Ei buform for framtida?

1 month ago 27



Liaparken burettslag

I Liaparken er leilegheiter og småhus plassert saman i skjønn foreining.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Då Caroline Ramfjord, David Madsen Løken og dottera Andrine skulle finne seg ein stad å bu, ville dei helst ha einebustad.

– Men det blei småhus i første omgang. Det var det vi hadde moglegheit til, seier Caroline.

Småhuset ligg i Liaparken burettslag i Åsane i Bergen.

Her har dei 72 kvadratmeter med stove, kjøkken, bad og to soverom.

Caroline Ramsjord, David Madsen Løken og dottera Andrine på terrassa i Liaparken burettslag

Med småhus på enden, får den vesle familien ein del privatliv, men det er nok av moglegheiter til sosialisering.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Deler på goda

Men Liaparken er ikkje som alle andre burettslag.

Her deler bebuarane på gjesteleilegheiter, selskapslokale, treningsrom, verkstad, gjenbruksrom og hobbyrom. For å nemne noko.

– Vi slapp å betale for mykje for ekstra rom, seier David.

– Det vi ikkje brukar til kvardags, kunne vi heller ha når vi trengde det, seier Caroline.

Ute er det store område med leikeplassar, terrassar, benkar, planter og busker.

Dei kan også reservere kajakk, elbil, elsykkel og elsparkesykkel via ein app når behovet melder seg.

Leikestativ i forgrunnen, med Liaparken burettslag i bakgrunnen.

Leikeplassen er open for alle, og er ein god stad å bli kjent med naboen.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Ein renessanse for delekulturen

Bebuarane i Liaparken er nokre av mange som vel å bu tettare på naboen.

I Noreg ser vi ein aukande trend når det gjeld sosiale buformer. Iallfall ei aukande interesse for det. Det blir også bygd ein del fleire sosiale buformer, både i Bergen og i Noreg generelt.

Det seier Tina Larsen som er seniorarkitekt i Byarkitekten i Bergen kommune.

Å bu på denne måten er eigentleg ikkje noko nytt fenomen. I etterkrigstida vart det bygd mange burettslag med felles kjøkken, vaskerom og uteareal.

Byrådsleiar Harald Schjelderup

– Etterspørselen etter sosiale buformer aukar, og vi opplever stor interesse blant bebuarane, seier Schjelderup.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Dei siste tiåra har nordmenn blitt både rikare og meir individualistiske. I tråd med det har burettslag med store fellesområde og mykje deling blitt mindre populært.

Men no ser bustadbransjen ein mottrend.

Det fortel Harald Schjelderup, som er administrerande direktør i det bergenske bustadbyggelaget BOB.

Interessa for deling og sosialisering er tilbake. Enten fordi vi vil, eller fordi vi må.

– Det som var vanleg for nokre tiår sidan har fått ein ny renessanse, seier Schjelderup.

Reparerer syklar og byter bøker

Rune Kilen, som sit i burettslagsstyret i Liaparken, viser oss staden han gav elsykkelen sin eit lengre liv.

– Eg har ein elsykkel eg har brukt til og frå jobb i mange år. Eg gjorde alt av reparasjon her inne. Har skifta alle komponentar og drivverket. Så då stod eg her, seier Rune Kilen.

Rune Kilen kikar på sykkelen til Bjørn Haugland.

Rune Kilen tek ein god titt på det nye sykkelhjulet til nabo Bjørn Haugland.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

For her på verkstaden kan bebuarane ta turen om noko treng reparasjon eller snikring.

No er det Bjørn Haugland som har reparert sykkelhjulet sitt. Slikt blir ein blid av.

Bjørn Haugland viser fram sykkelen sin

Bjørn Haugland med sykkelen sin.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

– Eg skal setje på plass pumpa eg, seier Bjørn.

– Viss ikkje får eg vel kjeft av deg, legg han til og smiler lurt mot Rune.

På veggen heng ei mengde verktøy på rekke og rad. Dei kan alle ta i bruk på verkstaden, eller låne med seg heim. Så lenge ein ryddar etter seg og returnerer det ein låner.

Verktøy heng på rekke og rad på veggen

I staden for at alle bebuarane skal ha kvar sin hammar, skrujern og sag, kan dei dele på verktøyet på verkstaden.

