Herrems kamp mot klokka

1 month ago 25



Camilla Herrem vrir seg litt på stolen. Ho synst det er smertefullt å snakke om den dag i dag.

Vi skriv 18 august 2016. Noreg spelar semifinale mot Russland i OL i Rio de Janeiro.

Svaret kjem omtrent like raskt som kontringane ho er så kjent for, då vi spør om det verste minnet i handballkarrieren.

Russland leiar 38–37. Det er 10 sekund igjen av kampen.

Det handlar om å skaffe ekstraomgangar for Noreg.

Lynvingen som har over 900 mål for Noreg ser at målvakta kjem ut.

Ho går for ein lobb. Eit perfekt val. Det er like sikkert som banken.

10 av 10 gonger går den i mål.

Men når det gjeld så mest må ho sjå ballen sprette utanfor mål.

– Altså, det kjendest som at eg reiv ut hjarte mitt, liksom. Du føler at du øydelegg for heile laget. Så den klarte eg ikkje heilt å stå i.

Camilla Herrem

VONDT MINNE: Camilla Herrem er blitt 37 år, mor til to og klar for sitt fjerde OL. Men nedturen frå OL i 2016 gløymer ho aldri.

Foto: Jakub Spadlo / NRK

Noreg er ute av OL. Handballjentene var etter gull både frå London og Beijing det sikraste kortet.

I staden blir det verste OL på 52 år for nasjonen Noreg.

Camilla Herrem set seg på golvet og let tårene trille.

Det tok eit år før Camilla Herrem nokosinne torde å lobbe ein ball igjen.

Kjensle av å svikte heile Noreg

Heime i Noreg sitt ektemannen, Steffen Stegavik, og ser det heile på TV.

– Du får jo ei sånn dårleg kjensle inni deg, for du veit kva ho skal gå gjennom. Når man er i eit OL for Noreg, så føler ein at ein spelar for 5 millionar menneske. Og det er jo den som er tøff.

Herrem tek seg til hjarte og pustar ut.

– Kvar gong eg snakkar om det, så får eg den same kjensla. Det er noko eg aldri kjem til å gløyme.

Herrem

BOM: Camilla Herrem bomma på det som kunna sikra Noreg ekstraomgangar.

Foto: Matthias Schrader / Ap
Sommer-OL i Rio 2016. Håndball Norge - Russland 37 - 38

KNUST: Camilla Herrem får trøst av lagvenninnene etter tapet mot Russland i semifinalen.

Foto: Erik Johansen / NTB
Trøst

TRØST: Lagvennine Ida Alstad trøstar Herrem etter at ho ballen spratt utanfor i det avgjerande øyeblikket.

Foto: Vidar Ruud / NTB
Sommer-OL i Rio Håndball Norge - Russland 37 - 38

BRAST: Noregs draum om gull gjekk i vasken. Stine Bredal Oftedal og Nora Mørk skal saman med Camilla Herrem kjempe om revansj i OL i Paris.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Under leikane i Tokyo fem år seinare må Noreg også ta til takke med bronse. Sjølv om Herrem har OL-gull frå både London og Beijing, så har ho aldri fått revansjere denne lobben i 2016 heilt ut.

Før no.

– Ein har jo eit håp om å ta noko anna. Ein drøymer jo om å stå øvst der. Det er noko heilt anna. Ja, det er ei sinnssjuk oppleving.

Og det er kanskje her svaret ligg.

Svaret på kvifor Camilla Herrem i ein alder av 37 år og mamma til Noah (6) og Theo (1) framleis er ekstremt svolten på meir edelt metall.

Handballen både nasjonalt og internasjonalt er i ei ekstrem utvikling.

Yngre talent blir berre betre og betre og står og hamrar på døra.

Herrem er den eldste utespelaren på den norske handballandslaget.

For framleis å vere ein av verdas beste venstrevingar skal Sola-spelaren etter kvart ta ein del svært drastiske grep.

Det skal vi kome tilbake til.

For kva er det som røre seg inne i hovudet til Noregs mest meritterte handballspelarar?

Drøymt om i tre år

Ei eldre dame i knall rosa t-skjorte lyser opp i det Camilla Herrem kjem inn i treningsstudioet. Dei snakkar saman som to bestevenninne som har kjent kvarandre heile livet.

