvold fra Bokbadet på NRK.

    Foto: NRK
  • Per Christian Ellefsen og Sven Nordin i rollene som Elling og Kjell-Bjarne i filmatiseringen av bokserien om Elling, av Ingvar Ambjørnsen.

    Per Christian Ellefsen og Sven Nordin i rollene som Elling og Kjell-Bjarne i filmatiseringen av bokserien om Elling, av Ingvar Ambjørnsen.

    Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
  • Pelle og Lena i «Døden på Oslo S».

    Håvard Bakke og Helle Beck Figenschow i rollene som Pelle og Lena i Døden på Oslo S.

    Foto: Norsk film
  • Forfatter Ingvar Ambjørnsen ble tildelt Willy Brandt-prisen 2012 i Oslo rådhus.

    Ambjørnsen ble tildelt Willy Brandt-prisen 2012 i Oslo rådhus.

    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
  • Den siste revejakta

    Fra filmen Den siste revejakta

    Foto: Filmweb
  • Ambjørnsen i skriveleiligheten omgitt av bøker

    Ingvar Ambjørnsen i skriveleiligheten sin i Hamburg. Ambjørnsen dedikerte livet sitt til litteraturen.

  • Ingvar Ambjørnsen tildeles hedersprisen under utdeling av  Brageprisen 2023 på Vulkan Arena i Oslo. Prisen mottas av Ambjørnsens kone, Gabriele Haefs.

    Ambjørnsen ble tildelt hedersprisen under utdelingen av Brageprisen 2023. Prisen ble mottatt av Ambjørnsens kone, Gabriele Haefs.

Sjølv forlot han Noreg til fordel for Tyskland og Hamburg i 1984. Året etter gifta han seg med kjærasten Gabriele Haefs.

Dei følgde kvarandre gjennom livet i tjukt og tynt.

Då Ambjørnsen blei råka av kols, var Gabriele der for han.

Når han flytta heim til Noreg i 2025 var det for å få naudsynt pleie.

– Eg kan ikkje fly, men det han ho, så vi tenker at ho kan reise litt fram og tilbake. Det er ikkje nokon big deal, sa han til VG i februar 2025.

No har den sterke røysta stilna.

Publisert 19.07.2025, kl. 22.34 Oppdatert 19.07.2025, kl. 22.59

Read Entire Article