Foto: Laurita Fure Briceno

Nokre dører unna ligg gjenbruksrommet. Rune er eigentleg på veg til trimrommet, men først har han eit lite ærend her.

Han har nokre bøker han ikkje treng å lese fleire gongar. Då kan heller ein god nabo få glede av dei.

I desse hyllene kan alle setje frå seg, eller ta, det dei vil. Her står alt frå servise, pyntegjenstandar og blender til gardiner og bøker.

Alt førast opp i boka.

– Dersom ingen har henta gjenstanden i løpet av tre månadar, så må ein kome og hente den igjen, seier Rune.

Det skal ikkje bli til eit søppelrom.

Rune Kilen i gjenbruksrommet med hyller og gjenstandar rundt seg. Han held tre bøker han skal legge i hylla.

Rune Kilen sjekkar kvar det er plass til bøkene han leverer inn.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK
Hand plasserar bøker i bokhylla

Bøkene plasserast fint i hylla, klare til neste leseglade nabo.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK
Hender som held ei notablokk og ein penn.

Alle gjenstandar skal loggførast.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

– Må bu tettare og dele på meir

Med ei aukande befolkning og sentralisering må folk bu tettare for å unngå å bygge ned for mykje natur.

– Det er ein langt meir ressursvenleg og miljøvenleg måte å leve og bu på. Skal vi bu tettare, så trur eg også vi må vere innstilte på å dele meir, seier Schjelderup i BOB.

Seniorarkitekt Larsen trur at sosiale buformer kan løyse mange av miljøutfordringane i dagens bustadmarknad.

Tina Larsen, seniorarkitekt i byarkitekten i Bergen kommune

– Ein kan gå saman og ha éi sirkelsag, éi vaskemaskin, éin bil, i staden for ti, seier Tina Larsen.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Å nedskalere privat areal bidreg til det grøne skiftet. Ein kan dele på areala, sann at ikkje område står tomme store delar av dagen. I tillegg minimerer vi behovet for eigne innkjøp, seier Larsen.

Framande naboar blir til gode vener

No har klokka blitt kvart over seks i burettslaget i Åsane. Utanfor døra med skrifta «Hobbyrom» på seg, høyrer ein latter og muntre stemmer.

Hobbykvelden har nemleg starta for femten minutt sidan.

Her har nabodamene samla seg for å strikke, sy, måle og sist. Og ikkje minst: preike.

Hobbykveld i Liaparken. To damer målar bilete og smiler.

På hobbykvelden har ukjente naboar blitt til gode vener.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

– Det er kjekt med litt selskap.

– Ja, det er kjekt med litt forandring.

– Også er det jo sosialt!

– Ja, det er fint å bli kjent med naboane, seier dei medan strikkepinnane går.

Tone Skjønberg, Inga Kilen, Reidun Vik Folkedal og Alise Askeland er nokre av damene som synest det er kjekkare å sitte her enn heime i stova.

Tone Skjønaberg og Inga Kilen pratar og ser på kvarandre medan dei strikkar.

Naboane Tone Skjønberg og Inga Kilen har blitt gode venninner.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Nesten ingen av dei kjende kvarandre før dei flytta inn. No er dei gode vener. Og det er ikkje berre på hobbykveldane dei treffest.

– Fleire av oss er jo med i turgruppa også.

– Korgfestar har vi hatt.

– Lesering har vi, og bridge!

– Quiz har vi og!

Lenger borte i korridoren har Rune kome seg til trimrommet.

Det er utstyrt med manualar, tredemøller, trimsykkel, ellipsemaskin og meir.

Naboen har allereie tatt tredemølla, så då får Rune ta ellipsemaskina. Men han smiler likevel.

Nabo og Rune Kilen på tredemølle og elipsemaskin i trimrommet.

Trimrommet er alltid ope for trening eller ein liten prat med naboen.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Bygger seg ut av einsemda

Det er ingen tvil om at det er gode moglegheiter for å sosialisere når ein bur i Liaparken.

Både Schjelderup og Larsen trur einsemd er ein av årsakene til den auka interessa for sosiale buformer.

– Einsemd er utbreidd i befolkninga generelt. Både hos eldre og yngre, som ser at det å bu sosialt kan vere ei investering i eiga helse og trivsel, seier Larsen.