Camilla Herre på treningsstudio

TRENING: Camilla Herrem er fast gjest på treningsstudioet på Forus utanfor Stavanger.

Foto: Jakub Spadlo / NRK

Berre avbrote av ein godt vaksen mann som gjerne vil ta ein «selfie».

Den smittande latteren brer om seg inne i det moderne lokalet på Forus utanfor Stavanger.

Men i det ho stig opp på løpsmaskina og trykker på den grøne startknappen er det blodig alvor.

Pulsen aukar i takt med at løpebandet akselerere. Ei indre glede lyser gjennom det fokuserte blikket.

Denne økta er nesten like viktig som finalen ho forhåpentlegvis skal spele 10. august.

I tre år er det som skal skje denne dagen vore den viktigaste drivkrafta for time ut og time inn med trening.

16 år har gått sidan ho spelte sitt første EM.

No ventar OL i Paris.

Tek håndballjentene gull i OL i Paris?

Trenar som ein sprintar

Det er ein mann som skal bety svært mykje for at Camilla Herrem utviklar seg til den spelaren ho er i dag.

Rundt 2012 sluttar Benjamin Jensen frå Olympiatoppen seg til det norske kvinnelandslaget.

Benjamin Jensen

HURTIGHEIT: Tidlegare tikamp-utøvar Benjamin Jensen er blitt viktig for å skape det perfekte treningsopplegget for Camilla Herrem.

Foto: Berit Roald / NTB

Han er tidlegare juniorverdsmeister i tikamp og har delteke i tre friidretts-VM og eit EM.

Det er han som har skreddarsydd treningsopplegget som skal sørge for at Camilla Herrem framleis er ein av verdas beste kantspelarar i ein alder av 37 år.

– Eg spurte både Camilla og dei andre på laget om kva dei ville utvikle seg på. Alle svarte hurtigheit og fart. Men det var jo ikkje noko som var prioritert på trening, mimrar Jensen.

Det skulle det no bli ei endring på.

Hurtigheit er nemleg stikkordet for ein kantspelar. Det handlar om å vere den raskaste frå forsvarsposisjon til angrep.

– Vi har vridd treninga til hurtigheit, styrke, fart og spenst. Klassisk intervalltrening er gått ut. Mykje av dette er likt med ei sprinttrening. Høg intensitet i få sekund og så pause.

– Det er litt slik som Salum Kashafali trenar. Det er likskapar både i styrkerommet og på løp. Han spring nok litt lengre. Ho spring opp til 30 meter. Akselerere ut som ei kanon om ho har ballen sjølv, viss ikkje ho har ballen må ho fram å ta i mot. Det er veldig spesifikk.

På løpemaskina

Foto: Jakub Spadlo / NRK

Resultata har ikkje latt vente på seg. I fjorårets test på Olympiatoppen på 20-meteren vart Camilla Herrem mellom dei raskaste.

– Eg var topp to på landslaget. Lurer på om ikkje Henny (Reistad) var betre. Men når ho tek eit skritt så må jo eg ta tre, ler Herrem.

– Det ligg jo opp mot der eg var på mitt beste.

Resultata imponerer også mannen som står bak treningsopplegget til Herrem.

– Ho spring raskt også samanlikna med folk i andre idrettar. Sjølv mot gutar. Det som eg synst er spesielt er at ho presterer på eit høgt nivå, meisterskap etter meisterskap.

I tillegg handlar det om å trene styrke for å ha størst mogeleg spenst. 167 cm høge Herrem tek normalt 100 kilo i knebøy på fire repetisjonar, men har også vore oppe i 130 kilo.

– Eg er veldig imponert. Ho har ein ekstrem vilje. Det viser at ein treng ikkje vere 20 år for å få det til, seier Jensen.

Meir enn berre handball

Fram til 2017 har alt handla om handball for Camilla Herrem. Med både ein far og mor som spelte handball – så har ho meir eller mindre vakse opp i Åsenhallen, som er heimearenaen til Sola.

Under VM i Tyskland 2017, der Noreg tapte finalen mot Frankrike, er Herrem ti veker på veg.

Småbarnsmor

SMÅBARNSMOR: Herrem meiner ho er blitt eit betre handballspelar etter at ho vart mor.

Foto: Privat /

– Det var eit veldig bevisst val, og det var veldig bra, kjem det kontant frå 37-åringen.

