BOK: På eit tidspunkt innser mange av oss at jula og livet ikkje vil bli som før. Aarø skriv sårt, men godt om akkurat dette.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Selma Lønning Aarø: Feliz Navidad. Roman. 261 sider. Cappelen Damm
Fleire av oss har kanskje opplevd eller høyrt om julefeiringar som verkar litt vel ambisiøse. Kor ein skal lage minst to typar julemat eller sameine tradisjonar og oppfylle samtlege ønske, sjølv om dei skulle vere sprikande og av og til direkte motstridande. Det er litt den kjensla eg får når eg byrjar å lese «Feliz Navidad».
Saga tar med seg mann, barn og foreldre til Spania heile jula. Faren er bekymra for mangel på kålrabi i Alicante, 14-åringen Alva ønsker å bli “tan” og sonen Hjalmar bruker for mykje rusmiddel, men har òg slått seg opp i bitcoinmarknaden. På toppen av alt har mora fått demens og lever for det meste i si eiga verd.
God, kaotisk jul, tenker eg berre.
Og ja, kaotisk blir det. For ikkje berre viser det seg at mora er langt verre enn Saga har fått med seg, men det oppstår òg problem som får Both Sides Now til å gå på repeat i hjernen og ein ser for seg Alan Rickman saman med ein viss raudkledd djevel.
Aarø grip meg når ho allereie på første side skildrar demens slik: “Et halvt år fra nå kommer mamma til å snu seg (...) for å sjekke om hun har glemt noe, (...) – og det har hun. Hun har glemt alt.” Det er noko med dei første sidene som er så effektiv og presis at eg som lesar får lovnadar om ei velskriven og gripande bok.
Dessverre følgjer ikkje resten av boka opp, og ei veksling mellom komedie og tragedie flyt langt frå knirkefritt. Kanskje fordi det verkar som om Aarø prøver å skape komikk ut av mora sin demens, men at alvoret samstundes er så stort at det skuggar for alt som kunne vore morosamt.
«Feliz Navidad» klarer å få fram sårheita over å miste nokon i nær familie. Kven ringer ein til og fortel om livet og små og store problem viss ein ikkje kan ringe mor? I tillegg kjem det tydeleg fram at høge forventningar og store planar ikkje alltid løner seg, men heller kan kollapse og bli ein klamp om foten. Eg skulle kanskje ønske meg ei meir disiplinert bok kor desse tematikkane var hovudfokuset, men i staden kjem ekteskapsproblem og småkranglar inn og tar for mykje plass.
«Feliz Navidad» er ei god julebok. Dessverre skortar det litt på historieforteljinga til at dette skal bli ein fulltreffar. Men som underhaldning fungerer ho godt, og ho er òg tidvis både rørande og gripande.
Publisert:
Publisert: 2. desember 2024 21:22