I ei rettsavgjerd frå 26. september slår dommaren fast at Trump gjorde seg skuldig i bedrageri medan han bygde opp eigedomsimperiet sitt.
Sjølve rettssaka kjem derfor til først og fremst å handle om kor mykje han og dei andre som også er saksøkte, må betale i erstatning.
Tre av dei vaksne borna hans er blant dei medsaksøkte - Donald Trump Jr., Eric Trump og Ivanka Trump.
Donald Trump og tre av borna hans er skulda for omfattande svindel. Frå venstre Eric, Donald Jr., Ivanka og Donald Trump.
Foto: Gary Cameron / ReutersSkal ha blåse opp formuen
Ifølgje avgjerda skal eigedomsselskapet til Trump ha lurt bankar og forsikringsselskap til å tru at eigedommane hans var meir verdt enn dei var, slik at det gav billegare lån, forsikringar og lågare skatt.
Trump skal også «gjentatte gonger» ha blåse opp formuen sin – med opptil 3,6 milliardar dollar (nesten 40 milliardar kroner) – til bankar og forsikringsselskap.
Letita James, statsadvokat i New York.
Foto: Kathy Willens / AP– Ingen er over lova
– Ingen er over lova, sa statsadvokaten i New York, Letita James kort tid før rettsmøtet starta. Og ho la til:
– Same kor mektig du er, same kor mykje pengar du trur du måtte ha, er ingen heva over lova.
I eit over 200 sider langt dokument hevda statsadvokaten at svindelen omfatta alle delar av Trump-selskapet, inkludert eigedommar og golfbaner.
Donald Trump har kategorisk avvist skuldingane.