Likevel eit val som snur opp ned på alt. For snart skal ein liten krabat få hovudfokus.

– Eg tenkte berre at eg skulle tilbake og halde fram som normalt. Ja, det var liksom aldri nokon tvil om det. Men så var dette heilt nytt. Eg visste ikkje kva som skjedde etter ein fødsel eller korleis kroppen ville reagere.

7. juli 2018 kjem vesle Theo til verda som planlagt. Det skal akkurat vere nok til at ho rekk EM i handball i Frankrike i desember det same året.

– Ho skulle opp til Bergen på ei treningsturnering, så kjem ho heim og seier at ho har spelt. Det var jo ikkje heilt etter planen, fortel ektemannen og smiler.

Steffen Stegavik

MANN OG SJEF: Steffen Stegavik er gift med Camilla Herrem. I tillegg er han trenaren hennar i Sola.

Foto: Jakub Spadlo / NRK

Dette er fire veker etter fødsel. Første seriekamp vart spelt seks veker etter at vesle Theo kom til verda.

– Eg kunne jo brukt litt meir tid på ein måte. Trur kanskje hovudet ville meir enn kroppen og i mitt hovudet trudde eg at eg var i ganske god form, seier Herrem og ler.

Det blir ein haust med hard og tøff trening.

Den store nedturen

6. november 2018 skal landslagstrenar Thorir Hergeirsson ta ut landslagstroppen til EM. Camilla Herrem sitt namn blir ikkje lest opp i hovudtroppen.

– Det er jækla surt, for det er dette som har vore målet sidan fødselen: å komme tilbake og kjempe om plassen på landslaget, sa Herrem til VG den gong.

Etter 12 strake meisterskap er ho vraka.

Ja, man blir skuffa, men eg skjønner det jo òg. Det er ikkje sånn at man er totalt uvitande om kva som skjer rundt seg, seier ho i dag.

HÅNDBALL- EM 08 I MAKEDONIA - FINALE

GULL: Camilla Herrem tek si første gullmedalje for Norge etter å ha knust Spania 34-21 under EM i Makedonia i 2008.

Foto: Gorm Kallestad / NTB
VLzD0dn3q9M

TAP: I 2008 spelte Camilla Herrem for Byåsen. Her etter cupfinaletapet mot Larvik saman med kjæresten Steffen Stegavik som ho i dag er gift med.

Foto: NTB
Sommer OL i London 2012.

OL-GULL: Katrine Lunde og Camilla Herrem er dei einaste i den norske OL-troppen som har tatt gull i eit OL. Her frå London i 2012 som er sist Norge tok eit gull i eit OL.

Foto: Lise Åserud / NTB
Sola Lufthamn

VM-GULL: Camilla Herrem blir tatt i mot på Sola Flyplass etter at Norge har sikra seg VM-gull i 2015.

Foto: Carina Johansen / NTB
EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

TORE TANG: Camilla Herrem og lagvenninne Veronica Egebakken og Marta Tomac syng Tore Tang på banketten etter å ha sikra seg EM-gull i Sverige i 2016.

Foto: Vidar Ruud / NTB
900 mål

MÅL: Camilla Herrem har laga meir enn 900 mål for Norge i sin karriere på landslaget.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP
 Sola - Vipers (16-29)

SOLA: Etter fleire år i utlandet vender Camilla Herrem heim til Sola i 2017 der ho i dag spelar under leiing av ektemannen Steffen Stegavik.

Foto: Carina Johansen / NTB

ÅRETS LAG: Håndballjentene vart kåra til Årets lag under idretsgallaen i 2012. Herrem her saman med trenar Thorir Hergeirsson, Tonje Nøstevold og Ida Alstad.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB
 Norge - Angola  (37-19)

FLYR HØGT: Herrem under VM på heimebane i Tronheim i 2023. Her mot Angola i Tronheim Spektrum.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Tap

TAP: Noreg taper VM-finalen mot Frankrike i VM 2023.

Foto: NTB

Det høyrer med til historia at etter at Noreg hadde spelt ein kamp i dette EM – så ringde Thorir Hergeirsson for å hente ho til troppen på grunn av skadar.

Noreg enda på ein 5. plass.

Det svakaste resultatet i eit EM på 18 år.

