Årsaka til uroa? At Noreg ikkje har innført det omstridde, justerte fornybardirektivet. Og det er framleis i det blå om det vil bli innført eller ei.
Med manglande implementering av desse EU-reglane, så blir norske flyselskap truleg nøydde til å betale utsleppskvotar også for dei delane av drivstoffet som er såkalla berekraftig flydrivstoff.
– Ikkje mogleg å drive
Enkelt sagt vil Norwegian då måtte betale meir for flybensin enn sine europeiske konkurrentar, noko som igjen kan føre til høgare billettprisar.
– Over tid er det ikkje mogleg å drive dersom det er vesentlege skilnader i rammevilkåra, seier NHO Luftfart-sjef Erik Lahnstein til NRK.
– Så du er redd for at Norwegian i verste fall kan flytte hovudkontoret ut av Noreg?
– Eg trur ikkje det er aktuelt å flytte hovudkontoret. Men i ein situasjon kor ein skal vurdere kor ein skal vekse verksemda, og kor ein plasserer fly, så er det klart at dette over tid vil vere utfordrande, seier Lahnstein.
Stor konkurranseulempe
Frå og med i år skal fly som flyg over EU-landa blande inn 2 prosent biodrivstoff i flydrivstoffet. Det er ofte 3–5 gonger dyrare enn fossilt drivstoff, ifølgje NHO.
Gjennom det justerte fornybardirektivet frå 2018, vil flyselskap i EU kunne få kompensert deler eller heile kostnaden, i håp om at ein skal kutte utslepp i flysektoren.
Norwegian har anslått at dei må betale kring 400 millionar kroner ekstra dersom Noreg ikkje implementerer EU-reglane.
– Vi er heilt avhengige av å kunne forhalde oss til eit regelverk som er det same som det konkurrentane våre i Europa forheld seg til. Alt anna vil innebere ei stor konkurranseulempe for oss og norsk luftfart, seier kommunikasjonssjef i Norwegian, Esben Tuman, til NRK.
Også for Widerøe har dette konsekvensar.
– Så lenge vi ikkje implementerer dette, så får vi ikkje tilgang på insentivordningar for å ta i bruk berekraftig drivstoff, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll til NRK.
Kompensasjonen fungerer slik at dersom ein flyg til ein flyplass som er definert i «ytterst region» i Europa, som til dømes Kanariøyene, får flyselskapa dekt 100 prosent av meirkostnadane ved å bruke biodrivstoff, ifølgje Brandvoll.
Difor trur ho at også fleire av utkantflyplassane Widerøe flyg til, kunne ha fått dekt store deler av biodrivstoff-kostnadane.
– Då kunne vi ha kutta utsleppa betydeleg i distrikts-Noreg utan at det hadde gjort det dyrare å flyge, seier Brandvoll.
Flyg ein i Noreg er det i dag berre krav om å blande inn 0,5 prosent biodrivstoff i flydrivstoffet.
Verkebyll for regjeringa
Fornybardirektivet er eitt av åtte direktiv og forordningar i den mykje omtalte og omstridde fjerde energimarknadspakke.
Fornybardirektivet legg også opp til raskare konsesjonsprosessar for blant anna vindmølleutbygging, og er blant årsakene til at akkurat dette direktivet har skapt mykje rabalder i det politiske Noreg.
Det er framleis stor uvisse om kva regjeringa vil gjere både med fornybardirektivet og heile fjerde energimarknadspakke.
Saka er ein stor verkebyll for regjeringssamarbeidet, fordi Senterpartiet lenge har vore sagt rungande nei til å innføre denne pakken. Også LOs største forbund, Fellesforbundet, har sagt «nei med høg stemme».
Men trass dette er den ikkje lagt i skuffa av regjeringa.
I fjor la dåverande energikommissær Kadri Simson sterkt press på Noreg for å innføre pakken, og åtvara om store konsekvensar dersom Noreg ikkje innfridde.
Denne veka vil energiminister Terje Aasland framleis ikkje setje nokon dato for når og om regjeringa kjem til å legge desse EU-reglane fram for Stortinget.
– Eg vil ikkje seie noko om når det kan kome. Vi jobbar med tilpassingar og løysingar, og det tek noko tid, seier Aasland til NRK.
EU stadfestar dialog
I ein fersk kommentar til NRK står EU-kommisjonen fast på sine innstendige forventningar om at Noreg opnar lovverket for desse EU-reglane. Dei stadfestar også at dei er i dialog med regjeringa om tilpassingar.
– Vi helser velkomen det nylege positive engasjementet frå Efta-landa for å ta opp dette, og vil halde fram samarbeidet om denne saka, skriv kommisjonen i ein kommentar.
Publisert 15.01.2025, kl. 12.00