Då Anders Bjerga skulle parkere på Bergen Lufthavn Flesland i mars, lasta han ned appen til Apcoa Parking, la inn bilnummeret og trudde alt var greitt.
– Likevel fekk eg faktura, seier Bjerge.
Men, problema stoppar ikkje der. For, den faktiske parkeringsavgifta var på 40 kroner, og i tillegg fekk han 69 kroner i fakturagebyr.
– Eg synest det var rart og overraskande at fakturagebyret skulle vere mykje høgare enn kostnaden for sjølve parkeringa, seier Bjerga.
Bjerga kontakta Forbrukarrådet for å sjekke om dette var rett og rimeleg. Det fekk han til svar at det ikkje var.
Han sende brev til parkeringsselskapet og nekta å betale.
Riverty meiner gebyra er lovlege.
Men dersom dei skulle vise seg å vere ulovlege, seier selskapet at dei forstår at forbrukarane vil ha tilbakebetaling.
Sjå heile tilsvaret lenger nede i saka.
Møtt med motstand
Bjerga blei møtt med motstand på at fakturagebyret var for høgt. Og det frå selskapet som krev inn pengar på vegner av parkeringsselskapet Apcoa: Riverty.
– Dei stod på sitt, og meinte at dette hadde dei rett til.
Riverty sende kravet vidare til sitt søsterselskap, inkassoselskapet Gothia.
– Etter kort tid fekk eg innkalling til forliksrådet for det bestridte pengekravet, seier Bjerga.
Han viser fram forliksklaga han fekk frå Gothia. Denne er på totalt kroner 2127,50.
Bjerga valde å ikkje betale kravet no heller, og førebudde seg på å møte i Forliksrådet.
Men, då dagen for Forliksrådet var der, ein time og eitt kvarter før møtetida, trekte motparten saka, fortel Bjerga.
– Eg hadde brukt masse tid på førebuing og på å dokumentere saka, så det synest eg var ganske dårleg. Dei hadde to månadar på å trekke saka. Dei spekulerer i at folk ikkje skal tørre å gå til forliksrådet.
Ulovleg høge gebyr
I 2020 vann Forbrukarrådet fram med tidenes største gruppesøksmål mot DNB. Banken måtte betale tilbake til 180.000 småspararar.
Dei siste to åra har Forbrukarrådet retta blikket mot urimeleg høge fakturagebyr ved bransjar som straum, teletenester, bompengar og parkering.
I januar 2023 kom ei ny finansavtalelov. Den slår fast at fakturagebyret ikkje kan «overstige betalingsmottakerens faktiske kostnad ved å utstede og sende regningen».
I etterkant har Telia, Telenor og Convene, som krev inn pengar for fastlegekontor, fått varslar om bøter av Forbrukartilsynet, og deretter redusert sine gebyr.
I februar i år oppmoda Forbrukarrådet folk til å tipse om selskap som framleis krev ulovleg høge fakturagebyr.
Over 600 tips kom inn frå heile landet i løpet av våren, over halvparten av dei gjaldt Riverty.
Går til gruppesøksmål
Riverty er eit internasjonalt selskap som krever inn pengar på vegner av dei største parkeringsselskapa i Noreg, som Easypark, Onepark og Aimo.
Forbrukarrådet anslår at selskapet tener minst fleire titalls millionar kroner på det dei meiner er ulovleg høge gebyr.
Forbrukarrådet meiner at å lage og sende ut ein faktura bør koste maksimalt 10 kroner.
Likevel prisar nokre selskap dette til mellom alt frå 30 til 100 kroner. Det er ulovleg, ifølgje Forbrukarrådet, som meiner parkeringsbransjen ikkje har oppdatert seg i tråd med dette.
– Parkeringsbransjen har heller brukt tida si på å etablere nye gebyr med fantasifulle namn, som like fullt er lovstridige, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.
No går Forbrukerrådet for første gang til gruppesøksmål i ei sak om fakturagebyr.
Dei vil tvinge innkrevingsselskapet til å endre praksis og betale tilbake det forbrukarane har betalt for mykje.
– Me går til gruppesøksmål på vegne av dere alle, sånn at forbrukarane får det dei har krav på, seier Blyverket.
Stemninga blir sendt til Oslo tingrett, som må godkjenne at det er grunnlag for eit gruppesøksmål.
Glad saka blir tatt til retten
Blyverket peikar på at ein ved tap i forliksrådet må betale nesten 2000 kroner i saksgebyr.
– Dei kan operere risikofritt på denne måten, fordi dei veit at forbrukarar enkeltvis ikkje kan stå opp imot dei, seier direktør Inger Lise Blyverket.
– Dette er i utgangspunktet små summar for den enkelte, men det blir til stor inntening for selskapa. Det er umogleg å ta eit slikt gebyr til retten eller gå via forliksrådet, seier Blyverket.
Bjerga synest det er flott at Forbrukarrådet no tar saka til retten.
– Eg synest det er kjempefint at Forbrukarrådet som ei eining gjer det, og at det ikkje er mange småsaker med privatpersonar som må gjere det, seier Bjerga.
– For min del er dette ei prinsippsak om at ein skal tene pengar på å levere gode varer og tenester, ikkje på fakturagebyr.
Og no håper han at saka kan få følger.
– Eg håper, at det i etterkant av denne saka, viser seg at Riverty tar for høge fakturagebyr, og at fakturagebyra faktisk kan reflektere den kostnaden som selskapa har med å sende ut fakturagebyra.
Sluttar med omstridte faktura
Kjell-Rune Birkelund, dagleg leiar i finanseringsselskapet Riverty, er usamd i at gebyra er ulovlege.
Han skriv til NRK at parkeringsselskapa har ei heilt anna oppfatning av saka.
– Det gjer saka krevjande. Vi forstår veldig godt at forbrukere vil ha tilbakebetaling dersom det viser seg at gebyrene er ulovlige.
Sidan det er uvisst om ordninga er lovleg, har Riverty frå 1. november «slutta å kjøpe dei omstridte fakturaene fra parkeringsselskapene», skriv Birkelund.
Publisert 30.11.2024, kl. 14.20