I dag er Herrem og ektemannen, som også er trenaren hennar i Sola, Steffen Stegavik blitt foreldre til to. I mars 2023 kom Noah til verda.

Dei er samde om at akkurat dette har gjort ho til ein betre handballspelar. Sjongleringa mellom å hente på SFO og spele på toppnivå har sett ting i perspektiv.

– Ein kan sjølvsagt bli ganske forbanna om ein har spelt ein dårleg kamp, men når eg kjem heim til to små gutar som ikkje har brydd seg om korleis resultatet var, så er det raskt gløymt. Då kjem eg heim og er berre mamma, seier Herrem.

Camilla og Theo

MAMMA: Camilla Herrem er i dag blitt mor til to, Theo og Noah. Ho har tatt eit bevisst val på ikkje syne ansiktet til borna fram i offentlegheita.

Foto: Privat /

Sjølv meiner ho at ho aldri har hatt det betre, både privat og på handballbana. 37 år på baken har også gitt henne ein annan ro og erfaring.

Ho kjenner sin eigen kropp på ein heilt ny måte og er også blitt flinkare å lytte til kroppen.

– Det er liksom den roa.

Ho får støtte av ektemannen Steffen Stegavik, som understrekar at det ikkje er uvanleg at kvinner kjem tilbake i betre form etter ein fødsel.

– Det syner ho på bana òg. Med både utteljingsprosent og testane på hurtigheit. Ho blir berre betre og betre, konstaterer 40-åringen som både er ektemann og trenar.

Så kva er det Herrem gjere?

Tek alltid eit ekstra skritt

At Sola-spelaren har ein vinnarskalle har det aldri vore tvil om. Og det er akkurat den evna til å alltid gå eit skritt lengre enn alle andre – dei rundt ho trekk fram.

Camilla Herrem

Foto: Jakub Spadlo / NRK

Då Sola rykte ned til 1. divisjon trente ho mot herrelaget for å sørge for at ho fekk tøff nok motstand.

Sjølv om Herrem har spelt mot landslagsvennine og Vipers-målvakt Kathrine Lunde tallause gonger – så må ho likevel sjå videoanalyse før kvar kamp.

Det kan jo vere Lunde har tatt i bruk nokon nye redningsfinte.

– Ein vil jo helst vere feilfri, men det er dessverre umogeleg. Men det er jo fordi man har lyst å vere på topp heile tida.

Og det er kanskje når alle andre har fri at Herrem tek dei største stega.

Det er aldri aktuelt å droppe trening av den grunn. Ho finn alltid ein motbakke. Sjølv på ferie i Spania.

– Eg trur eg trenar smartare no. Når eg er på trening, så gjere eg akkurat det eg skal gjere. Eg kjenner jo meg sjølv og min eigen kropp veldig bra.

Då pandemien stengde ned landet og det var forbod mot lagidrett var det eit slag i trynet for Herrem.

– Ein bli jo litt lei av å gjere dei same tinga heile tida, så då tenkte eg; kva kan eg gjere for å utnytte denne perioden best mogeleg?

Victor Øvregaard

SPRINT: Victor Øvregaard trente løpsteknikk med Camilla Herrem under pandemien.

Foto: Privat /

Redninga var far til bestevenninna «Tassen» Thea Eggebø Øvregaard, friidrettstrenar Victor Øvregaard.

– Når du spring der sjølv, så dampa du av garde. Eg har jo ingen teknikk, så det handla om å få ein som kan det til å sjå på detaljane.

For medan det meste var stengt, så var ikkje friidrettsbana på Sola det. Herrem vil optimalisere løpsteknikken sin.

– Vi jobba litt med alt. Den første bevegelsen, akselerasjonen, om det å ligge litt frampå og mykje tid på å snakke teknikk, fortel Øvregaard.

Likevel var det ein ting som overraska han.

– Ho var god på å varme opp. Sprang gjerne to kilometer. Det gjere ingen av mine elevar. Ho blei jo aldri ferdig. Tippa ho venta på at eg skulle stoppe ho. Som lagspelar er ho nok vand med at det er trenaren som styrer treninga. Det var jo minst ein kilometer for mykje, ler han.

PANDEMITRENING: Då pandemien stengde landet brukte Camilla Herrem tida på å optimalisere løpsteknikken sin.

