Frankrike: Hærverk på hurtigtogslinjer – ventar store forseinkingar første OL-helg

1 month ago 9



– Vi har mobilsert etteretningstenestane for å finne og straffe gjerningspersonane, skriv statsminister Gabriel Attal på X.

Attal skriv at det blei utført koordinerte aksjonar mot toglinjene natt til fredag. Det får massive og alvorlege konsekvensar, skriv han.

– Dette er eit massivt angrep i stor skala meint for å paralysere TGV-nettverket, seier operatøren SNCF til nyheitsbyrået AFP.

Sjefen i selskapet, Jean-Pierre Farrandou, seier 800.000 kundar er råka, ifølge France Info.

Paris Olympics Security Trains

Foto: Mark Baker / AP

– Alle indikatorar viser at dette var med vilje, seier den avtroppande samferdselsministeren Patrice Vergriete.

Dei har mobilisert fleire tusen arbeidarar for å rette på skadane, som mellom anna vere snakk om brannangrep.

SNCF ber folk halde seg vekke frå stasjonane, og utsette reisene sine. Dersom toget går, får ein beskjed på SMS, opplyser dei.

Mange kansellerte tog

Operatøren seier mange avgangar vil bli kansellerte og at situasjonen vil vare gjennom helga inntil skadane blir retta. Det er linene Atlantique, Nord og Est som er råka.

Paris Olympics Security Trains

Politiet seier dei konsentrerer seg om stasjonane i Paris, og at dei har auka tryggleiken i områda.

Foto: Mark Baker / AP

– Dette er min einaste ferie i år.

Det seier Katherine Abbey (30) til AFP. Ho har billettar til Biarritz saman med ektemannen. Den turen må ho kanskje sjå lenge etter.

– Eg kjem til å bli knust dersom eg må avlyse denne turen, spesielt når ein korleis Paris ser ut under OL.

Passengers wait for their train departures at the Gare Montparnasse train station in Paris on July 26, 2024 as France's high-speed rail network was hit by malicious acts disrupting the transport system hours before the opening ceremony of the Paris 2024 Olympic Games. According to SNCF a massive attack on a large scale hit the TGV network and many routes will have to be cancelled. SNCF urged passengers to postpone their trips and stay away from train stations. (Photo by Thibaud MORITZ / AFP)

Reisande må truleg vente lenge på togstasjonane i Paris.

Foto: THIBAUD MORITZ / AFP

Togselskapet Eurostar seier at dei har kansellert fleire tog på grunn av øydeleggingane i Paris.

På SNCF sine heimesider står det at dei reknar med å vere i normal drift innan måndag 29. juli.

Tryggleik som mantra

Den franske idrettsministeren Amélie Oudéa-Castéra fordømmer hærverket.

– Det er heilt forferdeleg. Å angripe leikane er å angripe Frankrike, seier ministeren til kanalen BFMTV.

– Desse leikane er for idrettsutøvarane som har drøymt om dette i årevis – og nokon har sabotert det for dei, seier Oudéa-Castéra.

Fredag går startskotet for OL i Paris. Opningsseremonien blir halden på elva Seinen som går gjennom byen. Det er venta store folkemengder i den franske hovudstaden.

Politi og sikkerhetsgjerder i Paris

Tryggingstiltaka under OL er store.

Foto: AP

– Dette burde vore ei fering. Mange franskmenn skulle til Paris i dag. Alt er bortkasta. Vi kjem ikkje til å gi opp, seier SNCF-sjefen.

I fleire månadar har Paris førebudd seg til OL. Då har tryggleiken blitt nemnt ved dei fleste høve.

Tryggingstiltaka er store i byen no. 35.000 politifolk skal patruljere i byen. I kveld under opningsseremonien skal 10.000 ekstra betjentar vere på plass.

Publisert 26.07.2024, kl. 09.02 Oppdatert 26.07.2024, kl. 10.59

Read Entire Article