Ho meiner at vi kanskje har bygd nok bustader som leiar folk inn i einsemda.

– No er det på tide å satse på sosiale buformer og bygge oss ut av einsemda, seier Larsen.

Med gode arkitektar, som kan bygge slik at det er naturleg for folk å setje seg og slå av ein prat, trur ho det er mogleg.

Liaparken burettslag med hus og leiligheiter tett i tett

Bustadene er utforma slik at ein enkelt kan ta kontakt med naboen, men også skal ha moglegheit til privatliv om ein ønskjer det.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Høge prisar pressar folk saman

I Liaparken betalte Caroline og David det same som dei ville gjort for ei leilegheit i same storleik, men her har dei fått mange bonusar på kjøpet.

– Vi følte vi fekk mest for pengane her, seier Caroline.

David Madsen Løken og dottera Andrine står i døropninga mellom stova og soverommet.

I småhuset har familien dei mest nødvendige romma og kan trekke seg tilbake.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Slike sosiale burettslag har også dukka opp i Oslo, Stavanger og andre stadar dei siste åra. Og mange nye er under planlegging.

Arkitekturpsykolog Oddvar Skjæveland trur pris er ein av dei største drivarane til at folk vel å bu på eit litt mindre privat areal og dele meir med naboen.

– For 30 år sidan kosta det 1,5 årsinntekt å kjøpe 50 kvadratmeter. I dag trur eg det kostar 3,7 årsinntekter. Og då er det klart at viss ein kan dele litt på ting, så er det ein fordel, seier Skjæveland.

Gode gjerde gir gode naboar?

Med tilpassa skiljeveggar mellom terrassane, kan bebuarane i Liaparken sitje i fred og ro. Men om dei vil sosialisere er det berre å ta eit steg fram.

Arkitekturpsykolog Oddvar Skjæverud pratar og peikar mot skiljeveggen mellom terrassene i Liaparken burettslag.

Arkitekturpsykolog Skjæveland trur sosiale buformer fungerer best dersom arkitekturen gjer det valfritt å sosialisere, slik som med gjerda i Liaparken.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

At gode gjerde gir gode naboar, er eit kjent uttrykk og ei sanning for nokre.

I prospektet til Liaparken seier dei at «gode naboar deler på goda».

Carsten Pihl

– Det blir bygd fleire leilegheiter både på store og små stadar. Då blir det mindre plass til kvar, og behov for fleire fellestenester, seier Pihl.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Carsten Pihl er leiar for politikk, samfunn og berekraft i Huseierne. Han trur ein mellomting må til, for at slike sosiale buformer skal ha livets rett.

For at dette skal fungere godt over tid, bør det vere klare og tydelege reglar for dei som skal bruke fasilitetane.

Utan klare reglar trur han det fort oppstår gnissingar og irritasjon.

At den sosiale buforma er komen for å bli, det er det stor semje om i både hos Huseierne, bustadbyggaren, arkitekturpsykologen og byarkitekten.

Men bur folk sosialt og deler på goda fordi dei må eller fordi dei vil?

– Våre erfaringar er at det er ei god blanding. Det er både fordi ein er nøydde til det, og fordi ein har lyst å bu slik, seier Pihl.

Eit burettslag for dei omgjengelege

Då Caroline og David skulle flytta inn i Liaparken var dei spent på korleis det kom til å bli.

– Det var litt fram og tilbake på kor sosialt det blir. Er det sann at naboane liksom er på terrassen vår?

Med endebustad har den vesle familien foreløpig ikkje hatt naboar luskande utanfor vindauget. Dei er godt kjende med dei næraste naboane og slår gjerne av ein prat med dei treffer i gangane.

Andrine held ein bamse i handa medan ho lenar seg inn til rekkverket på terrassa.

Andrine og foreldra trivst godt med den sosiale buforma.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Så foreløpig er dei ikkje skremde vekk, men dei meiner at ein skal vere glad i folk for å bu slik.

Du bør vere ganske omgjengeleg, tenker eg. Dette er ikkje eit burettslag for dei som er inneslutta og sjenerte. Du må like å dele, seier David.

– Ja, og du må like å hive deg på lesesirkel eller quiz, legg Caroline til.

Publisert 26.07.2024, kl. 23.45

Read Entire Article