BOK: Ungane sit for mykje framfor skjermen. Då er Krystallnatta neste.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Jan Grue: Det kinesiske rommet. Roman. 381 sider. Gyldendal.
Kunstig intelligens (KI) er omdiskutert, og forfattarar er blant yrkesgruppene som fryktar dei i framtida kan bli utraderte. Kan me snart berre trykka på ein knapp og få ut litteratur utan hjelp av menneske? Og blir denne litteraturen då straumlinjeforma og preglaus?
Jan Grue (f. 1981, debut 2010) skreiv nyleg i Aftenposten at han prøvde å skriva romanen «Det kinesiske rommet» med hjelpemiddel som ChatGPT, utan hell. KI klarte ikkje vera kreativ og original som eit menneske, ifølgje Grue, som difor måtte gjera jobben sjølv.
«Det kinesiske rommet» blir kalla ein «filosofisk thriller», og handlar nettopp om at kunstig intelligens tar kontroll over verda, med uhyggelege følgjer. Ei uforklarleg sjølvmordsbølgje ved OsloMet-universitetet blir bagatellisert av dei tilsette. Studentane begynner på si side å forfekta nærast nazistiske synspunkt om at gamlingar og alvorleg sjuke lever uverdige liv, og derfor bør avlivast. Ein av få som reagerer på utviklinga er Philip Vinge, filosof ved universitetet.
Eg har ingenting imot pessimisme og misantropi, tvert imot, men Grue klarer ikkje finna ein framstillingsmåte og eit språk som er raffinert og originalt nok til å gjera eit slikt innhald truverdig. I staden sit eg med ei kjensle av å lesa ei blanding av ein gymnas-stil frå Kongsgård, ein venstrevridd konspirasjonsteori og manus til skrekkfilmar eg såg for 10–15 år sidan. Satiren er for enkel, samfunnskritikken for lett å gjennomskoda. Ungane sit for mykje framfor skjermen. Då er Krystallnatta neste. Grue har ein tendens til å gjenta desse synspunkta i overdriven grad, i ein påtrengjande, polemisk tone, som nok passar betre i sakprosaen hans. I ein roman, som her, verkar det som han står med ropert og brøler bodskapet inn i øyra til lesaren. Det er krystallnatt, krystallnatt og atter krystallnatt.
Forteljemåten er nærast kopiert frå Maja Lundes og Johan Harstads teknikk med unødvendige repetisjonar av det same poenget via ulike bi-historier. Grepet kjennest utbrukt og bevisstlaust – dei stadige skifta prøver å skapa ein illusjon av dynamikk og framdrift, utan at noko slikt eigentleg eksisterer. Vinges blasse, «kånete» og PK akademikar-personlegdom maktar ikkje å skapa driv, og romanen er lenge treig og stilleståande. Samanhengande og saumlaus, men sjellaus.
Norske forfattarar treng altså, ironisk nok, ikkje frykta at KI i framtida skal laga litteratur som er flat, preglaus og generisk. Det klarer dei fint på eiga hand allereie, noko denne boka er eit ganske trist døme på.
Publisert:
Publisert: 26. november 2024 10:53