KOMMENTAR: Det er uanstendig av oss, det med å halda oss med ein kongefamilie.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Ein kongefamilie må synast. Som kongelege. Og som familie. Dei må vera ute og representera, visa seg fram, delta, forstå folket. Vera litt over oss, men ikkje for mykje. Litt vanlege. Men ikkje for mykje av det heller. Litt private. Men ikkje meir enn at vi alle må få meina noko om dei. Til ei kvar tid.
Heile livet
Dei kan ikkje berre trekkja seg ut. Det har vi bestemt. Dei er kjendisar heile livet, uansett korleis det livet måtte utspela seg. Å vera kjendis heile livet i vår tid, betyr at alt dei seier og gjer, kan og vil bli omtalt til ei kvar tid, omtrent 24 timar i døgnet. Bortsett frå når vi bestemmer oss for at vi vil beskytta dei mot nettopp det. Og i staden gjer dei opphøgde og privilegerte.
Og herlighet, som vi synest vi kan meina noko om dei nå. Om kven Mette-Marit er som mor, kven dei er som foreldre, korleis dei har oppdratt Marius eller ikkje oppdratt Marius, kvifor dei har latt alt dette få halda på, kvifor Mette-Marit varsla han om at politiet kom, kvifor rydda ho i huset hans, seier ikkje det noko om henne som mor, at ho driv og ryddar etter ein vaksen mann på 27? Kvifor kontakta ho ei av dei berørte kvinnene, kvifor seier dei ikkje meir enn dei gjer, kvifor er dei ikkje meir opptatte av alle dei berørte i den etter kvart lange lista av forhold Marius Borg Høiby er tiltalt for? Og har ikkje Marius alltid vore gullklumpen til mamma?
Alvoret
Marius Borg Høiby har innrømt vald og skadeverk mot sin dåverande kjæraste, den første gongen han blei pågripen, i august i år. Han har også innrømt å ha trua ein mann. Han er i tillegg sikta for vald i nære relasjonar mot to andre ekskjærastar. Før han denne veka har blitt sikta for to valdtekter utan samleie. Mot to andre kvinner. Nå sit han i varetekt.
Det må vera umenneskeleg å stå i. For alle involverte. Også for kronprinsparet, som det ville vera for alle foreldre. Men dei fleste av oss andre ville få sleppa å høyra eller lesa kva andre foreldre meiner om oss. Kor mange som trekkjer slutningar om kven du er, kor og når du har svikta, som menneske og forelder. Kor mange som meiner noko om kva slags personlege eigenskapar du har, ikkje har, eller heller burde hatt. Midt i ei livskrise.
Det er uanstendig, det vi driv med nå. Men det ville også vera uanstendig om vi alle var heilt stille om heile saka. Det ville vera å innrømma at dei mest privilegerte blant oss har eit vern vi ikkje på noko vis kan innrømma dei å ha. Vi kan ikkje openlyst gi dei heilt andre spelereglar enn vi andre har.
Spørsmåla om kor mange som har visst om dette i lang tid, om det hadde blitt stansa før, hadde Marius Borg Høiby ikkje vore sonen til kronprinsess Mette-Marit, dei kjem sjølvsagt også. Kongefamilien har privilegium, blir dei misbrukte, er det maktmisbruk. Så mykje kan dei ikkje stå over oss andre. For samtidig som vi held oss med eit kongehus, insisterer vi også på at likeverd er den viktigaste verdien i samfunnet vårt.
Ein familie
Nei, eg er ingen ivrig republikanar, eg går ikkje rundt og ventar på ein sjanse til å avskaffa monarkiet. Men dei der to hestane vi prøver å ri samtidig, der ein familie i dette landet må stå – og får stå – i ei rolle vi har bestemt for dei livet ut, samtidig som alle andre skal vera frie til å bli kva dei vil, leva med kven dei vil, tru på kva dei vil? Det går jo ikkje.
Og endå verre, faktisk: Denne familien har som yrkeskvalifikasjon at dei er familie. Dermed kan det som for oss andre er personlege forhold, kritiserast heilt opent. Utan at det krevst innsikt i kva som stemmer eller ikkje. Og utan at dei som blir diskuterte og kritiserte kan trekkja seg tilbake. Det vil i grunnen vi bestemma om og når dei kan eller ikkje. Og det blir ikkje, for vi er jo så glade i dei.
Alternativet ville vera å la dei vera i fred. Det kan vi heller ikkje driva med. For det første lever dei av å vera offentlege, for det andre vil vi vel heller ikkje ha eit samfunn der dei mest privilegerte får leva liva sine i fred for oss andre.
Eg skulle ønska eg kunne slutta meg til dei som seier at jo, dette går fint for kongehuset. Det er familien som er i krise, ikkje kongehuset. Men kongehuset er ein familie. Det går ikkje å trekkja det skiljet der.
Og eg synest det er uanstendig av oss å lata som at det går.
Publisert:
Publisert: 21. november 2024 19:33