KOMMENTAR: På innpust og utpust høyrer vi at alle som kan, må jobba. Kan det vera at sjukelønnsordninga bidreg til det? Som den er?
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Logikken synest enkel: Tiltaka i den 24 år gamle IA-avtalen har ikkje fått sjukefråværet ned. Men sjukelønnsordninga har ikkje blitt endra. Altså må svaret vera å endra den.
Folk
Det enklaste når noko handlar om folk, er vel å sørgja for at folk tar seg saman? Plassera det der. Hos dei andre. Dei vi ikkje heilt veit kven er, men alle har høyrt om, dei som ikkje er like pliktoppfyllande som oss andre.
Vi er strenge på sånt i Norge. På sosiale normer, på korleis ein kan oppføra seg og ikkje. Ei undersøking frå ein del år tilbake viste at vi var på linje med land som Pakistan og Sør-Korea der. Noko forskarane den gongen klødde seg og klødde seg og klødde seg for å forstå. For vi er eit rikt, fritt land med små forskjellar. Det skulle ikkje vera sånn her.
Men vi er vant til å tenkja at vi er ganske like. I same båt. Og kanskje at vi må vera det, skal det fungera. Det kan jo fyra opp under mistanken om at nokon – og fleire enn ein skulle tru – har lagt seg makeleg til rette oppå alle goda vi andre ber på våre skuldrer, og forsyner seg uhemma av alt vårt strev.
For sjukefråværet vårt ligg skyhøgt over andre lands. Det må vel bety at nokon av oss sluntrar unna? Og at vi kan ta det ned, stramma inn på den ordninga, utan at det slår ut i andre kostnader? Eller gjer liva våre meir ulike?
Ikkje så sikkert
Det kan vera at vi kan det. Men det er slett ikkje sikkert. For sysselsetjinga vår er også høg. Og det er også sånn at sjukefråværet går opp når sysselsetjinga gjer det. Når mange av oss er i jobb. Som nå. Det kan vera fordi utsette grupper då kjem inn i arbeidslivet. Dei som ikkje alltid er heilt friske, dei som ikkje alltid kan gønna på. Dei er det jo veldig mykje snakk om. Kor viktig det er, at dei er inne i arbeidslivet.
Den rause sjukelønnsordninga vi har kan jo gjera det lettare for dei. Fordi alle, uansett utdanning og lønn og arbeidsplass, er sikra full lønn frå dag éin og i tolv månader. Dei som må henta seg inn av og til, dei som treng tid for å koma seg etter langvarig sjukdom, dei som har eit krevjande liv.
Det kan også vera at sjukefråværet kryp oppover i gode tider, fordi tempoet blir høgt på arbeidsplassen. Rundt 30 prosent av sjukefråværet vårt er knytt til arbeidsplassen. Det kan handla om for låg grunnbemanning, for belastande turnusar, for dårleg leiing. Det finst eksempel på arbeidsplassar som har klart å halvera sjukefråværet ved å leggja om turnus og arbeidsbelastning. Sjølv om slikt er kjedelegare å snakka om enn at folk må ta seg saman.
Det kan også vera at folk i dårlege tider er reddare for å vera sjukmeld lenge, og kjem seg fortare tilbake på jobb.
Bankebrett-modellen
Så har vi bankebrett-modellen. Der ein figur sprett opp når du dryler ein annan ned. Viss vi nå tenkjer oss at velferdsordningane er figurar på eit slikt bankebrett, så er det ikkje sikkert det hjelper å dryla ned sjukelønnsordninga. Kanskje ramlar fleire heilt av, og over i arbeidsløyse-figuren? Så den sprett opp? Eller blir det trygdefiguren?
Dessutan ser ikkje slike bankebrett heilt like ut i ulike land. Mens vi har dobbelt så høgt sjukefråvær som Sverige, har dei meir enn dobbelt så høg arbeidsløyse som oss. Mens vår figur for å vera heime med sjuke barn er på ti dagar i året, er den i Sverige på 120 dagar. I land som har svakare vern om retten til å stå i jobb, kan du hamna over i arbeidsløysestatistikken om du ikkje blir frisk fort nok.
Forskjellane
Men alt dette betyr vel ikkje at vi ikkje kan røra sjukelønnsordninga? At vi ikkje kan innføra eit par dagar utan lønn, eller kutta lønna ned til 80 prosent for dei som er sjuke lenge?
Kan vera det. Men det vil gå mest utover dei som er oftast sjuke. Og det er vel dei vi gjerne vil gjera det enklare for, det med å stå i jobb?
Og det vil gå mest utover dei som har dei dårlegaste ordningane og lågaste lønningane. Fordi vi andre kjapt vil forsikra oss eller forhandla oss fram til betre ordningar.
Det er jo ein del snakk om at vi må bremsa dei aukande forskjellane i Norge også. Gode ordningar som gjeld alle, er med på å halda slike forskjellar i sjakk. Sjukelønnsordninga er ei slik ordning.
Og den er ganske god å ha viss du er på veg tilbake etter sjukdom. Eller viss du endeleg har klart å koma deg inn i arbeidslivet. Fordi alt ikkje står på spel heile tida. Fordi du kan vera litt sjuk, utan å ramla av igjen. Du kan vera sjuk utan at resten av livet raknar rundt deg. Det er jo ganske fint, for den det gjeld. Og for dei som meiner landet treng fleire i arbeid, og små forskjellar mellom folk.
Verdt å nemna
Langtidsfråværet vårt har gått kraftig opp sidan 2019. Men ser vi det over dei siste 25 åra, har det vore ganske stabilt. Høgt nå, og i 2003 og 2009, lågare andre år. Men mest av alt ganske stabilt. Er det nå det vil ta heilt av?
Eg veit jo ikkje det. Ikkje det heller. Eg ville berre nemna eit par ting: At det ikkje er sikkert vi både kan få ned sjukefråværet og få opp kor mange sjuke som klarer stå i jobb. At det ikkje er sikkert folk blir friskare sjølv om vi straffar dei litt meir for å vera sjuke.
At det ikkje er sikkert alle har like høg kapasitet for arbeidslivet. At det ikkje er sikkert alle arbeidsplassar er eigna til å halda folk friske. At det ikkje er sikkert vi blir likare av at dei svakaste får den tyngste børa.
Og det er slett ikkje sikkert at sjukelønnsordninga vår tener samfunnet dårleg.
Publisert:
Publisert: 24. januar 2025 11:00