Video: Mathias Hove Johansen

At Herrem tok kontakt med han for å søke hjelp meiner han seier mykje om Herrem som utøvar.

– Ho skal vinne alt veit du, til og med i kortspel. Men det er ikkje tilfeldig at dei beste er dei beste. Dei som lykkast, dei gjere som regel noko som ikkje alle andre har gjort, legg han til.

Utelukkar ikkje eit OL til

Tilbake i Åsenhallen er det blitt ettermiddag. Herrem har fått tid til å ta den tannlegetimen ho har utsett i alt for lang tid og borna er henta på SFO og levert til barnevakt.

Alvoret har igjen lagt seg i det ho og lagvenninne sprintar langs venstre banehalvdel. To dagar før ferie ville dei fleste kanskje roa ned.

Men for Herrem er det aldri blåmåndagar.

Hurtig

SPRINT: Å kome seg raskast frå forsvarsposisjon til angrep er ein viktig del av treninga.

Foto: Jakub Spadlo / NRK

– Ho er kanskje ein av dei som aldri har det. Det kan vere kjedeleg i nokon økter, men med ein gong ho får ballen og hoppe inn og skyte, så er det 100 prosent. Det er aldri noko slurveskot, seier trenar og ektemann Stegavik.

– Det er ein vilje etter å vinne alt.

15 meisterskap på det norske landslaget har resultert i ni gull, tre sølv og tre bronse. Det gjere ho til den mestvinnande norske kvinnelege handballspelaren.

– For min del så er det jo landslaget som har vore hovudgrunnen til at man heile tida vil bli betre. Det er den største motivasjonen i alt det ein gjere. For min del då.

Nora Mørk i Olympic Village før Sommer OL i Paris 2024.

Nora Mørk

Synst det er enormt imponerande å vere 37 år og likevel ein av dei raskaste. Det er klart ei utfordring dess eldre ein blir og oppretthalde den fysikken. Heilt klart farten som er Camilla sin store styrke, og så har ho mykje rutine. Ho er ein del av kapteinsteamet som skal passe på resten av hønseflokken, og det synst eg ho er veldig flink på.

Stine Bredal Oftedal på pressetreff før møtet mot Sverige i OL.

Fredrik Varfjell / NTB

Stine Bredal Oftedal

Alle dei mødrene vi har på laget som kjem tilbake imponerar meg stort. Camilla med ein sånn lyst over mange år, som held fram med å utvikle seg og trene som ho gjere, det står det enorm respekt av.

Katrine Lunde er saman med Camilla Herrem den einaste med OL-gull i den norske troppen i Paris.

Fredrik Varfjell / NTB

Katrine Lunde

Eg får heilt frysningar, for eg veit ho har gjort ein heilt ekstremt god jobb. Huska då ho kom tilbake og skulle spele for Sola i 1. divisjon, og då tenkte eg at det kan bli vankeleg. Men ho har vist at ho er fantastisk til å trene og ho tar alt så seriøst. Alt det ho gjere er så skikkelig, så all ære.

Medan lagvenninne Stine Bredal Oftedal (32) har bestemt seg for å ta ein pause frå handballen etter OL, så er Herrem framleis motivert til å halde fram ei stund til.

OL i Paris er hennar fjerde. I 2028 er det OL i Los Angeles.

– Det er fire år til. Det trur eg ikkje, svarar Herrem og byrjar prate om motivasjon og fysikk og alt det der, før ho bryt ut i latter.

– Veit du kva? Ein skal aldri sei aldri. Det er ikkje vits å sei heile tida at det blir det ikkje. Og så plutseleg står du der og det har gått fire år. Då er eg jo eigentleg berre 41 år?

Svaret får vi kanskje i august. Om den lobben som er varemerket hennar går utanfor eller innafor.

Reisa mot ein ny OL-finale startar mot Sverige torsdag klokka 21.00. Følg kampen direkte her og høyr den på NRK Sport.

Sommer OL i London 2012

GULL: Noreg tek gull under OL i London i 2012.

Foto: Lise Åserud / NTB

Hei!

Eg jobbar med handball under OL i Paris. Har du tips til sakar eg bør sjå på? Eller har tanker om saka du har lest? Send gjerne ein e-post!

Publisert 25.07.2024, kl. 16.06

Read Entire Article