Fråværsgrensa avklart: elevane får rett til eigenmelding

2 days ago 5



Fram til no har det vore krav om å ha attest frå helsepersonell for å vere borte frå skulen. Dersom elevane har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil dei ikkje få karakter i faget.

Frå neste haust kan elevane igjen levere eigenmelding og vere borte frå skulen opp til 10 prosent av skuleåret, ifølge regjeringa.

Reglane gjeld frå 1. august 2025 og vil ligne meir på det elevane møter i arbeidslivet.

Det seier skulepolitisk talsperson i Senterpartiet Marit Knutsdatter Strand.

Får att myndigheit

Ifølge Marit Knutsdatter Strand (Sp) er regjeringa einige i at slik ordninga har vore til no, har gått utover helsepersonell som må skrive desse attestane.

Knutsdatter Strand trur dette bidreg til at elevane møter opp på skulen og får utbytte av skulegangen sin.

– Men også at de får att myndigheiter og moglegheiter til å ha ein syknedag dersom de bruker tid på legekontoret, så kan de vere heime og bli friske og så komme så fort.

Marit Knutsdatter Strand sykepleier utdanning

Marit Knutsdatter Strand er skulepolitisk talsperson i Senterpartiet. Ho fortel at det blir endringar i reglane, som gir elevane meir myndigheit tilbake.

Foto: Roar Berntsen / NRK

På fråvær i over 10 prosent i eit fag, så må elevane framleis ha helseattest. Rektor kjem framleis til å kunne vurdere fråvær opptil 15 prosent for elevar som av ekstraordinære omsyn har bruk for det.

Fråværsgrensa vart evaluert i 2020, etter fire år. Då viste det seg at fråværet hadde gått ned med 27 prosent i vidaregåande skule. Elevane fekk også betre karakterar. Men elevane ønska seg større fleksibilitet.

Marit Knutsdatter Strand seier det skal bli lettare å få rom til gyldig fråvær for å ta lappen og å delta i politisk aktivitet.

Dei utvidar også gyldig fråvær til å også gjelde oppkøyring og teoriprøve for dei som skal ta førarkort klasse B.

Publisert 21.11.2024, kl. 07.56 Oppdatert 21.11.2024, kl. 07.58

Read Entire Article