Denne sesongen har nye utstyrsreglar skapt diskusjon i hopp og kombinert.
I verdscuprennet på Lillehammer blei fire av kvinnene diskvalifiserte på grunn av dressane, blant dei norske Eirin Maria Kvandal.
Ho låg på fjerdeplass etter førsteomgangen.
– Det er ting vi burde ha kontroll på, som ikkje sat i dag. Synd, seier Kvandal til NRK.
Landslagstrenar Christian Meyer visste ikkje omgåande kva som felte Kvandal, men han var klar på éin ting:
– Det er ganske mange som meiner det er nok reglar å halde styr på.
.– Er det for mange reglar?
– Eg må høyre kva som var gale, men ... Ja, det begynner å bli ein del.
For stor dress
Noregs serviceteknikar Mats Bjerke Myhren seier Kvandal blei diska på grunn av for stor dress i overkroppen.
– Det er så klart irriterande. Vi skal ha kontroll på dressen, og kjenner vi har det, men det varierer frå år til år kva kontrollørane har fokus på. Nå har dei begynt å måle over midjesaumen, seier Myhren til NRK.
Han fortel at dressen til Kvandal nå må syast inn med 7 centimeter i midjesaumen til rennet søndag. Samtidig meiner han reglane er heilt nødvendige.
– Ganske ubetydeleg
Men det er fleire som reagerer på reglar knytt til hoppsporten.
Denne sesongen har ein regel knytta til hoppdressene splitta miljøet.
Tidlegare kunne hopparane nytte seg av så mange hoppdressar dei ville, men nå har Det internasjonale skiforbundet (FIS) avgrensa makstalet til ti i løpet av ein sesong.
For kombinertløparane er det fem.
Formålet er at dei små nasjonane med liten økonomi skal kunne konkurrere med dei store. Intensjonen er god, men ikkje alle er fornøgde.
– Det er godt å sjå at dei ser dei små nasjonane, og prøver å forhindre at det blir eit større gap. Eg synest regelen er ein god start, men den treng nokre tilpassingar. Nokre nasjonar får ikkje meir enn tre hoppdressar årleg uansett, så han er ganske ubetydeleg for dei, seier kanadiske Nicole Maurer til NRK.
– På ville vegar
Det er sportssjef for kombinert, Ivar Stuan, mildt sagt lite begeistra for.
– Vi synest det er ein rar og spesiell regel, seier Stuan til NRK.
– Vi sa tidleg at det kom til å bli eit rotterace fram til sesongstart for å teste fram dei beste dressane. Der har vi mest ressursar, vi som er dei største nasjonane, mens dei minste vil ha trøbbel med det. Det er vel det som er i ferd med å skje òg, seier han.
Stuan går hardt ut mot dei mange utstyrsreglane i hoppsporten.
– Eg synest heile systemet med hoppdressar, testing og kontrollar er på ville vegar. Eg synest vi har nokre kjempeutfordringar med det. FIS finn ikkje gode løysingar på det, når det gjeld skanning og kroppsmåling, seier han.
16-åring imponert
Trass i utstyrstrøbbel for lagvenninna, imponerte 16 år gamle Ingvild Midtskogen stort i rennet
16-åringen sikra ein femteplass etter to gode hopp.
– Ho hadde ikkje spesielt gode forhold, så her har Ingvild gjort jobben sjølv. For ein start på sesongen, sa Lundby.
16-åringen har ein 18. plass som beste resultat i verdscupen tidlegare.
Det var slovenske Nika Prevc som vann rennet, framfor tyskarane Katharina Schmid og Selina Freitag.
Norske Anna Odine Strøm blei nummer fire, Thea Bjørseth nummer 11, Heidi Traaserud nummer 22 og Silje Opseth nummer 23.
Publisert 23.11.2024, kl. 14.33 Oppdatert 23.11.2024, kl. 14.38