Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg

1 month ago 11



Equinor har eit av dei mest ambisiøse klimamåla i verda.

Innan 2050 har selskapet – som i dag nesten utelukkande produserer olje og gass – eit mål om å få ned netto-utsleppa til eitt tal.

Null.

Og det gjeld ikkje berre utslepp frå eigen produksjon (sjå sveipeboks).

Målet til Equinor inneber også utsleppa frå oljen og gassen når den blir brent.

Anders Opedal

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Så korleis går det eigentleg med planen?

– Vi har god framdrift. Det viktigaste vi gjer er å redusere våre eigne utslepp. Det er dei vi er ansvarlege for. Vi følger «forureinar betaler»-prinsippet.

Det seier konsernsjef Anders Opedal. NRK treffer han på Fornebu, kor han har lagt fram resultata for andre kvartal.

Eit breitt energiselskap?

Equinor ønsker å bli det dei kallar «eit breitt energiselskap». Derfor har selskapet dei siste åra kjøpt seg inn i sol og vind, i tillegg til diverse hydrogensatsingar.

Men per i dag, er likevel så å seie all energiproduksjonen deira fossil.

I 2023 utgjorde fornybar berre 0,4 prosent av den totale energiproduksjonen.

– Vi har sagt heile tida at vi har ein ambisjon, og vi har fokus på å ha lønnsam vekst. Og om vi må velje mellom lønnsam vekst og å oppnå ambisjonen, så vel vi alltid lønnsam vekst, seier Opedal.

Trass ei auka satsing på fornybar og lavkarbonløysingar, vil framleis selskapet i all hovudsak fortsette å produsere olje og gass.

Og det betyr utslepp.

Kutta i eigen drift

Utsleppa til Equinor kan bli delte inn i tre ulike kategoriar.

Dei to første kategoriane, direkte og indirekte utslepp frå eiga drift, er utsleppa Equinor har kontroll over.

Desse utsleppa har Equinor klart å kutte med over ein fjerdedel sidan 2015.

– Det er ein viktig del av vårt ansvar å sikre at vi kan produsere olje og gass med så låge utslepp som mogleg, seier Opedal.

Fram mot 2030 planlegg selskapet å halvere utsleppa frå eiga drift. Men for å få til dette, er dei heilt avhengige av landkraft for å elektrifisere sokkelen.

Noko som har vist seg å vere ei politisk betent sak.

Fem gonger så mykje som Noreg

Men dei verkeleg store utsleppa frå drifta til Equinor kjem frå oljen og gassen som blir selt og brent.

I dag utgjer desse utsleppa over fem gonger så mykje som Noreg sine utslepp samla. Equinor har ein ambisjon om at også desse utsleppa skal bli netto null.

På spørsmål om korleis Equinor har tenkt å redusere desse utsleppa, svarar Opedal at dei framover vil produsere meir utsleppsfri kraft i tillegg til å satse på karbonfangst.

– Kvifor reknar de eigentleg med utslepp frå sluttbrukar i klimaambisjonen dykkar?

– Vi har ikkje ansvaret for kategori 3-utslepp. Det er sluttbrukar som vel å sleppe ut CO₂, slår Opedal fast og legg til:

– Men for å sørge for at vi kan ha ei retning på selskapet og jobbe aktivt for å bruke dei forretningsmoglegheitene som det grøne skiftet gir, så har vi sat ein ambisjon om at totalt sett skal karbonintensiteten, med utslepp frå sluttbrukarar av energien vi produserer, vere lågare enn det den har vore tidlegare.

oljeplattform

Foto: Marit Hommedal / NTB

Den skal vel heilt til null i 2050?

– Ja. Det er det som er ambisjonen vår.

Dårleg strategi

Men det er ikkje alle som har trua på Equinor sine ambisjonar.

– Reint etisk høyrest det veldig bra ut. For aksjonærane trur eg det er ein dårleg strategi, seier aksjeanalytikar John Olaisen i ABG Sundal Collier.

Han meiner marknaden ikkje har trua, og viser til aksjekursen til Equinor den siste tida.

John Olaisen

UREALISTISKE: John Olaisen, som er aksjeanalytikar i ABG Sundal Collier, er ikkje «fan» av Equinors klimamål.

Foto: Marie Gjerver

Aftenposten skreiv tidlegare i juli om korleis Equinor-aksjen gjer det dårlegare i år enn andre oljeselskap som har mindre ambisiøse klimamål.

Olaisen får støtte frå kollega Teodor Sveen-Nilsen i Sparebank 1 Markets. Han meiner det er eit tidsspørsmål før Equinor er nøydde til å justere ned ambisjonsnivået for klimamåla sine.

– Vi er sikre på at dei er nøydde til å justere ned ambisjonsnivået. Når det skjer har eg ikkje peiling på, men det må ned, seier han.

Også fleire i miljørørsla har stilt seg kritisk til Equinor sitt klimamål.

Nestleiar i Norsk klimastifting, Anne Jortveit, har tidlegare kritisert selskapet for å mangle truverdige svar på korleis dei skal kutte utslepp frå sluttbrukar.

Framleis høge utslepp i 2030

Trass i at Equinor vil auke fornybarandelen dei neste åra, vil utsleppa framleis vere høge dei neste åra.

Equinor anslår at dei vil produsere like mykje olje og gass i 2030 som i dag. Det utgjer over fem gongar så mykje som dei totale utsleppa i Noreg i dag.

Kor mykje olje og gass vil de produsere i 2050?

– Vi har ikkje nokon prognosar, men tidlegare konsernsjef sa for ein del år sidan at vi regner med at produksjonen i 2050 er halvparten av det den var då, svarer Anders Opedal.

– Har du trua på at de kjem til å nå måla?

– Det får tida vise.

Hei!

Har du tips til kva eg bør skrive om? Eg er generelt interessert i kunstig intelligens, politikk, økonomi og energi. Send meg gjerne ein e-post eller ei melding på Signal +47 917 44 070. 

Publisert 26.07.2024, kl. 16.27

Read Entire Article