KRONIKK: Det er behov for ein ny forsøksperiode i lærarutdanninga.
Sigmund Sunnanå
Tidl. utdanningsdirektør i Rogaland og tidl. rektor ved Stavanger lærerhøgskole
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
I den siste tida har det vore mange innlegg i Stavanger Aftenblad om lærarmangel og sviktande rekruttering til lærarutdanninga. Det er positivt at lærarutdanninga er på agendaen. Kanskje kan engasjementet og merksemda stimulera søkjartilgangen til våren?
Årsakene til manglande rekruttering er mange. Dei kan førast tilbake til både status og arbeidsforholda for lærarane i grunnskolen og til lærarutdanninga. Går vi tilbake til 1960-, 1970- og 1980-talet, var lærarutdanninga for grunnskolen eitt av dei mest populære studia. Konkurransen var hard, berre om lag éin av tre søkjarar kom inn. Ein måtte ha toppkarakterar frå gymnas/vidaregåande opplæring og gjerne tilleggspoeng for å bli teken opp ved dei mest populære lærarskolane, til dømes i Stavanger.
Les hele saken med abonnement