Ein aktivist skriv historie

1 month ago 26



Jonas Bals hyller den antifascistiske motstanden og motet, men er for opptatt av å ha rett.

Ein kan ikkje unngå å bli imponert over det enorme arbeidet han har lagt ned, skriv vår meldar om Jonas Bals’ storverk om antifascismens historie. Foto: Siw Pessar / Res Publica
  • Tom Hetland

    Tom Hetland

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

 4 out of 6

Jonas Bals:
Kampen fortsetter
Mot rasisme og fascisme 1940 til i dag
666 sider
Res Publica

Med «Kampen fortsetter» fullfører Jonas Bals det tobands storverket om antifascismens historie, i Norge og internasjonalt. Ein kan ikkje unngå å bli imponert over det enorme arbeidet han har lagt ned. Som den første boka, «Våre kamper», er også årets bok høgst lesverdig, med høg temperatur, sjølv om forfattaren til tider blir vel detaljert.

Dei første 300 sidene handlar om motstandskampen i Norge under krigen og om det som Bals meiner er eit ufullstendig oppgjer med fascismen i Europa i etterkrigstida. Desse kapitla inneheld ikkje så mykje nytt, men gir ei god oversikt. 

Den største augeopnaren i framstillinga er nok den sentrale rolla den svenske nazismen spela, både før, under og ikkje minst etter krigen. Under leiing av naziføraren Per Engdahl vart nabolandet eit nav for gjenoppbygging av eit fascistisk nettverk i Europa, hevdar Bals.

Ein personleg kamp

Midtvegs i boka blir det personleg. På 1990-talet var Jonas Bals ein del av Blitz-miljøet i Oslo og sterkt engasjert i militant antifascistisk kamp. Han drøftar sjølv om det er rett at han som deltakar skriv om dette, og gir det så stor plass. Bals konkluderer med at det er forsvarleg så lenge han spelar med opne kort. Og ei skildring frå innsida av kampane og konfliktane, også dei interne motsetningane, har sin verdi som alternativ og supplement til anna historieskriving, meiner han.

Det er eit ærleg utgangspunkt, og det er sjølvsagt av interesse å få eit blikk bak kulissane i eit miljø som framstod som lukka og mystisk for 99 prosent av folket. Dei nynazistiske gruppene var på si side heller ikkje store, men Bals leverer omfattande dokumentasjon på at dei var livsfarlege, heilt til det kulminerte med drapet på Benjamin Hermansen i 2001. Først då vakna politikarar, politi og folk flest og såg alvoret i trusselen – den som det antifascistiske aktivistmiljøet for lengst hadde forstått og var villig til å kjempa mot med vald om nødvendig.

Det er essensen i Bals sin versjon. Men sjølv om han er ærleg om subjektiviteten sin, blir han i overkant insisterande, og kjeldebruken får etter kvart preg av eit ekkokammer. For eksempel polemiserer han fleire stader mot ekstremismeforskaren Tore Bjørgo, som slo til lyd for ei meir dialogisk tilnærming til dei nynazistiske miljøa. Det kan henda at det var uklokt og urealistisk, men Bals hadde stått seg på å la Bjørgo få koma med sin versjon.

Sjølvkritikk manglar

Aktivisme-perspektivet skin også gjennom når Bals mot slutten tar for seg framveksten av det nye ekstremhøgre i Europa og USA. Også desse kapitla ber preg av stor kunnskap og innsikt i høgreradikalismen sine arbeidsmåtar og ideologi – framstillinga av Putins russiske nyfascisme er rett og slett glimrande.

Ein stad minner forfattaren seg sjølv og lesaren om AUF-aren Finn Moes åtvaring i 1934, om at det ikkje hjelper å «male faen på veggen til enhver tid», men at ein må by på noko som er betre. Likevel er det i praksis oftast den militante og moralsk motiverte motstandskampen han hyller og etterlyser, «å ta oppgjøret». Dermed kan det sjølvkritiske blikket bli fråverande, og blindflekkar oppstå.

Politikk handlar om å vinna kampen om fleirtalet. Og kanskje er det lettare å sjå det nå, etter det store nederlaget i USA, at å stempla Trump som «fascist» ikkje var nok til å skremma veljarane. Dei etterlyste i staden eit alternativ som kunne gi dei ein lettare og tryggare kvardag.

Som me lærte av Roosevelt og Nygaardsvold i 1930-åra, er dette i høgaste grad også antifascistisk kamp. Truverdig krisepolitikk slo tilbake den fascistiske trusselen i USA og Skandinavia. Men materielle forklaringar og økonomisk politikk har overraskande liten plass i Bals si framstilling. Han stiller ingen spørsmål ved at venstresida langt på veg har overlate globaliseringskritikken til ytre høgre, og han problematiserer ikkje dei ekstreme utslaga av identitetspolitikken. «Fascister hater rett og slett frigjøring, og det er ingen de hater mer enn dem som frigjorde seg sist», slår han fast.

Jonas Bals har tenkt mange kloke tankar. Men også tankar som er for enkle og lettvinte.

Publisert:

Publisert: 4. desember 2024 10:38

Read Entire Article